søndag 7. januar 2024

Med nye ark og fargestifter til

Guds "farjestifter"...
Alf Prøysen (1914-1970) song om guten som gjekk «og gret og var så lei…. Men så hørte han et sus som over furukrona kom:

      Du skal få en dag i mårå som rein og ubrukt står
      Med blanke ark og farjestifter tel.
      Og da kæin du rette opp att æille feil i frå i går
      Og da får du det så godt i mårå kvell


Kan du tenkja deg ein betre start på den nye året enn dette: «Rette opp att æille feil» som vart gjort i 2023, og så starta januar 2024 «med blanke ark og farjestifter til»?

Eg vaks opp i skogkanten, og kanskje nett derfor var det mor brukte ordtaket: «Det er brotne greiner i alle skogar». Det var ikkje skogen ho tenkte på, men at uansett kor fint og flott ting kan sjå ut, finst det alltid noko som ein gjerne vil at ingen skal sjå.

Dette ordtaket har vore i tankane mine av og til. Du som les bloggen min, veit at eg er negativ innstilt til mykje av det som kjem fram i dei fleste media, til organisasjonar som marknadsfører seg som nøytrale hjelpeorganisasjonar, men ikkje er det, - og til Noregs utanrikspolitiske kurs no for tida.

«Leger uten grenser»

Eg har før skrive at ut frå det me ser i Gaza, er det kanskje ikkje er landegrenser namnet referer til, men etiske grenser.  Ein som ofte har vore i Gaza, rosar Hamas for sitt «mot». At terroristar som brukar kvinner, barn og sjuke som skjold, er det bevis på «mot»?

Hamas angreip jødar i Israel 07.10.23. Mellom ugjerningane var gruppevaldtekt av mellom anna kvinnelege soldatar. Valdtekter så brutale at bekkenbeinet vart øydelagt, er konstatert. Også tilfelle der kvinna vart drepen med skot gjennom vagina. Er slikt «modig gjort»?

«Røde kors»

Noreg er inga fredsdue!
Eg har i alle år sett denne organisasjonen høgt, men det glansbiletet har bleikna. Eit av gisla frå Gaza fortel at under fangenskapet fekk ho kontakt med ein representant frå organisasjonen, men dei ville ikkje hjelpa. Israel bad "Røde kors" vitja gislane, men det gjorde dei ikkje. Netanyahu ville levera livsnødvendige medisinar til gislane gjennom «Røde kors», men dei nekta å ta imot.

På TV under fangeutvekslinga såg me derimot at samarbeidet med Hamas og Islamsk Jihad, var velfungerande. Det same gjeld hjelpesendingane dei tek mot til folket i Gaza. Folk i Gaza får lite mat fordi ein stor del av hjelpa «går ned i tunellane», - seier dei oppå jorda.  Korleis kan «Røde Kors» då marknadsføra seg som «politisk uavhengig hjelpeorganisasjon» når dette er realiteten?

Feilslegen utanrikspolitikk

Dei som styrer Noreg no for tida, trur dei er supermenn i konfliktløysing, ser det ut til. Me såg det overfor Taliban, og no overfor Hamas. Tostatsløysinga, ideen bak både «Osloavtalen» og andre avtalar, er ubrukeleg i arbeidet for fred  i Midtausten. Korleis kan palestinske styresmakter arbeida for fred når dei offisielt rosar angrepet  07.10.23? Kva politisk endring kan me venta når over 2/3 av dei spurde i ei meiningsmåling på «Vestbredden» seier dei støttar det Hamas gjorde?

«Mea culpa!»

I Paraguay er folk flest katolikkar. Dei går til skriftesstolen, bøyer sine kne og fortel presten om synder og sorger som tyngjer dei. Bak gitteret sit ein som høyrde på, gjev råd og øver sjelesorg. Når han eller ho angrar og seier «Mea culpa», får dei absolusjonen eller tilgjevinga i Jesu namn.  Den ærleg og angrande syndaren får gjennom dette ein ny start.

Kanskje eit slikt «skriftemål» kunne hjelpa både hjelpeorganisasjonane og norsk utanrikspolitikk og byggja tillit til det dei driv med?

Kva så med terroristane?

Me treng alle eit ankerfeste...
Dei fleste var unge menn har vakse opp i eit skulesystem der drap av jødar er glorifisert. Dette skjer gjennom skulemateriell og undervisning finansiert av pengar frå m.a. Noreg. MIFF har mange gonger påpeikt dette, stort sett til inga nytte.

Pengar, også frå Noreg, går til «lønn for drap». Dei som drep jødar, vert heltar og får løn frå dei palestinske styres-maktene. Den som tek livet av mange jødar, får ofte ei gate eller ein plass oppkalla etter seg. Alt dette er offentleg kjent stoff, men korkje norske styresmakter eller andre har vist reell vilje til å gjera noko med. Burde ikkje dette og kvalifisera for eit «Mea culpa»?

Eg vil slutta denne «jeremiaden» min med eit Gudsord:

«Den sjuande engelen bles i basunen. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt: «Herredømet i verda høyrer no til vår Herre og den han har salva, og han skal vera konge i all æve.» (Åp 11:15)


Det kjem ei tid, - når veit eg ikkje, då han som julefeiringa skulle vera til minne om, tek over all makt på jorda. Då kjem dommen over nasjonane (og organisasjonane?) (Matt.25).

Dette gjev oss von for framtida, uansett om me er jødar eller ikkje….

-------------- 

Som normalt er bibelsitatet frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar