søndag 28. januar 2024

Ordkrig

Eit ord er ei pil
Som flyger av stad utan stans eller kvil,
Du kan ikke vita kor vida det fer.
Det sårar din uven og den du hev kjær.
Eit ord er ein gneiste som kveikjer ein brann
Du sløkkja ei kan
. (i)

Denne gamle salmen som me lærde på skulen då eg var liten, har vore i tankane mine siste tida.

Løgn er ikkje noko nytt

I bloggane datert 05. og 26.11.23 skreiv eg om «Løgnens regime». Det har fylgt mennesket frå skapinga av. For rundt 2 500 år sidan skreiv profeten Jeremias: «Sverd over lygnarane! Dei skal stå der som dårar. Sverd over kjempene hennar! (ii) Dei skal verta skremde». (Jer 50; 36). Den gongen var det dei som kalla seg profetar, men som ikkje var sende av Gud. Dei laug og spådde «siger» og «fred» i ei tid då Herren gjennom sine sanne profetar hadde lova krig og død om ikkje folket vende om. 

Kampen mellom sanninga og løgna ser me kanskje klårast i GT / Tanakh då Israel var delt i Samaria og Judea. Freds- og framgangsprofetiane vart aldri oppfylte. Derimot skjedde alt slik som Herren / Adonai hadde sagt gjennom sine profetar, endå både kongane og fleirtalet av folket trudde løgna. 

Ei løgn vert ikkje sanning, uansett kven eller kor mange som trur på ho!

Eit endetidsteikn
Skjermdump frå JPost på internett, 24.01.24.

Mykje av det som skal koma over jorda i det Bibelen kallar «Endetida», er ting som har vore ein del av soga til menneskja på jorda frå gammalt av. Slik og med løgn og eller halvsanningar som trekkjer konkrete fakta i tvil. Me såg det alt i Edens hage der Ormen kombinerte løgna si med å trekkja Guds Ord i tvil. (iii) 

Under fangenskapet på Patmos fekk apostelen Johannes sjå Lammet, Jesus, opna bokrullen og setja endetidsprosessen i gang. Ingen, utanom Gud, veit den nøyaktige timeplanen og når ting skal skje (iv), men Jesus sa til læresveinane sine at dei skulle sjå på teikn i tida, - og slik vita at slutten nærma seg (v). 

Det første Johannes fekk sjå då endetida vart rulla ut framfor han, var ein ryttar på ein kvit hest: «Og eg såg – og sjå: Ein kvit hest, og han som sat på den hadde ein boge. Og dei gav han ei krone, og han drog ut med siger og for å sigra.» (Op 6;2).

Om Jørgen Darre hadde denne ryttaren i tankane då han skreiv salmen, veit eg ikkje, men det er ingen tvil om at denne ryttaren rir gjennom verda og sender ut «pilar». Krona, teiknet på makt til å regjera, fekk han av «dei». Bibelen gjev ikkje noko svar på kven desse «dei» er, men det kan vera dei han hadde vunne og som har gått med han i striden? 

«- og han drog ut med siger og for å sigra», det vil seia at han fekk framgang og meir og meir makt.

Skjermdump frå JPost på internett, 25.01.24.

Mediaflaumen, eit endetidsteikn

Siste hundreåret har flaumen av informasjon vakse meir enn heile tida det har eksistert menneske på denne jorda. No er det ikkje berre ord som vert sende ut, men også bilete og lyd, og alt vert spreidd verda over, fortare og fortare.

Kanskje holkortmaskinene var første steget fram mot datamaskinene av i dag? I alle fall har me sidan hatt ei akselererande utvikling i både lagring og bruk av data. Telefonane var knytt fysisk saman gjennom eit nett av trådar, men kunne drivast av batteri. Radiobylgjene opna for trådlaus kommunikasjon verda over, og teleks og telefaks letta flyttinga av det skrivne ordet like fort og langt. Det same galt utviklinga av fotografi og lagring av bilete, frå Daguerrotypiet til dagens teknikk for bilete, fargar og lagring.

I dag har me over alt med oss ei minidatamaskin, mobiltelefonen, som kan gjera alt dette både fortare, finare og billegare. Me er stadig  på jakt etter noko nytt, og mediaflaumen tek større og større del av vår tid og vår evne til å absorbera ny kunnskap.

Informasjonsflaumen har enorm kraft. Propaganda og reklame er ikkje noko nytt, men begge har tilpassa seg alt det nye og utgjer ein større og større del av mediabiletet. Kven av oss tek ikkje opp telefonen når me har litt tid? Heilt frå tidleg barnealder er telefonen no ein av viktigaste portane til kunnskap og påverknad. Han formar tankesett og handlingsmønster, og har skapt det me kan kalla «influensar-industrien». Gjennom sin musikk, sine bilete og sine ord får «influensarane» konsumentane sine til både å gjera det dei vil, gjera dei innkjøpa dei reklamerer for, og i tillegg spreia media-«pilane» vidare til nye menneskje.

Kunstig intelligens og nye teknikkar skaper tekstar, bilete og lydar så vanlege folk ikkje kan skilja mellom det ekte og det uekte. Røysta vår, måten me snakkar og uttrykkjer tankane våre på, og bileta av oss, kan kopierast og omarbeidast så nøye at er uråd å skilja om det er eit levande menneske eller eit maskinprodukt. Falske nyheter, såkalla «fake news», utgjer ein stadig større del av informasjonsmengda, seiest det.

Mediakrig
Skjermdump frå JPost på internett, 31.12.23.

Jødehat, uansett kva namn det er pynta med, har som mål å skada og eller gjera ende på jødane og Israel. Golda Meir sa det: «Dersom me må velja mellom å vera døde og at folk synest synd i oss, eller å vera i live og at folk har eit negativt bilete av oss, så er det å leva med eit negativt bilete å føretrekkja». (vi) Dette var realiteten under det engelske mandatet då både jødar og arabarar der hadde pass og identifikasjonspapir som sa dei var «palestinarar», dvs. busette i området romarane og seinare engelskmennene kalla «Palestina». I dag er denne sanninga forvridd slik at arabarane i Israel vert oppfatta som «urfolk», og jødane som «inntrengjarar».

Det same gjeld realitetane bak og i krigen i Gaza. Media spreier bilete der vesentlege fakta er underslegne eller pynta på, bevisst eller ubevisst. Statar som Noreg med statsminister og utanriksminister, støttar opp om dette biletet så godt dei kan. Dette formar vanlege folk sitt bilete av jødar og Israel på same måten som propagandaen nazistane og andre jødehatande ideologiar produserte på 1900-talet.

«Tostatsløysinga» - ein dødsdom for Israel!

I går las eg at i områda på den såkalla Vestbredden viser ei meiningsmåling no at rundt 75 % av dei spurde støtta det Hamas gjorde 07.10.23! Hamas og Palestinsk Jihad i Gaza, Hizbulla i Libanon, Houtiane i Yemen og Iran sine undergrupper i Syria har alle sagt at deira mål er å drepa jødane og fjerna Israel frå kartet! Dette er dei «demokratiske kreftene» som USA og Noreg med fleire arbeider for skal få makta over store og sentrale delar av dagens Israel! 

Får tostats-tilhengjarane vilje sin igjennom, vil det blodbadet som Sør-Israel opplevde 07.10.23, berre vera ein dråpe i havet mot det som vil koma. Det trur i alle fall eg.

Er det det dei «Israel-vennlege» politikarane arbeider for?
                        
-------------

(i) Denne salmen vart skriven av biskop Hans Jørgen Darre i 1870, og omsett av Bernt Støylen i 1906. Denne teksten er slik du finn han i Salmebloggen (http://salmebloggen.no/2008/12/22/et-ord-er-en-pil/). (Merknad: «ikke» i tredje linje i verset verkar framandt for meg!)
(ii) Israel vert i det kapitlet omtalt som ei kvinne. Derfor «hennar».
(iii) «Då sa ormen til kvinna: De kjem slett ikkje til å døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av det, vil augo dykkar verta opna, de vil verta som Gud og kjenna godt og vondt.» (1M 3;4-5) Første delen var rein løgn, for med syndefallet kom døden inn i verda. Andre delen var ei halv sanning. Dei lærde fort kva som var godt og vondt, men der stogga og likskapen mellom dei og Gud!
(iv) Apg. 1,7.
(v) Luk. 21.5 – 36.
(vi) Mi omsetjing av «If we have to have a choice between being dead and pited, and being alive with a bad image, we’d rather de alive and have the bad image». Sitert i artikkel i JPost, 25.01.24. (Leitar du på internett, vil du truleg endå finna biletet der Golda Meir viser passet sitt frå før 1948. I det er ho «palestinar»!)

Merk: Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.


Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar