søndag 13. november 2022

Om dyr med stor og liten førebokstav

Eg vil starta dette blogginnlegget med ei åtvaring til deg som føl bloggen min fast, eller er tilfeldig lesar. Eg er ikkje teolog eller trur eg har svaret på dei tinga eg tek opp i skriveria mine. Målet mitt er ikkje å få «tilhengjarar» som det heiter i internett-språket for tida. Det eg driv med, er min måte å tenkja gjennom ting på, og – om nokon finn det interessant, kan ha glede eller nytte av å leika med same tankane.

Det at Bibelen presenterer det mennesket som er leiande i denne verda sine siste år for «Dyret», er både tankevekkjande og skremmande. Og som eg har skrive før: Du som les dette, gjer det på eige ansvar. Ikkje skuld på meg om du skulle koma på ville vegar! 

Bibelens mange dyr 

Gud skapte dyr før han skapte menneske (Genesis 1-2). Seinare gav han jødane lovar og reglar om reine og ureine dyr, og at dei ikkje skulle laga bilete av dyr for å tilbe dei. Offertenesta var knytt til reine dyr, og då først og fremst kveg, geit og sau. 

I det heile har dyr ein stor plass gjennom heile Bibelen, både som fysiske dyr, og som «dyr» i overført betydning. Frå Johannes’ openberring har eg alt skrive om «Lammet» som er eit bilete på Jesus, han som styrer endetida fram til denne himmelen og denne jorda er borte. Som motsetning til «Lammet», stig så andre «dyr» fram, særleg frå Johannes openberring kapittel 13 og utover. 

Det første «dyret» 

Profeten Daniel hadde sett dyr i sine profetiske syn, og då som bilete på komande verdsrike (Dan.7). I openberringsboka ser Johannes først eit dyr stiga opp av «havet» (13,1). Dette dyret er ein kombinasjon av leopard, bjørn og løve (v.2), og fekk si makt frå Draken eller Djevelen.

Den vanlege tolkinga, så langt eg kjenner til, så vert «havet» tolka som folkehavet. Det samsvarar med v. 4 som fortel at folk tilbad draken, og dei tilbad dyret og sa «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Me les at dette første dyret skal få makt over heile jorda, og det skal spotta Gud og himmelen. Det skal og føra krig mot «dei heilage», vinna over dei og få makt over «alle stammar og folk, tungemål og folkeslag».

Det er ein vanleg å forstå dette som at dette første «dyret» er bilete på eit politisk-religiøst system som skal breia seg ut over heile jorda. Dette er då ein parallell til det riket Djevelen tilbaud Jesus då han vart freista i Matt. 4,8-9. Truleg har det og samanheng med den første ryttaren med bogen, han som «vart gjeve ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra». 

Sjølv om Bibelen ikkje seier noko konkret om det, trur eg personleg at dette dei vonde makter sitt verdsrike, er eit resultat av den første ryttaren på ein kvit hest sine mange sigrar.

Det andre «Dyret» - Antikrist
Moderne kunst-bilete av "Lammet" i Nidarosdomen

Dette «Dyret» steig opp av jorda, hadde to horn og såg ut som eit lam, men snakka som ein drake. Det får si makt frå det første dyret (dvs. Draken), og brukar makta si så folka på jorda tilber Draken eller Djevelen (v.11-12). Men kvifor dette stig opp av jorda og ikkje av havet som det første, forstår eg ikkje.

«Dyret» vert tilbedt og får ei biletstøtte som kan snakka. Dei som ikkje vil tilbe denne, vert drepne. Det tvingar og alle, fattige og rike, til å ta «Dyrets merke» på høgre handa eller på panna, og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket på seg.

Når me les heile kapittel 13, endar det med talet for dette «Dyret», som og talet for «eit menneske». Det vil seia at «Dyret» er eigentleg eit menneske. «Dyret» i liknar dessutan på eit lam, og er dermed motstykket til «Lammet» eller Kristus. Det er det ordet Antikrist betyr.

Nokre tankar rundt dyr sin plass i religionen gjennom tidene

Å tilbe dyr er ikkje noko nytt. Bibelen har mange døme, ikkje minst i samband med Egypt der oksen Apis og andre dyr var sentrale i egyptarane si gudstru. Jødane tok denne tanken med seg og fekk laga gullkalven ved Sinai til dømes. Men så langt eg kjenner til, var det gjennom alle tider eit klårt skilje mellom menneske og dyr. Dyr har gjennom tidene vore «dyr», og menneske alltid vore «menneske». I alle fall så langt eg forstår.

Rett nok finst det kombinasjonen av menneske og dyr i t.d. egyptisk og gresk religion, men då gjerne som ein kombinasjon av menneske- og dyre- eller fuglekropp. Bileta viser klårt kva som er frå dyr eller fugl, og kva som er frå mennesket. Der er ei heilt klår grense mellom delane.

Fleire stader finn me derimot religiøse overleveringar om gudar som fekk menneskeborn. Dei var då maktpersonar her nede på jorda. I slike «gudeætter» finn me både kongar eller keisarar, og dei vart tilbedne som gudar. 

Kva er så skilnaden mellom vår tid og tida då Bibelen vart skriven?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar