søndag 23. oktober 2022

 Introduksjonen til det store endetidspanoramaet?

I stykket eg har referert frå Jerusalem Post (JP), står ryttarane på dei fire hestane som introduksjonen til det som skal koma. I det dei fire første segla på bokrullen vert brotne, kjem ryttarane fram. Det er derfor naturleg å tenkja slik skribenten gjer: Det som skjer i Ukraina og verda nett no, var det det profeten såg for bortimot to tusen år sidan? 

Uansett, i openberringsboka Johannes skreiv, er avsnittet om dei fire ryttarane berre ei innleiing til det som kjem. Ser me på heile boka, er ho ikkje ei vidfemnande og kronologisk framstilling av hendingar. Det verkar meir som om fokus blir flytt og viser oss forskjellege scener eller rekkjer av hendingar. Eller, som eg har nemnt før, profeten ser berre forskjellege toppar innover i framtidslandskapet.

Faksimile av biletet Jerusalem Post brukar i stykket eg refererer til her.











Dei fire ryttarane, kven er dei?

Bibelen fortel ikkje kvar dei fire ryttarane kom frå. Ved kvart nytt segl som vert brote, høyrest ein sterkt «Kom», og apostelen «såg» dei som kom til synes. Men det vert ikkje gjeve noko forklaring på kven ryttarane er. Ut frå samanhengen er det grunn til å tru at dei er åndelege vesen som «fekk makt» til å gjennomføra det dei reid ut for å gjera. Det dei gjer, fører til liding og død, så gode åndsmakter kan dei ikkje representera.

Kvar rir dei?

Me veit ut frå kapittel fire, at Johannes alt var i himmelen då han fekk sjå dette. Han kom opp der for å sjå «det som deretter skal henda». (4,1). Det han så skriv i kapittel fire og fem, er om det har han fått sett så langt. Me lærer at bokrullen (kapittel 5,1) og han som bryt segla, er i himmelen. Der oppe vert segla brotne så ryttarane kjem fram, men deira aksjonsområde er jorda og menneska. Dei fire ryttarane rir med andre ord omkring mellom oss her nede! 

Han på den raude hesten, får makt til å ta freden vekk frå jorda. Resultatet er at mange menneske misser livet. Reiskapen hans, er «eit stort sverd», noko som kan indikera at det er våpen som fører til liding og død der han rir fram..

Han på den svarte hesten, får makt over matkornressursane. Hans reiskap er ei skålvekt, det vil seia den vekttypen som vert brukt til å vega ut relativt små mengder. Matkornet vert seld til skyhøge prisar, men olje og vin får han ikkje «skada»(v.6,6). 

Her er nemnt to vareslag som vert målt opp på forskjelleg vis. Matkornet selt på vekt, olje og vin med litermål. Likevel trur eg ikkje at det er målemetoden som er av gjerande i denne saka, men heller at det er varer som vert produserte på forskjellege stader på jorda. Dermed kan det vera aktuelt å tenkja at ikkje alle område på jorda skal verta like hardt råka, eller at ikkje alle område på jorda lir like mykje under mangelen av matkorn.

Han på den gulbleike hesten i) heiter «Døden», og i hans fotspor fylgde dødsriket. Dei spreier død på same måte som dei to føregåande, og i tillegg kjem pest og «villdyra på jorda». Dermed vert aksjonsområdet for dei vonde kreftene, utvida endå meir.

Dei fekk makt over «fjerdedelen av jorda», står det. Om «fjerdedelen» står for ein geografisk eller statistisk storleik, vert det ikkje sagt noko om. Om det er statistisk, slik eg nemnde i bloggen sist, endar me opp med ei viss menneskemengde. Om det er snakk om ein geografisk storleik, er det spørsmål om dette er ei samla blokk som t.d. ein verdensdel, eller det er snakk om mindre område spreidd utover heile kloden.

Når rir dei omkring?

Når ein les teksten, kan ein lett tenkja at dette er noko nytt som skjer, og at «no først» stormar dei fire hestane ut over jorda. Men når me ser på kva område dei har fått makt over, så kjenner me att, i alle fall når det gjeld dei tre siste. Krig, svolt og pest og menneske drepne av villdyr, har eksistert nesten heilt frå skapinga i Genesis (1.Mosebok). Han på den kvite hesten som «vert gjeve ein sigerskrans» og som brukte pilar som våpen, er derimot vanskeleg å plassera, i alle fall direkte. Men dei tre andre, har utan tvil ridd i mange tusen år før vår tid.

Men om dette ikkje er noko nytt i menneska si soge, kvifor viser Gud Johannes dette for at alle som ynskjer å vera Guds «tenarar», skulle vita om det? ii)

For meg ser denne profetien ut som eit bakteppe for det som skal skje vidare utover i openberringsboka. Eg trur derfor ikkje slik skribenten i JP og mange trur, at dette er noko som først skjer i vår tid. Det vonde har vore i verda sidan syndefallet, men i den siste tid skal det nå høgder som verda aldri før har sett. Som Jesus sa det:

«For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli. 20 Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare». (Mark 13:19-20)

Det godt at det er Lammet som har siste ordet også over endetida. For den som har funne frelsa i det han gjorde for oss på Golgata.

--------------

i) Fargen på denne hesten vert forklart på litt forskjelleg måte. KJ brukar «pale», dvs. «bleik». DHS omset med «a pallid, sickly looking horse». TLV brukar “a horse, pale, greenish gray”. New Living Translation (NLT) brukar “a horse whose color was pale green”.

ii) Opb.1,1.

---------------------- 

Merk at det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar