torsdag 21. januar 2021

Kamp for Noreg - eller planlagt folkemord?


Boka til Sigurd Sørlie: Solkors eller Hakekors (Dreyers Forlag, Oslo 2015), er grundig og gripande. Som bøkene eg nemner i bloggen, viser boka heilt tydeleg at dei frivillige norske soldatane var med i eit av dei største folkemorda i Europa. I norsk etterkrigstid er dette ei sanning som har vorte oversett - bevisst eller ubevisst.  Det eg vil fokusera på i dag, er nordmennene som let seg verva. Kva folk var det? Kvifor gjorde dei det? 

Ut frå det eg har lese før, og i denne boka, trur eg det massive fokuset på den (pan-)ariske rasen, eugenikken og ikkje minst den antibolsjevikske propagandaen har mykje av skulda. Desse tankane fekk stor plass i aviser, blad og bøker, i undervisnings-systemet og i eit relativt nytt medium: filmen. Av dei propagandaplakatane som vart brukte, tok eg ein med i sist blogg, den med soldaten som spiddar jøde-kommunistane (slangane). I denne bloggen får du andre plakatar. «Den evige jøden» var ein av dei tyske filmane som vart rekna som effektiv i den ideologiske oppdragelsen, skriv forfattaren (s. IV og VII i boka).

 

Kven var dei frivillige som melde seg til teneste?

Boka tek dette opp frå side 90 og utover. Svaret er at her var «skole-elever, studenter, advokater, offiserer, leger, prester, lærere, håndverkere, skogs- og indistriarbeidere, fiskere og småbønder». Gjennomsnittsalderen var mellom 19 og 23 år, og 44 % hadde vidaregåande eller høgare utdanning. Tilsvarande i norsk militærteneste var 17%. Geografisk fordeling tyder på at rekrutteringa til Waffen-SS var først og fremst eit urbant fenomen. Oslo hadde desidert flest. Deretter kom Hedmark, Buskerud og Austfold, Oppland, Telemark og Sør-Trøndelag. Færrast var det frå Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Sogn og Fjordane (s. 90-92).

Tre propagandaplakatar vist i denne boka

Er det urimeleg å tenkja at der – i urbane strøk – var folk meir opptekne med dei medium nazistane brukte for å spreia si doktrine?


* Politisk orientering.
Sørlie skriv: «Mye tyder på at en betydelig andel av dem som under krigen gikk i tysk teneste, var medlemmer av NS allereie før okkupasjonen» (s.100). Ein del melde seg inn etter at dei hadde verva seg, og nokre få melde seg aldri inn i NS.


* Motiv?
Motiveringa den enkelte hadde, er det vanskeleg å setja seg inn i, men eitt kan ha vore avgjerande. «For Norge – mot bolsjevismen» er eit av motiva under kapittel (s. 104ff). Den russiske revolusjonen og utreinskingane der, hadde sett støkk i heile Europa. Dermed var dette ein krig for å forsvara Noreg like mykje som Tyskland. 

Til kamp mot den bolsjevikske fåren..

Denne tanken vart så kombinert med antisemittisme og rasisme. Teikninga av den norske SS-soldaten i krig «Mot bolsjevisme og pengevelde» (sjå tidlegare blogg), er tydeleg nok. Og – dessverre – var ein stor del av krigsinnsatsen på Austfronten å drepa sivile, jødar og ikkje-jødar, og russiske soldatar som vart tekne til fange. Mellom dei russiske soldatane som vart tekne, dårleg utstyrde, utsvelte og tørste, var mange med mongolske trekk. Dei og var «Untermenschen» som jødane. Stilisert ser du han i plakaten «Front mot bolsjevismen: Hvor står du i dag?»


Denne sida av propagandaen vart forsterka av bilete av mishandla døde, mishandling som skulle ha  skjedd før dei tyske soldatane «befridde» folket, men som enkelte mistenkjer var laga til for å rettferdiggjera dei nazistiske troppane sine overgrep. 


Korleis forklarte soldatane folkemordet dei hadde vore med på? Boka tek opp dette i underkapittelet: «Hvorfor drepte de?» (s. 321 ff). Studier viser at soldatane oppgav fire grunnar:


1. Tvang, enten at dei var i ein tvangssituasjon, eller at dei var under «ordre».
Dette argumentet var det viktigaste norske politimenn og andre brukte for å forsvara seg etter krigen. Dei «handla etter ordre» og kunne dermed skuva skulda for handlingane over på tyskarane.


2. At det vart utført av folk med «avvikende personlighetstrekk», dvs.at krigen gjorde dei til drapsmaskiner som ikkje hadde normal empati.
Når eg har lese korleis til dømes Per Pedersen Tjøsland og andre skildrar flokkar med jødar som «kveg» som drive til slakting, jødiske landsbyar som «slaktehus» osv., så er det reaksjonar langt frå det normal oppførsel og empati.

Baksida på Westlies bok "Fars krig"

3. At desse overgrepa var ein del av den tyske «kulturen», slik Daniel Goldhagen hevda på 1990-talet. (s.322). For meg er den tanken urimeleg.

4. At situasjonen desse soldatane kom opp i, skapte «gruppedynamikk og sosial samhandling», noko som mellom anna amerikansk psykologisk forsking på 1950-60 taler var oppteken med.

Om dette forklarar alt, og kva som er rett, er vanskeleg å vita. Her er eit døme: Ein av desse norske frivillige opplevde at ein kamerat var mishandla av «sivilbefolkningen», og fortalde etter krigen (s. 340):
 Da tok han et spebarn. Tok det på foten og slo hodet mot veggen så det knustes. Jeg sa: «Gjorde du virkelig det?» «Ja», sa han. Ja, han gjorde det.(…)  Mora kunne se på når de slo i hel ungene.

 Litt oppsummering til slutt.

Det var ikkje berre lett for dei norske frivillige. Første dødsfallet i troppen, var eit sjølvmord. Ein annan, på austfronten «greidde ikkje meir» og skaut seg sjølv i armen for å sleppa fri. Det vart oppdaga, og han vart skoten som desertør. 

Ei del som kom heim i live, ville ikkje snakka om det dei hadde opplevt. Nokre kom heim som heltar og var det vidare – så lenge krigen varde. Kanskje Per Pedersen Tjøsland er beste dømet på det. 

Kva bør me – som lever i dag, læra av alt dette?
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar