søndag 17. mars 2024



 «Den som Herren hugsar på»

Gatebilete frå Jerusalem
Enten du er jøde eller ikkje-jøde (som eg), er det at Herren har omsorg for oss, det viktigaste fundamentet me kan byggja liva våre på. I hans omsorg ligg hjelp for dagen i dag, og von for dagane som ligg føre oss.

Går me 2500 år tilbake i tid, levde det i Jødeland ein profet som heitte «Sakarja». Det er hans namn som kan tolkast slik som overskrifta på bloggen min i dag seier. Kanskje kom han som ung gut tilbake til Israel saman med Nehemja, men me veit lite om han bortsett frå det som står i boka som har hans namn. Han er den niande av dei små profetane i vår Bibel.

Den tiande i rekkja av små profetar, Haggai, levde og arbeidde samtidig. Mange trur at Haggai var noko eldre av år enn Sakarja, og begge ser ut til å levd i Jerusalem. 

Haggai sitt store prosjekt var å vekkja folket så dei bygde opp att templet som til dess hadde lege i ruinar. Bodskapane som han fekk frå Herren, kom alle i det andre styringsåret til persarkongen Dareios. Totalt utgjer dei to kapittel.

Tid for ein prat...
Den andre profeten som forkynte omvending på same tida, var altså Sakarja. Boka hans er på 14 kapittel, og spenner over ei rekkje tema. Første bodskapen frå Herren til folket er at dei må venda om: «Og du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, seier Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud.» (Sak 1,3).

Ut frå denne omvendingsbodskapen kjem så ei rekkje syner og profetiar som utgjer dei første 6 kapitla i boka. Det 7. kapitlet startar med spørsmål om faste, noko som etter gammal tradisjon er knytt til anger og omvending. Men folket var sjølvrådige og ville ikkje høyra og eller lyda: 

«Og liksom han ropa, og dei ikkje høyrde, såleis, sa Herren, Allhærs Gud, skal dei ropa, og eg vil ikkje høyra. 14 Eg spreidde dei som i ein stormvind mellom alle heidningfolka som dei ikkje kjende. Og landet skal liggja audt etter dei, så ingen dreg fram eller attende der. Og slik gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.» (Sak 7,.13-14)

Men diasporaen (i) skal ta slutt ein dag:

Gatebilete ein vanleg kvardag
«Så seier Herren: Eg vender attende til Sion og vil bu i Jerusalem. Og Jerusalem skal kallast den trufaste byen. Og berget åt Herren, Allhærs Gud, skal kallast det heilage berget. 

4 Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal gamle menn og kvinner sitja på torga i Jerusalem, kvar med staven sin i handa for deira høge alderdom skuld. 5 Og torga i byen skal vera fulle av gutar og jenter, som leikar på torga.

 6 Så seier Herren, Allhærs Gud: Om dette skulle vera umogleg i augo til dei som er att av dette folket i dei dagane, skulle det då òg vera umogleg i mine augo? seier Herren, Allhærs Gud.

 7 Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg frelser folket mitt frå dei landa der sola går opp, og frå dei landa der ho går ned. 8 Og eg lèt dei koma hit, og dei skal bu i Jerusalem. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud i sanning og i rettferd.» (Sak 8, 3-8).

Dette er det som har føregått siste hundreåret, og det held fram med eg skriv, og med du les det eg har skrive. Det er eit oppfylling av Adonais ord: «Sjå, eg frelser folket mitt frå dei landa der…..»

Til no har prosessen, det vil seia «alyiah», stort sett vore noko jødar har gjort av eigen fri vilje. Med antisemittismen og jødehatet si veldige oppblomstring i 2024, kan alyiah verta einaste utvegen for jødar rundt om i verda som ynskjer framtid og framgang for seg og sine...

Ved "Davidkaen", Israel sitt første sjølvproduserte våpen
Ein annan ting er at Israel, både jordbruket og industrien, har gjort seg avhengig av ikkje-jødiske arbeidarar. For det meste har det vore såkalla «palestinarar» frå Israel og frå Gaza, eller arbeidstakarar frå andre statar i Asia. No, på grunn av krigen og terroren, har landet akutt mangel på arbeidskraft fordi det er vanskeleg å lita på «palestinarane» som kjem for å arbeida, og fordi arbeidarane frå andre land er reiste heim.

Kanskje Herrens plan er at Israel skal verta sjølvforsynt både med varer (inkludert våpen til forsvaret) og arbeidskraft til landbruk og industri?  Då kunne skatten Israel tek inn frå palestinarane og som dei betalar til Mahmoud Abbas og hans folk, brukast i Israel til å byggja landet. 

Det vil vera ei mykje betre løysing enn at pengane går til å finansiera terror, antisemittisme i skuleverket og liknande hjå Abbas & Co.

--------------
(i) «Diaspora» tyder «spreiing». For jødane var det ei oppfylling av profetien i 7,14: «Eg bles dei bort mellom alle folka som dei ikkje kjende». Det skjedde då folket vart førde til Babylon, og då romarane førde folket bort etter dei jødiske krigane rundt år 70 og år 133 i vår tidsrekning.

 Merknader: 

Bibelsitata er frå "Norsk Bibel", nynorsk omsetjing.  Bileta tok eg på ein av bønneturane kona og eg gjorde til Israel for ein del år sidan.

---------------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar