mandag 25. januar 2021

Folkemord – også framtida sin bitre realitet?


På slutten av siste blogg tok eg med eit sitat frå «Mein Kampf» av Hitler, henta frå boka «Folkemordenes svarte bok», red. Bernt Hagtvedt og utgjeve på Universitetsforlaget i 2008. Mellom forfattarane er både Bjørn Westlie som skreiv «Fars krig» (sjå blogg av 21. januar i år), og Bjarte Bruland som var med og skreiv «Mot- boka» til «Hva visste Hjemmefronten» av Marte Michelet.
«Folkemordenes svarte bok» er ein murstein som krev tid til både å lesa og fordøya. 


«Kapittel 3: Folkemord» av Nils Johan Lavik går inn på ord og definisjonar. Nytt for meg var uttrykket «Domicid» som er «forsettlige drap på en ubevæpnet person av regjeringsagenter som handler i deres autoritative kapasitet og i henhold til regjeringens politikk og overkommando». (Rudolph Rummels definisjon - https://no.qaz.wiki/wiki/Democide -Teke ned 21.02.21.)

Eit trist ansikt og ei trist bok


Folkemord har vore ein del av menneskja si soge gjennom alle tider. Dei verste er mega-morda som alle har over ti millionar drepne: Sovjetunionen under Stalin, Kommunist-Kina under Mao, Nazi-Tyskland under Hitler og Nasjonalist-Kina under Chiang kai-shek.(s. 69).


Folkemord ser ut til å ha forekome på alle kontinent og i bortimot alle tider. Ikkje minst menneskje som tilhøyrer vår euro-amerikanske kulturkrins, har mykje på samvitet. Mange andre og. Rummels reknar at 167 millionar menneskje er drepne ved democid frå 1900 til 1987, og – som denne undertittelen indikerer: «Mennesket – den viktigaste årsak til død og lidelse».(s. 71).


Kapitel 5 (av Ben Kieran) går inn på ideologiske moment i moderne folkemord, og innleier med «Rase, religion, territoriell ekspansjon og idealisering av bondebefolkningen utgjør en tilintetgjørende ideologisk blanding».(s.98). Utsagnet kan passa på nazistane sine ugjerningar, men og andre verda over.

Dette er kunnskap eg skulle ynskja alle sat inne med!

 «Kapittel 20: Det norsk holocaust» av Bjarte Bruland, gjev grundig informasjon om «Forsøket på å tilintetgjøre de norske jødene».(s. 425). Her står om alt frå utfyllinga av skjemaa og registreringa jødane måtte gjennom-gå, og konfiskeringa av jødisk eigedom. 


I underkapittelet «Krigsoppgjøret og jødene» kan ein lesa om korleis norske politimenn slapp unna ansvaret fordi «de opplevde sin medvirkning som tids-begrenset, underordnet og ubetydelig» (s. 435), og som det vart kommentert: «Forbrytelsene mot jødene fikk altså ingen «egenvekt» i landsvikoppgjøret» (s. 436).


Trist og å lesa underkapittelet «Konse-kvensen av deportasjonen for den jødiske befolkningen i Noreg» (s. 438ff). Til dømes vart jødar som budde i Noreg, men ikkje hadde norsk statsborgarskap før krigen, nekta av det norske stats-apparatet å venda tilbake til heimane sine. Dei var uynskte.


Underkapitlet «Etterkrigstidens tolkninger – det selektive minnet» (s. 440 ff) stemmer heilt med det som har føregått siste åra, til dømes rundt «Hva visste hjemmefronten», «Motboka», og dei mange innslag i media.

Ei side med oppgjeret etter krigen som eg aldri hadde fått særleg informasjon om, er «Kapittel 23 Oppgjøret med kontorbødlene. Historien om erstatningsoppgjøret til norske jødiske medborgere». (s.469 ff av Bjørn Westlie).


«Kontorbødlene» er namnet Westlie gjev alle dei kjende og ukjende byråkratar som var med på å organisera - ikkje berre gripa jødane i landet, men og å ta hand om alt det dei hadde av verdiar. I denne prosessen inngår både «listeførerne» og «likvidatørene» som Westlie kallar dei (s.472ff). Alt ned til blomstervasar og golvmatter vart registrert og seinare «fordelt» eller selt til tyske og norske interessentar.
Etter å ha lese Bernt Hagtveit sitt kapittel «Den farlige renhetslengselen»(s.21ff), er ikkje spørsmål om nye folkemord vil skje, men når det vil skje. Men vil me leggja merke til det og våga skinnet ved å protestera?


Her er litt av det han skriv:

Det nazistiske Tysklands nitid planlagte kollektive mord på jødene og sigøynerne – godt hjulpet av vitenskapelig planleggingsrasjonalitet og moderne registreringsmetoder (f.eks. IBM-kort) – kan med andre ord betraktes som utslag av den vestlige sivilisasjons tekniske og politiske struktur, drevet ut i det ekstreme. Slik ser Bauman på holocaust som en pålitelig prøve på moderne samfunns skjulte potensialer.
Med en beslektet formulering av en teolog, Richard L. Rubenstein, som foregrep Baumans folkemordforståelse med mer enn et tiår, må jødeutryddelsens betraktes som et:

… uttrykk for noen av de mest betydningsfulle politiske, moralske, religiøse og demografiske              tendenser i det 20. århundres vestlige sivilisasjon. 

… Holocaust er et vitne om sivilisasjonens fremgang inntil det punkt hvor massakrer i masseskala ikke lenger er en forbrytelse og statens suverene makt så uinnskrenket at millioner av mennesker blir fratatt sine rettigheter og dømt til å bli del av de levende dødes verden.


Folkemord høyrer altså ikkje historia til, men er ein realistisk del av tida som ligg føre oss.
Eller i no-tida? Eg tenkjer på abortlovane der millionar av born under utvikling vert tekne av dage. Millionar verda over. I propagandaen for å legalisera abort her i landet, fekk me stadig høyra at «det er berre ein celleklump»! 


Kanskje dei som kjem etter oss – om verda står hundre år til – vil skulda oss for «embryocaust»?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar