søndag 21. januar 2024

 Tankar rundt krigen i Gaza. (Del 2.)

1. Største skilnaden på denne og tidlegare krigar, er bruken av tunellar

Største problemet for Israel er at dei dei kjempar mot, held seg under jorda. Kanskje Hamas skrytte då dei snakka om 500 km tunellar under Gazastripa, men etter det som Israel no har fått fram, så er det snakk om tunellar og infrastruktur til mange milliardar dollar. Konstruksjonane beviser fagleg kunnskap, dyktige ingeniørar (i) og tusenvis av arbeidarar som må ha jobba der nede under jorda år etter år. Enorme mengder sement, armeringsjern, kablar og røyrsystem til lys, vatn- og ventilasjon har vorte importert og nytta der nede. 

Skjermdump frå JPosts artikkel 04.01.24
Den største tunellen eg har lese om, munnar ut berre 400 meter frå Erez-porten mot Israel (ii). Han er 4 kilometer lang og ligg omlag 50 meter nede i jorda. Bygginga skal ha vore leia av veslebror til Hamas-leiaren, Tahya Sinwar. Ein Hamas-vido viser Sinwar når han køyrer ein liten jeep gjennom tunellen! Dette gjev oss ein ide om kva verdi desse tunellane har for flytting av våpen og personell utan at det kan registrerast oppå jorda.

Tunellinngangar er funne i privathus, i og ved offentlege bygg som skular og sjukehus, og tilsvarande gøymestader. Gjennom tunellopningane kjem terroristane fort til syne for å angripa soldatane, og går ofte bokstaveleg talt «under jorda» når Israel angrip dei.

2. Bevisst bruk av sivile som skjold

Ingen kan nekta for at Hamas gøymer seg med våpenarsenal, våpenproduksjonslokale og utskytingsrampar i, under eller nær institusjonar som etter det gamle paradigmet skal vernast i ein krig. (iii) 

Tunellane gjer og at når Israel har rydda eitt område, kan terroristane flytta våpen og utstyr og skyta raketter frå nye stader, - då ofte frå stader som Israel har sett av som «trygge» for dei ikkje-stridande. For å stogga rakettane må Israel bomba utskytingsrampane. Dette fører til at uskuldige menneske døyr, og det visste Hamas då dei starta skytinga. Israel derimot har brukt «skremsle-bomber» og flygeblad for å få sivile til å rømma før sjølve åtaket. Dette er gjort nettopp for ikkje å drepa eller skada uskuldige.

Skjermdump frå artikkel i "The Times of Israel" 08.01.24 om kva «tunellkrig» er.

  3. «Proporsjonelle» tapstal?

I media møter me stundom informasjon som kan samanliknast med ei gammaldags brevvekt. Ho fungerte ved at ein fekk jamvekt i begge vektskålene. Media gjer det same når dei snakkar om «proporsjonelle» tal på døde i Israel og Gaza. (iv) 

Eg tenkjer ofte på kor mange menneske som vart drepne 07.10.23, og kor mange menneske som er drepne i Gaza etterpå. Det er grufullt! Men jødane som vart drepne den dagen, levde i fred då åtaket kom. Dei som vert drepne i Gaza, døyr fordi Hamas gøymer seg mellom og under folket dei vart valde til å styra og verna. Hadde terroristane stått fram som ein normal hær, ville folket i Gaza lidd minimalt, og krigen hadde vore over på kort tid. Det er derfor ikkje Israel som kan skuldast for folkemord. Skulda ligg hjå Hamas både for 07.10.23, og for det som har skjedd på Gazastripa etterpå.

Samanliknar me sivile tapstal i Afganistan og Libya pr. bombe, er tapstala minimale i Gaza. Eg såg ein statistikk på dette for ei tid sidan. Tap i Gaza er berre nokre prosent av det tilsvarande talet på døde pr. bombe i dei krigane der også Noreg deltok. Og Israel har gjort meir for å spara sivile liv enn nokon annan krigførande nasjon tidlegare. Men er ICJ (og verda elles) villig til å erkjenna det?

4. Reelle tapstal

Skjermdump frå Israel/Gaza-krigen: Kart og grafikk (vg.no)

Du hugsar vel al-Ahli Arab-sjukehuset som Hamas sa Israel hadde bomba og at der var 500 døde? Satelittbilete viste seinare at det var ein rakett frå Gaza som gjekk feil og slo ned i bakgarden på sjukehuset der mange hadde søkt ly. Sjølve sjukehuset var uskadd, og det vart offisielt registrert 50 døde. Altså 10 %. Det er sagt at statistikken i Gaza er svært usikker, med det er vel lite truleg at feilmarginen er så stor som i oppslaget om nemnde sjukehus?

Dei som har studert statistikken, seier at der er få døde i den aldersgruppa som terroristane høyrer til, men derimot unormalt store tal på døde barn, kvinner og eldre. 

Israel har eit visst oversyn over kor mange terroristar dei har drepe, men dei høyrer ikkje heime i statistikken over døde sivile. Mindreårige som er barnesoldatar eller arbeider i lag med kvinner og eldre menneske som informantar, er nok med. Kor mange det er snakk om, er uvisst, men som aktive informantar i terrornettverket til Hamas, skulle dei heller ikkje teljast som «døde sivile».

5. Mediakrig

Krig har alltid hatt stor plass i nyheitene, men aldri har informasjon vorte spreidd så fort og i så store mengder som no. Data og mobiltelefon er allemannseige. Det som vert spreidd slik, påverkar meir og meir tankegangen til oss alle. «Influensar-industrien» som eg kallar han, er eit tydeleg bevis på kva makt media har.

Bilete frå "The Times of Israel" 06.01.24 som viser resultatet av mediakrigen
Hamas har brukt og brukar desse media og spreier store mengder halvsann og falsk informasjon. Eit godt døme på dette er det før nemnde sjukehuset som ikkje vart bomba, men som likevel brende seg fast i minnet hjå mange, og som no derfor dømmer Israel for «folkemord». Israel brukar meir tid på å kontrollera at det dei offentleggjer, er rette og kontrollerbare data. Dermed kjem dei for seint og må bana seg veg i eit medielandskap som motparten alt har sett sitt preg på.

Dermed er ideen om «dei stakkars fattige palestinarane» som kjempar mot «mektige Israel» grodd fast, og statistikken over døde «sivile» i Gaza vert godteken uten kritiske spørsmål.  At dette formar folkeopinionen som til dømes i vårt land, er ingen tvil, men greier juristane i Haag å sjå gjennom «medieskodda» og sjå «landskapet» krigen føregår i?

6. Kvifor all den bombinga i Gaza?

Det veldige nettverket av tunellar knytte til bygningar over jorda, må destruerast. Det finst ingen annan måte å få terroristane opp i dagen og få øydelagt våpenarsenal, produksjonsstader for rakettar m.m. som Hamas har der nede. (v) Mykje av den bygningsmassen som Israel må øydeleggja for å nå Hamas der nede, er solide betongbygg, i mange tilfelle konstruerte for å tola jordskjelv. Av den grunn må Israel bruka enorme mengder dynamitt og bomber både over og under jorda for å nå målet.

Denne nye forma for krigføring gjer også at oppattbygging av Gaza etter krigen, vil møta større og andre problem enn oppbygging etter tidlegare krigar.

Konklusjon

Skilnaden på krigen då FN og ICJ vart grunnlagt, og det som føregår i Gaza i dag, er enorm. Ei rekkje av dei kriterium, definisjonar og prinsipp som vart lagt til grunn etter andre verdskrigen, er utgått på dato. Dei er ikkje relevante lenger. Dette krev nytenking, både når det gjeld måten krigen vert driven på, bruken av sivile som skjold, og som «ammunisjon» i den stadig viktigare krigen i media. Forståinga av kven som er «sivile» og «soldatar» må redefinerast av den enkle grunn at dei ikkje samsvarar med realitetane.

Den forma for krig som Hamas driv, er så ulik tidlegare krigar at det juridiske grunnlaget for ICJ og verda sin tradisjonelle måte å definera krig på, krev for ein grundig gjennomgang av både kriterium, definisjonar og lovparagrafar.  

Til ettertanke (vi)

Jesus sa: «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.» (Matt 7;12)

Talmud, Shabbat, 31a:  «Gjør ikke mot din neste noe du ville mislike dersom det ble gjort mot deg. Dette er hele loven. Resten er kommentarer.» 

Koranen, 2:279: «Dere skal ikke gjøre urett, men det skal heller ikke gjøres urett mot dere.» 

---------------
(i) «Israel Today» har ein artikkel 09.01.24 om største våpenfabrikken IDF har funne til no. Han låg i tunellsystemet under Khan Yunis. Der laga dei mellom anna rakettar som kunne nå Tel Aviv.
(ii) Du kan lesa meir om denne i «Jerusalem Post», 04.01.24, under tittelen «IDF gives «Post» a look inside Hamas largest terror tunnel in Gaza».
(iii) Dette er for meg eit av bevisa på at den gjeldane «folkemordkonvensjon» er utgått på dato, og at paradigmet den byggjer på, må reviderast.
(iv) Tenk på andre verdskrigen då 6 000 000 jødar vart drepne av tyskarane. Ikkje noko normalt menneske vil seia at «det er proporsjonalt rettferdig» om jødane får drepa 6 000 000 tyskarar? 
(v) Nazisane drap jødar med gass som var tyngre enn luft, så ved å bruka same eller liknande gassar, kunne Israel spart mykje av bombinga. Men bruk av slike gassar er ulovleg og vert reknar som krigsbrotsverk. Dessuten er – så langt me veit, gislane også gøymde i tunellane.
(vi) Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. Dei to andre sitata er frå https://no.wikipedia.org/wiki/Den_gylne_regel
---------------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar