tirsdag 19. januar 2021

Farleg sanning?

I bloggen 05.01.21 la eg inn framsidebiletet av Skammen – en bok om sviket mot norske jøder under krigen 1940-1945 av Kjell Staal Eggen (2008). Boka er lettlesen og gjev nyansar i biletet av det som hende i desse mørke åra.
Baksida på boka

Føreordet er av Jan Otto Johansen som sjølv har skrive bok om desse hendingane. Johansen skriv:  … og boken foreligger nå – til ergrelse for enkelte kanskje, men som et viktig bidrag til nyanseringen av vår krigshistorie.


Boka har stoff om ting som hende med jødane i landet vårt, også hendingar som kasta skugge over både den norske stat og motstandsfolk som var uvillige til å hjelpa dei som prøvde å koma seg vekk.
Første kapitelet er  Ouvertyre til «Holocaust» (s.17) som fortel om handsaminga av jødar før innsamlinga og deportasjonen i 1942. Så kjem Feldmann-tragedien (s.27). Her fann eg meir detaljar enn eg hadde lese tidlegare.


Det som gjorde sterkast inntrykk på meg, var kapitelet  «De hvite bussene» (s.48) om dei fem norske jødane Pelle Hirsch, Assar Hirsch, Sammy Steinmann, Leo Eitinger og Julius Paltiel som ikkje fekk vera med då dei andre norsk vart henta heim frå Buchenvald-leiren den 3. april 1945. Dei var noterte saman med dei andre, men vart strokne av lista fordi dei var jødar! Paltiel fortel:

Paltiels forteljing med det ein tidlegare lesar meinte var viktig!

Den 11. april rømde SS-vaktene, og resten av fangane i leiren, også desse fem jødane, vart endeleg frie.
Me veit at Dei kvite bussane frå Sverige henta mange heim til Skandinavia frå dei tyske fangeleirane. Paltiel – slik han hugsa det – meinte at det var dette hjelpeapparatet som henta heim dei norske i Buchenvald 3. april, og som strauk dei fem av lista fordi dei var jødar. Boka har teke med faksimiler frå Aftenposten sin debatt om kva som hadde hendt, og kven som hadde ansvaret for at dei fem ikkje fekk vera med. Her står påstand mot påstand.


Som i alt eg har lese om krigen, kan det sjølvsagt vera ting som er hugsa feil eller misforstått. Det som undrar meg meir, er at når det kjem fram noko som kan kasta skugge over norsk innsats i den tida, får alltid tyskarane skulda. Slik og i dette tilfellet. 

Viktigaste delen av boka er etter mi meining frå «Det jødiske problem» i Telemark (s.56), ei hending eg har vore inne på i ein tidlegare blogg.


Som dei fleste andre  bøkene eg har lese for å laga denne blogg-serien, er «Skammen» lånt på biblioteket. Boka var likevel uvanleg å lesa: Viktige utsegn var merkte med gul markeringstusj. Kven som har gjort det, veit ikkje eg. Men det han eller ho fann interessant, var det som og fanga mi interesse. Det var nesten som eg skulle ha gjort det sjølv!


Den som er interessert, finn meir stoff i Holocaust – Tidsvidner.  Det er ein norsk dokumentar frå NRK Tv 2006 der mellom andre Julius Paltiel og Jo Benkov fortel om sine opplevingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar