søndag 31. desember 2023

Så fort tida går!

Motiv frå Cornwall?
Det har du kanskje sagt, du og? 

Etter som me vert eldre, går tida fortare og fortare, endå dagane går i same takt som før. Klokka tel like mange timar, minutt og sekund som i  gamle dagar, enten ho tikkar godsleg eller berre glor dumt på meg frå kroken sin. Gauken, som kom ut av huset og Ko-Ko-a til meg, er daud for lenge sidan. Han vart sliten og skranta med åra. Han og. 

Kva med deg? Du er kanskje like ung og sprek som den gong då…? Det prøver eg å innbilla meg sjølv rett som det er.  Helst når ryggen ikkje klagar! (Desse hersens moderne sofaane vert lågare og tyngre å koma seg opp att or….)

Det er på merkedagar som jul og nyttår eg helst tenkjer at «Tida går». Resten av året puttar eg slike tankar ned i den sekken som heitte «Selektiv glemsel» då eg las «pyskologi». (i)

Årsskifte

Snart har 365 dagar sildra ned gjennom Vårherre sitt store timeglas. Når du les det eg no sit og skriv, er kanskje timeglaset snudd, og året har fått nytt nummer: 2024.

Det året har ein dag meir enn det som gjekk. «Skot-år» vert det kalla, men kven som skaut kva, kven eller når, veit ikkje eg. Nokon må det ha vore. Det høyrest i alle fall alvorleg ut. Men, takk og lov, for ein gongs skuld kan ingen klandra jødane for skytinga. Dei har sitt på det tørre med både ein annan kalendar og ein annan måte å dela året på. 

Litt Noreg i England
Største endringa for meg i 2023, er «Dagsrevyfasta» eg påla meg sjølv for nokre månader sidan. Det starta då eg merka at den negative Hamas- og palestinapropa-gandaen til NRK, gjorde meg deprimert.
Litt etter flytte eg for ei tid til Sogn der husfolket ser spansk TV. Deira «dagsrevy» var fylt av krangel i spansk politikk. Israel fekk mindre plass, og informasjonen var meir avbalansert enn i NRK . 

Denne jula er eg hjå ei av døtrene mine i England. Her og er nyheitene meir avbalanserte i mine øyre.  Viktigaste informasjonen får eg gjennom «Jerusalem Post», ILTV og andre som har nytt frå Israel på engelsk, veit du.

Vekk-kasta tid

Som du ser av bloggen, brukte eg dagsrevytida til å brodera ferdig små bilete barneborna mine hadde starta på. Yngstejenta mi, som er av det kreative slaget, fann på å laga nåleputar av broderia. Dermed vart det nåleputar på heile familien denne jula!

Eg leitar i bruktforretningar etter nye sybilete. I Cornwall fann eg eit fiskebåtbilete. Kanskje det vert Dagsrevy-erstatninga i 2024?

Den dagen åt me middag på «Norway Inn» i Perranarworthal. Eg hadde lese om puben som var ein samlingsstad for norske sjøfolk for nokre hundre år sidan. Dei kom med norsk tømmer som vart brukt til å stiva opp gangane i gruvene. I dag er både gruvene og sjømennene borte.

På eigedomen finst ein gammal, overgrodd ovn der dei i gamle dagar brende kalk. Der hadde dei eit «fuglebur» for flagermus. Kanskje det er ei norsk oppfinning som har gått i gløymeboka der heime?

Sirkus eller høgtid?

Jul i Wells...
I nærleiken av domkyrkja i Wells var reklame for «Julesirkus»! Eg tok bilete av plakaten og tenkte at dei trefte spikaren på hovudet! 

«Julesirkuset» i Noreg starta med «Jul i oktober» og slutta med NRK sitt juleprogram for born (som eg vart invitert til å sjå). Eit sirkus utan like, spør du meg!

Jul med åndeleg verdi

Exeter har ein imponerande katedral. Kvart år innbyr dei til julenattsgudsteneste med mykje fin musikk og gammal anglikansk liturgi.

Eg prøvde å rekna, og meinar me var mellom 4 og 500 menneskje på gudstenesta. Dei fleste deltok aktivt i liturgien både med song og bøn. Siste del av messa var nattverd. 2/3 gjekk til nattverd som vart servert med oblat og mange felleskalkar framme og bak i det veldige rommet. Tenarar stod i midtgangen. Stilt og verdig sende dei stolrekkje etter stolrekkje framover eller bakover til dei som serverte.  

Presten starta talen med å fortelja om ei julenatt han stod og song i Fødselskyrkja i Betlehem. Arafat var død litt før. Brått kom Mahmoud Abbas og palestinske soldatar inn og stilte seg opp framfor alle dørane. Situasjonen vart spent og truande heilt til i enkel damestemme tok opp ein enkel julesong. Då gav spenninga seg, og dei fekk gå roleg ut. Presten kommenterte ikkje hendinga noko vidare, men gjekk over til bodskapen både i songen og evangeliet.

Dette minte meg om første turen min til Jerusalem. Då vitja me ein gammal pastor i Aust-Jerusalem. Han er død no, men var før pastor i ei evangelisk kyrkje i Betlehem. Den kyrkja øydela palestinarane. Han måtte røma fordi han ikkje ville «gå deira ærend». I Jerusalem fekk han  og familien leva trygt takka være israelsk politi.

Forsamlinga i katedralen frå der me sat

 Til slutt ei helsing til deg og meg frå Salmane:

«Gud vere oss nådig og velsigne oss, Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela.
3  Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag. 4  Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!
 5  Lat folkeslag gleda seg og jubla, for du dømmer folka med rettferd og leier folkeslaga på jorda. Sela 6  Folka skal prisa deg, Gud, alle folk skal prisa deg!
 7  Jorda har gjeve si grøde. Gud, vår Gud velsignar oss. 8  Gud skal velsigna oss! Heile jorda skal frykta han!»
(ii)

Ha eit velsigna år 2024!

----------

(i) Det var «pyskologi» me sa heime på Strilelandet då eg var liten. Eg var nokså stor før eg lærde at det heitte psykologi!
(ii) Sal 67:2-8. Frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

----------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar