søndag 14. januar 2024

 Tankar rundt krigen i Gaza   (Del 1)

I desse dagar startar rettargangen mot Israel i den internasjonale folkerettsdomstolen i Haag (ICJ).  Med utgangspunkt i Israel sin krig mot Hamas (i), har Sør-Afrika (ii) klaga landet inn for denne domstolen. Når du les det eg sit og skriv, vil media vera full av stoff om rettssaka i Nederland.

Eg prøver å analysera det eg veit om denne krigen, og prøver å koma fram til ein konklusjon. Om dette interesserer nokon andre enn meg sjølv, veit eg ikkje, men eg skriv no likevel. Eg ber deg ikkje å vera enig med meg. For min del kan du gjerne «surfa» vidare….

Skjermdump frå "Jerusalem Post" som viser video frå krigen.
Krigens paradigme

Begrepet «paradigme» vert brukt i vitenskapen, men eg er frimodig nok til å overføra det på justis og lovverk. Eit paradigme er ein viss måte å forstå kunnskap på. Denne tolkinga av kunnskapen skaper presedens for måten ein tolkar nye ting. Ny kunnskap vert «lesen» gjennom det gamle paradigmet sine briller, og tilhengjarar av det gamle paradigmet viser normalt motvilje mot nyare forsking og fakta som kjem i konflikt med «deira» paradigme.

FN og ICJ vart fødd i etterdønningane av den andre verdskrigen. Då hadde landa ført krig mot kvarandre både på landjorda, i lufta og på havet. Ut frå det vart det laga etiske retningslinjer og lovar for krigsbrotsverk. Det er dei Israel no må forsvara seg mot. 

Spørsmålet mitt er om dei vurderingane som vart lagde til grunn då domstolen vart etablert i 1945 (iii), er tilpassa krigføringa anno 2023/24. Krig 1939-45 var svært ulik krigar som føregår no, og måten terroristane i Gaza fører krig på, er endå fjernare frå den forståinga av krig som rådde den gongen. Det er denne nye forma for krig Israel må svara på når dei skal eliminera Hamas og terroristane som valdtok og drap i Sør-Israel 07.10.23. 

«Landskapet» ICJ skal orientera seg i i denne rettssaka, samsvarar derfor ikkje med det «kartet» dei fekk å orientera seg etter då domstolen vart oppretta. Skilnadane er så store at det må tvinga fram nye måtar å definera krig. Slik ser det i alle fall ut for meg som meinar tida er moden for eit paradigme-skifte. 

Her kjem det eg meinar er viktige element i denne vurderinga:

1. Kven er ein flyktning?

Flyktningar finst mange stader i verda. Normalt vert flyktningar integrerte i sitt eige land (iv) eller i eit land som tek mot dei, innan få år. Derfor er det unikt at «palestinarane» har hatt flyktningestatus i 76 år. Samanlikna med andre stader i verda, skulle «flykningeleirane» i Israel og Gaza vore vekke for lenge sidan.

Etter vanleg tankegang er ein generasjon 25 år. Folket i Gaza og på «Vestbredden» har arva statusen og med den støtte til livsopphald frå verdssamfunnet i 3 generasjonar. Kor lenge skal dei få denne ha spesialhandsaminga? Evig?

Eit media siterte for ei tid sidan ein Hamasleiar slik: «Det er ikkje vårt ansvar å fø flyktningane i Gaza eller garantera for deira tryggleik. Det er FN sitt ansvar». Korleis kan FN godta dette når Hamas formelt gjekk til val og tok makta i Gaza i 2007? Har dei ein bindande avtale som seier at FN (og mellom anna Noreg) skal fø og verna folket i Gaza så dei sjølve fritt kan bruka pengar og krefter på å drepa jødar, samla våpen og byggja tunellar?

Skjermdump som viser Hama-plakat med barnesoldat. (JPost 05.01.24)

 

 

2. Kven / kva ein «soldat»?

Då ICJ vart oppretta, var ein «soldat» ein stridande på landjorda, i lufta eller på sjøen og som gjekk i uniform. Uniforma vart lagt til grunn for det juridiske skiljet mellom kven som var stridande part i ein krig, og kven som vart klassifiserte som sivile.  Mindreårige, kvinner (utan uniform) og gamle vart automatisk rekna som «sivile». Dette skiljet er ubrukeleg i den krigen Israel er oppe i. Om ikkje ICJ tek denne nye kunnskapen med i vurderingane sine, gjer dei ein blodig urett mot Israel (og kven som helst elles i verda som må forsvara seg mot tilsvarande terrorgrupper).  

Israel har funne kommandorom med datamaskiner og tusenvis av dokument og videoar som Hamas sjølv har laga. Eg har skrive før om skulane til palestinarane som spreier jødehat og oppfordrar til drap av jødar. Det nye er no at Hamas har organisert sommarleirar på linje med sommarleirar elles i verda. Men der er ikkje leik og positiv kunnskap borna har fått. Det er trening til å drepa jødar!

Ein Hamas-film viste gutar (for meg såg dei ut til å vera frå 12-årsalderen og oppover) som låg på kne og dreiv vedlikehald på våpna sine. Å ta sund, kontrollera, rensa og smørja våpen, er normal opplæring av rekruttar i alle land. I Gaza har det altså vore sommarleir-aktivitet for born! Desse barnekrigarane kan dermed ikkje klassifiserast som «born» og «sivile», men som soldatar og er dermed lovlege mål i krigen, - uansett alder. Dei hadde heller ikkje uniformer...

Skjermdump frå "Jerusalem Post" 10.01.24
Terroristane, slik me har sett dei ved overlevering av gislar og ved mottak av hjelpesendingar, er uniformerte og har synlege våpen. (v) I Gaza dukkar dei opp frå ukjende tunellmunningar og angrip jødiske soldatar, eller går mellom folk utan uniform. Dei brukar og baggar merkt UNRWA til transport av våpen og ammunisjon. Israel fiendar er dermed til tider «soldatar» utan tradisjonelle og synlege kjenneteikn som våpen og uniform. (vi) 

3. Spionar eller «informantar»

Å skaffa informasjon er viktig. I krigen som føregår i Gaza, er born, kvinner (utan uniform) og eldre terroristane i sine auge og øyre oppå jorda, og som orienterer terrorisane i tunellane kva Israel held på med til ei kvar tid.

Desse, som ut frå tradisjonell tankegang er «sivile», er ein aktiv del av Hamas. Dei er dermed lovlege mål i krigen. For å ha best mogeleg informasjon må dei halda seg nær dei israelske styrkane. Dei kan derfor heller ikkje røma til dei sonene som Israel har sagt er «trygge», skal dei gjera jobben sin.

(Framhald neste søndag).

----------

(i) Eg brukar her ordet «Hamas» i vid forstand, dvs. eg puttar alle terroristgruppene som angrip Israel i same "sekken". Hamas er den største og er rådande i Gaza. Dei «tok æra for»  åtaket 07.10.23, men også andre terroristar var med. Me finn slike terroristar i Gaza, på Vestbredden, i Libanon, Yemen og Syria.
(ii) Israel underskreiv ICJ-konvensjonen som nyoppretta stat i 1950. Sør-Afrika først i 1998, - 48 år seinare. I det eg har sett i media, rettar Sør-Afrika einsidig fokus på Israel sin forssvarskrig, ikkje på det Hamas gjorde i Israel 07.10.23. Dette kan lesast som ein indikator på kva motivet til Sør-Afrika er.
(iii)  Det er desse vurderingane som eg kallar krigens «paradigme».
(iv) Det naturlege ville vera at dei såkalla «palestinarane» fekk plass på den delen av Balfourdkartet som i dag er kongeriket Jordan. Det er ei mykje meir rettferdig deling enn at arabarane først fekk mykje over halvdelen av det originale området, og no vil tvinga til seg store delar av det området jødane vart lova og som Folkeforbundet / FN sa var deira. Det originale kartet gav Israel alt frå Hermon og Golan til Egypt si grense, og frå Jordan til Middelhavet.
(v) Dei same ytre kjenneteikna brukte Yasir Arafat både Oslo i 1994, i FN og Washington. Han gjekk i uniform og hadde revolveren i beltet.
(vi)  10.01.24 hadde Jerusalem Post ein stykke om 3000 UNRWA-lærar som lovprisar det som skjedde 07.10.23.  
--------------

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar