søndag 10. januar 2021

Lov og rett - evig eller tidsavgrensa?

 Israel, eit demokrati på eigne premissar

«Israel er einaste demokratiet i Midtausten» ser me på trykk av og til. Det er sant når det gjeld valordning og styreform. Men på det juridiske, så er landet unikt. 


På bønneturen i 2015 fekk me omvising – og tid til forbøn – i bygget til høgsterett i Jerusalem. Biletet viser oppgangen der me gjekk inn. Den lange trappa endar i eit stort glas som gjev den som går her, utsyn mot himmelen over. Tanken til arkitekten er: Utsynet skal minna om Gud, han som gav jødane sin evige lov, Toraen, og som føl med i alt som skjer i dette bygget. Dernest skal den som går opp denne troppa, hugsa at det finast ein Gud om straffar den som bryt Hans lov.

Innganspartiet der me vart mottekne i høgsterett


Loven gav Gud til Israel då folket vart omforma frå eit stammefolk av trælar til ein fri og sjølvstendig nasjon ute i Sinaiøydemarka. Gong på gong seier Gud at det er ein «evig» lov. Derfor har det israelske demokratiet ikkje greidd samla seg om ein grunnlov slik det er normalt i andre demokrati! Bakgrunnen for Loven, er teokratiet: Guds-styret. Heile samfunnet skulle ordnast og levast etter Loven. Problemet var at med tida ville folket ha ein jordisk konge og vera «slik alle andre folk». (1. Samuels bok 8, 5-7). Situasjonen er den same i dag: Ein stor del av folket arbeider for eit moderne, sekulært samfunn med grunnlov og same system som andre demokrati vert styrt etter. 


Skilnaden mellom teokrati og demokrati, er stor. Medan Loven står for det Guds-bestemte og uforanderlege, står demokratiet for det fleirtalsbestemte og foranderlege. Toraen seier «Du skal ikkje drepa» (2. Mosebok 20, 13). Ser me på norsk lov, var barnet i mors liv verna ved lov fram til «Lov om svangerskapsavbrot» kom i 1960. I dag vernar norsk lov meir om livet til ein hoggorm enn til eit menneske under utvikling i mora sin mage!

Kva har dette med debatten om «Hva visste Hjemmefronten?» å gjera?

Det første har du alt lese: Jødane er eit folk som er ulikt alle andre, og dei «held seg ikkje til kongens lover». Med dei orda grunngav Haman sitt jødehat. Han hadde same målet som Hitler: «… lat det gå ut eit skriv med påbod om at dei skal rydjast ut». (Esters bok 3, 8-9). Kopien av dette, er Vansee-konferansen i Berlin 20. januar 1942, bortimot 2500 år etter Ahasverus og Esters tid. Planen heitte no «Die Endlösnung der Judenfrage» (= den endelege løysinga på jødeproblemet).


Eugenikken med sine rasehygiene-teoriar påverka mange deler av samfunnet. Skuleverket tvangsinternerte born og forbaud samar og taterar å bruka morsmålet. Medisinen tvangs-steriliserte personar med kroniske psykiske lidingar, taterar og urfolk. Noko slikt hende hjå oss og. På det juridiske området hadde landet vårt ein jurist som særleg markerte seg: Eivind Saxlund (1858-1936). Eivind var høgsterettsadvokat, forretningsmann og skribent. Mest kjend, så langt eg finn ut, var han for bøkene «Jøder og Gojim» som kom i tre utgåver. Eg har hatt til gjennom-lesing den første frå 1910 og «Jøder og Gojim II» frå 1911. Boka frå 1911 er identisk med den første, bortsett med nokre mindre tillegg. Mykje av stoffet byggjer på Theodor Fritschs «Handbuch der Judenfrage» og Chamberlain sin filosofi.
Det kom ei tredje utgåve i 1922, og då kombinert med forsvar av «Sions vises protokollar» som kom i norsk utgåve i 1905 under tittelen «Den nye verdenskeiser, Zions Lærde Ældstes Protokoller».
Tekstane er fulle av eugenisk tankegang, men hjå Saxlund er tekstane spissa mot jødar. Føreordet sluttar med dette:
 Dette inneheld "Jøder og Gojim"


Ingen Uvilje mod Jøderne har dikteret Udgivelsen, kun Ønsket om, at et af de fleste lidet paaagtet og forstaaet, men dog overmaade vigtigt Fænomen maa blive bedre  kjendt.
Bogen er skrevet af en Lægmand for Lægmænd. Ogsaa af en Nordmann for Nordmænn.
Hvad der giver mig Mod til at fremlægge dette lille Arbeide for Publikum, er Troen paa, at jeg derved dog vil bidrage til Støtte for den gamle og ærlige, norske Nationalkarakter, som jeg nødig ser undergravet af semittisk Livsopfatning.
Christiania i November 1910.  E. Saxlund. Høiesterettsadvokat. 

https://www.frihetskamp.net/marta-steinsvik


 

Kapittelet «Martin Luther om Jøderne» er trist å lesa, men gjev samstundes mykje informasjon om noko den lutherske kyrkja gjennom alle år han prøvt å bortforklara og nekta. Juristen Saxlund kjem tydelegast fram i kapittelet  «Den norske (og norsk-danske) Lovgivning om Jøder. Samlet af Forfatteren». Emnet går frå Gulatingsloven (Olaf den Helliges) frå 940, til «jødeparagrafen» i Grunnloven som vart oppheva i 1851. Kapittelet sluttar med «Jødenes Retsstilling i vort Land er nu ganske som andre Borgeres, i det de er ligestillede med kristne Dissentere». Det er for han ei ulukke…


Oscar Mendelsohn, i bind I av «Jødenes historie i Norge», Skriv (s. 496): «Det hadde ikkje vært særskilt grunn til å feste seg ved denne bok viss det ikkje hadde vært for de mange avisinnlegg som den førte til,…» 

Når det gjeld forsvaret av «Sions Vises Protokoller», var Saxlund på linje med Martha Steinsvik, forfattar, lingvist og teolog (ufullført studium på Menighetsfakultetet).  Ho skreiv, men reiste også landet rundt og heldt foredrag. Mendelsohn nemnet henne i boka si, og då fordi ho og Saxlund var knytte til det antisemittiske bladet «Nationlt tidsskrift. Sandheten» redigert av Mikal Sylten. I eit intervju i starta Steinsvik med utsagnet: «Jeg er selvfølgelig ingen jødehater, tvertom har eg alltid hat den største sympati for dette merkelige og begavede folk… Men man kan jo ikkje la personlige sympatier virke ind, saa man lukker øinene til for den store fare, jødisk storpolitikk er bli for den kristne verden…» (Aftenposten, 6. mai 1925). 

Framveksten og den sterke posisjonen eugenikk og antisemittisme fekk i tida mellom1900 og 1945, gjer at eg spør: Kor mykje innverknad hadde det på avgjerder i rettssystemet vårt? 

Kor mykje av desse tankane utgjorde ein bevisst eller ubevisst «bagasj» hjå dei som dømde i t.d. Feldman-saka?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar