søndag 18. februar 2024

Lovfesta antisemittisme

Den komande, store festen på jødane sin kalendar, er Purim. I år startar han 23. mars på kvelden og varer eit døger. (i) Det er ein fest som ikkje er omtalt i Toraen, men som har sitt opphav i Esters bok og det som hende rundt 500 år f. Kr.

Boka er spennande, - poetisk og romantisk. Grunntemaet, slik eg les boka, er jødehat og jødane sin kamp for overleva. I dag vert «jødehat» kalla antisemittisme, anti-zionisme, anti-israelisme eller anti-eitt-eller-anna knytt til Israel og jødar.

Esters boka er delt i 10 kapittel, og den foreldrelause ungjenta Ester dukkar opp i 2. kapittel. Ho vart oppfostra av Mordekai, ein jøde som ved eit høve hadde varsla kongen om ei samansverjing, og dermed berga livet hans.

www.timesofisrael.com/Macron hosts memorial for Oct. 7

Kong Ahasverus fekk problem med dronninga Vasti, og rådgjevarane hans tilrådde han å finna seg ei ny dronning. Ester vart så dronning, men fortalde ingen at ho var jøde.

Eit klassisk døme på jødehat

Kongens fremste rådgjevar, Haman, var jødane sin bitre fiende (ii). Han hata særleg jøden Mordekai som nekta å bøya seg i støvet for han. Av den grunn fekk han kongen til å laga ein lov som sa at alle jødar skulle drepast: Unge og eldre, speborn og oldingar, - og det dei hadde av verdiar, skulle andre få overta. Med andre ord anti-semittisme i lovs form.(iii)

Hengja bjølla på katten?

Ei forteljing då eg var liten, var soga om musene som ville hengja bjølla på katten.(iv) Alle var einige om at det trongst. Spørsmålet var berre kven som hadde mot og styrke nok til å gjera det. Og det hadde ingen….

Både FN og regjeringane rundt om i verda (inkludert den norske) snakkar kor viktig det er å kjempa mot antisemittisme. Derimot, når det er snakk om det som skjedde 07.10.23 i Israel, vil dei knapt å ta ordet i sin munn. Derfor var det godt å lesa den franske presidenten Macron sine ord, refererte i Times of Israel. Han hadde mot og vilje til å seia det dei fleste er for feige - eller for «politiske riktige» - til å seia.

42 av dei som vart drepne den dagen, var franske jødar. I ein minneseremoni for desse, omtalte Macron 07.10.23 som «den største antisemittiske massakren i vårt århundre».(v)

Skjermdump frå JPost den dagen det vart publisert
Og ….?

Nokså kontakt vart han angripen av ein av FN sine representantar. FN sin spesialreportar for dei palestinske områda, Francesca Albanese, gjekk i strupen på Macron og sa: «Den største antisemittisme massakren i vårt århundre? … Dei drepne 7/10 vart ikkje drepne fordi dei var jødar, men som eit svar på Israel si under-trykking.» (vi)

Den franske utanriksministeren svara straks: «7.oktobermassakren er den største antisemittiske massakren i det 21. århundre. Å diskutera dette er ein feil. Ein freistnad på å forsvara dette i FN sitt namn, er ei skam».(vii)

Hamas er ikkje ei terroristar?

Det siste nye er at han som leier FN sitt hjelpeprogram, Martin Griffiths, seier til Sky News at han har forståing for det traumaet som Israel opplevde 07.10.23, men han meinar at Hamas driv politikk! Han seier: «Hamas er ikkje terroristar for oss, som du veit. Dei er ei politisk rørsle. Men, eg trur det er svært vanskeleg å skilja desse gruppene utan ei framforhandla løysing; det vil seia der deira mål vert tilgodesett». (viii) Etter det som står i deira «charter» (ix), er målet deira å utradera Israel, og det vil han «tilgodesjå»?

Israel har reagert med å nekta Albanese innreiseløyve til landet. For dei er hennar utsagn ei vidareføring av FN sin sterke antisemittiske og «anti-israelske» haldning. Korleis dei vil svara på Griffiths utsagn, står att å sjå.

‘Hamas is not a terrorist group,’ says UN Relief Chief Martin Griffiths - The Jerusalem Post (jpost.com)
 

Trur du ikkje at FN er antisemittisk?

Dersom du kan telja, finn du beviset sjølv. Leit fram talet på alle FN sine resolusjonar mot statar i verda. Om dei mot Israel vert stabla oppå einannan, vert det ei høgblokk. Tilsvarande resolusjonar mot Nord-Korea eller andre totalitære statar, vil knapt visa att ved sida av!

Vil andre enn Emmanuel Macron og franskmennene våga å hengja «bjølla på katten»?

I alle fall ikkje den regjeringa me har i landet no. Det trur no eg….

------------
(i) Dagen - eller døgeret i den jødiske kalendaren startar når dei første stjernene viser seg om kvelden, og varer til same tid neste dag. På vår kalendar vert Purim frå 23.03 om kvelden til 24.03.24.
(ii) Ester 8,18-10.
(iii) Noko liknande skjedde i Noreg i 1942 då Quislingregjeringa planla deportasjonen av norske jødar til Tyskland.
(iv) Ein kortversjon finn du på ndla.no:  Norsk (SFvg2) > Tekst i kontekst > Folkediktning > Da musene holdt møte.
(v) Mi omsetjing frå: «French President Emmanuel Macron ---- describes October 7 by Hamas in Israel as the «biggest antisemitic massacre of our century»….»
(vi) Frencesca Albanese skreiv på X : «The victims of 7/10 were not killed because of their Judaism but in response to Israel’s oppresseion».
(vii) Mi omsetjing av: «.. the October 7 massacre is the largest antisemitic massacre of the 21st century. Disputing it is an error. Seeming to justify it by including the namn of the United Nations is a disgrace».
(viii) Mi omsetjing av: «Hamas is not a terrorist group for us, as yoy know, it is a political movement. But, I think it is very difficult to dislodge these groups without a negotiated solution; which includes their aspirations».
(ix) Tilsvarar vår «Grunnlov». For meg er dette "charteret" ein lov på linje med det Haman's lov .


Merknad: På grunn av at informasjonen som vert spreidd her i landet er unøyaktig og til tider direkte feil, brukar eg mykje plass til kjelder som eg er inne på og som eg har meir tru på enn til dømes NRK. Eg rår alle som les bra engelsk, å gå inn på Jerusalem Post, Times of Israel , ILTV news, m.m. og få del i informasjon som dei fleste norske media ikkje tek inn.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar