søndag 4. februar 2024

 «Dikt og forbannet løgn»

Alt set spor i oss. Problemet er å tolka inntrykka rett...
Den gode Peer Gynt å heldt seg ikkje alltid til det som var sant og rett. Henrik Ibsen la desse orda i hans munn. Kanskje Ibsen meinte det var slik me menneske eigentleg er?

Du veit me kan sjå føre oss og dikta opp ting som ikkje er reelle. Når me drøymer, «ser» og «opplever» me mykje som ikkje passar inn i den verda me vaknar i. Noko liknande kan skje i vaken tilstand. Då kallar me det «dagdrøyming», og me lever oss også då inn i ei oppdikta verd. 

Han far var ein meister i å fortelja, og me ungane «såg» føre oss det han fortalde. Til tider kunne me oppleva det som om me var med i forteljingane. Me levde oss inn i rolla som helten som løyste alle vanskar, eller som Peer som reid på reinsbukken i jagande flog over kvassaste egga. Trur du ikkje han  Peer trudde sjølv på det som han fortalde, og ville få andre til å tru det og?

Ein ressurs

I daglegtalen snakkar me om «å innbilla seg ting». Kanskje du og føretrekkjer ei god bok eller litt TV i staden for å ta klevasken eller gjera noko du kvir deg til. Og dette endå me veit vel at Peer Gynt, Sherlock Holmes, Tarzan og dei andre heltane me bruka tida vår på, berre er er oppkontruerte figurar. Likevel er dei tiltrekkjande på folk. I «gamle dagar» var forteljinar ein viktig faktor for å planta etikk og moral inn i store og små, til dømes gjennom folkeeventyra. I dag er det media som formar oss i større og større grad.

Godt eller gale?

Gjennom same døra, - dvs. evna til motta informasjon og inntrykk,  kan det koma inn både godt og gale. Slik kom nazismens og kommunismens rase- og jødekarateristiskkar inn, brende seg fast og forma både politikk og samfunn i Europa på 1900-talet. Kløktig propaganda opna veg for politisk og etisk omvelting. Store folkemengder oppførde seg likt, mange kledde seg likt og mottok same informasjonen. (i) Etter krigen vart det snakka om «massesuggesjon». Den fekk elles kloke og sindige folk til å vera med på hakkande galne ting!

I dag snakkar me om reklame og «influensing». Tenk at sunne og friske ungdomar let seg operera for å sjå «finare» ut, kjøper det eller det produktet for å bli meir populære, og eller gjer enda verre ting! (Skal eg vera ærleg, er eg kanskje ikkje så mykje betre sjølv, men det må du ikkje seia til nokon!)

Kan du "lesa" desse?
Forvridd informasjon skaper forvridde idear

Hamas og dei andre terrororganisasjonane brukar «sivile», - barn, kvinner og eldre, «som kuler og krut» i mediakrigen mot Israel og jødane.  Dei fleste media føl etter og spreier sanningar, halvsanningar og rein løgn utover. Dei som ikkje veit noko anna, trur alt, uttalar seg bastant og handlar ut frå det dei les, høyrer og ser.

Mange land har stogga hjelpa til UNRWA etter at det er slege fast at mange av deira tilsette både støtta terroren og deltok i mishandlingane 07.10.23 og seinare. Norske styresmakter derimot neglisjerer informasjonen og held fram som om ingen ting har hendt. Kanskje neste trekket deira er å invitera terroristane til luksusopphald på Gardermoen, - dei og?

Ei todelt verd

Amerikansk politikk er todelt, i alle fall slik eg ser det.  Enten er du det eine, eller så er du det andre, - enten «esel» eller «elefant». Me her i Noreg har endå ei brei rekkje politiske parti, men me er å veg til å få amerikanske tilstandar, me og. Dette fordi den norske mediaverda er delt i to, -  på høgresida Schibsted Media Group eller kva dei kallar seg, og på venstresida A-media eller «Arbeiderpressen» som det før heitte. 

Desse to største aktørane styrer norsk mediaverd.  Dei arbeider sjølvsagt for å gjera seg rike, men dei utnyttar og bevisst si «influensarmakt». Målet er at forbrukarane skal gå i den eine eller den andre retningen, alt etter kva politikk dei sjølve står for.

Media, - ein «forsøksgard» for nye idear?

I produksjonen av nye plantar, har «forsøksgard» og «planteskule» lang tradisjon her til lands. Dei første tek inn nye plantar til Noreg, eller prøver å avla fram nye typar med dei eigenskapane som dei meinar bør brukast. Planteskulen lagar småplantane og lærer folk til å bruka dei, enten det er prydplantar eller plantar for framtidig avling. Mediahusa fungerer på same måten.

Me har hatt to religiøse retningar som har kome sterkt i fokus siste åra: Guds Menighet Vegårdshei og Jehovas Vitner. I begge tilfelle starta det, så langt eg såg, med at misfornøgde «avhopparar» vart presenterte i media, og slik gav organisasjonane negativ «image». Deretter balla det på seg: Statsapparatet «spurde» om «måten dei arbeidde» burde gjeva rett til statstilskot, og så vidare. No er det i gang ei rettssak som, om Jehovas Vitne taper, snart vil gå vidare til andre trusretningar som ikkje «oppfører seg» slik regjeringa og departementa vil. 

Me fyller oss heile tida med informasjon, men greier me å orientera oss i medialandskapet?

Noko liknande skjedde med omlegginga til dab-radio her til lands, noko som me etter kvart bør vedgå var eit mistak. (ii) Elektrifiseringa i transportsektoren som vart tvangsinnført «for klimaet sin del» etter langt og grundig mediearbeid. Alt starta som ein mediastorm og vert gjennomført uten grundige analysar, uten langsiktig planlegging og uten nødvendig evaluering av strategi og framdrift. Resultatet er skyhøg straumpris og til dømes «Melkøya-fadesen» som vil kosta landet enorme summar. Det same gjeld problema innan transportsektoren som me har opplevt denne vinteren.(iii)

Anti-Israel og anti-jøde-krigen i media er ei like reell krigssone som Gazastripa med sine 365 km2. NRK gjer det dei kan for å få konsumentane sine til å gå dit utanriksministeren og statsministeren vil. Målet er å «ala fram» meiningar og haldningsmønster som støttar regjeringa sin hovudlause Midtaustenpolitikk…

Tostatsløysinga, - det nye holokaust?

Me har høyrt at både dei som leier norsk utanrikspolitikk, FN, president Biden og andre ser på «tostatsløysinga» som «vegen til fred i Midtausten». 

For Israel som opplevde 07.10.23, er målet som terroristane arbeider for, det same som Hitler og nazistane hadde: Å drepa flest mogeleg jødar og hindra at dei har eit eige land! (iv) 

Men slikt passar det vel ikkje å skriva i desse dagar då verda (med FN i spissen) har vedteke å minast Holokaust (v), men likevel gjer alt dei kan for å hindra at jødane skal få forsvara seg!

--------------

(i) Talane i Tyskland der store folkemengder høyrde villig på Hitler, løfta høgrearmen og ropa «Heil Hitler» av full hals, er eit døme på dette.   (ii) Me er om lag dei einaste i verda som brukar DAB-systemet, endå det vart presentert for oss som «framtida sin radio» og «det alle vil gå over til». Israels militære har i krigen i Gaza har gått tilbake til AM systemet. Det som fungerer mykje betre enn FM. Det når over større avstand og fungere både oppå og nede i tunellane!   (iii) Eg var på ein bilverkstad i eit område som har brøyting av veg på fjellet. Dei sa den elektriske brøytebilen var eit teknisk misfoster. Han måtte lagast 4 timar for kvar times bruk!   (iv) Du finn det skriva både i deira «Charter» (trisvarande vår «grunnlov»), og elles.    (v) FN vedtok 01.11.2005 at dette skulle vera «International Holocaust Remenbranceday». I Noreg har 26.11. vorte brukt som ein minnedag. Det var den dagen «Donau» la frå kai i Oslo med 532 norske jødar om bord. Israels holocaust-dag, Yom HaShoah, vart først feira 28.12.1949, og føl deira kalendar. På vår kalendar er det frå 4. mai ved solnedgang til 5. mai i 2024.

(Det nedste biletet er frå Vik i Sogn,  med utsyn mot Vikfjellet.)

---------------

Det er forbode å bruka både tekst og bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar