lørdag 9. november 2019


Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 6: Finst slike tendensar i samfunnet vårt i dag?

Kanskje du no seier "Nok er Nok"! Eg er einig med deg. Temaet er både trist og tragisk. Men spørsmålet vil ikkje forlata meg. Finn me notida i fortida?

Dersom sjølve drivkrafta i desse rase-rørslene var mentale idear med berre eit visst tilknytingspunkt til den reelle, fysiske verda, kva garanti har vi for at slik "galskap" ikkje kan koma i høgsetet att?

Eg har leitt etter kva som var typisk i den eugeniske-nazistiske utviklinga. Det eg fann, gav meg vakenetter.

Lettast å sjå er teknikkar brukt i forskjellege i media og offentleg debatt. Mykje kan delast etter aksen til "Janteloven": Det er "eg" eller "me" versus "dei andre." På den måten er det lett å stigmatisera dei "andre". I gamle dagar snakka folk om "vrengebilete". I eit slikt ser ein ikkje reelle mennesket eller står i fare for å kjenna empati med "uynskte" einskildmenneske eller grupper. Her er nokre døme:


Ein tysk plakat som viser kven som ikkje skulle få born (og som me ser: Dei har flest).
Og ariarane burde få born. Liknande skjema fanst og i Noreg!

A: Hindring av fri meiningsutveksling.

Fri meiningsutveksling mellom like partar, inneber ein fåre for at dei argumenta "eg" og "me" fører til torgs, ikkje er gode nok. Dermed må meiningane justerast eller gjevast opp. Dette er ein av grunnpilarane i eit sunt demokrati. Likeverdig meiningsutveksling må derfor ikkje undertrykkjast. Også dei "steriliserte" må få koma til orde og verta synlege i det offentlege rom.

Under krigen kosta "motstand mot styresmaktene," - det som ikkje stemte med det offentleg godtekne og idealiserte, både liv og helse, heim og familie. Sjølv der motiva var alt frå fedrelandskjærleik til etiske grunnprinsipp om likskap og menneskeverd. Derfor risikerte "motstandarane" alt, inkludert tortur og deportasjon.

Jøden som slange....

B: Stigmatisering.

Det å snakka ned "dei andre" (les: "dei eg ikkje likar") er velkjent og velbrukt. Janteloven og. Men no vart "dei andre" - dei som ikkje er som "oss" eller ikkje meinar det same som "oss", skulda for alt gale. Ironisering og spott ein mykje brukt teknikk i starten. Seinare mykje verre teknikkar som me alle veit.

Lettast å finna døme med jødane som etter nazistane sin propaganda var skuld i alt gale lokalt som globalt. Rase- og slektshygiene, økonomi, svolt, sjukdom og krig.


Liknande utgåver av "Zions vises protokollar"
finst verda over.
Same teknikken vart brukt mot kriminelle "slekter", og menneske med fysiske eller psykiske problem.

Jødane vart stigmatiserte gjennom teikningar til dømes. Slik vart det skapt eit bilete som framleis ser ut til å halda seg mellom vanleg folk. I Noreg er det få som personleg kjenner jødar. Spør eg korleis ein jøde ser ut, vert svaret omtrent slik: Liten og mørk, krokete nase, glo etter pengar, ynskjer å lura deg, osv. (Fotnote 1)

Best kjende boka er "Zions vises protokoller" (Fotnote 2). Trass ulike "segn" om korleis "protokollane" vart kjende, veit me i dag at skriftet er i stor grad eit plagiat av det den franske juristen Maurice Joly skreiv: "Dialogue aux enfers entre Machiavel et Montesquieu ou la politique de Machiavel au XIXe siécle" ("Dialog i underverdenen mellom Machiavelli og Montesquieu, eller Machiavellis politikk i det 19. århundre" ). (Fotnote 3).


C: Glorifisering.

 Då vert "nokre" som er "våre" utvalde, det vil seia dei som er "in", gjeve større plass og betre oppslag i media og det offentlege rom enn "dei andre". Dei vert heia fram og sett opp som "progressive" og "framtidsretta".

D: Økonomi-argumentet.

 Eit viktig argument har alltid vore økonomien. Det var til dømes "for dyrt å fø" folk med fysiske og psykiske særdrag, kriminelle og "heimlause". I første omgang. Seinare ville landet spara store utlegg ved å hindra å formera seg og få "etterslekt". Nazistane sitt neste steg var tvangsarbeid, det vil seia utnytta dei "menneskelege ressursane" desse individa representerte maksimalt, men samtidig til så låge kostnader som mogeleg. Og når ein ikkje kunne ha noko nytte av dei lenger, - i ovnen.
(Fotnote 4).


I Noreg skulle slike få leva, men ikkje formera
seg. I Tyskland: Vekk med dei!!!
Finn me slike tendensar i Noreg i dag? Både "Nei" og "Ja". Slike overgrep som både eugenikkarane og nazistane stod før, trur eg me er frie for. Det skal me takka Gud for. Samstundes er her tendensar som gjev grunn til uro, og som treng både forbøn og bevisstgjering:

Hindring av likestilt meiningsutveksling (A): Dette skjer stadig vekk. Eg skal ikkje ta eksempel, men tenk når du ser debattar eller utspørjingar i NRK, til dømes som del av Dagsrevyen (omlag det einaste frå NRK som eg brukar tid på). Kven bryt programleiarane mest av? Kven får siste ordet? Det er sjeldan eller aldri dei som ikkje høyrer til "In-trenden" i tida. Det er det same enten det gjeld etikk, kristendom, politikk eller andre ting som rører seg i tida.

Stigmatisering (B): Teikninga av mørkemenn går særleg ut over konservative kristne. I alle fall ser det slik ut for meg, men det kan vera fordi dei er "mi" gruppe. Biletet er todelt. Det første kjem ikkje direkte fram, men ligg "underforstått". Du finn det til dømes i omtalen "Bibel-beltet". Dei er "annleis", og vert sett opp mot "oss" (resten av landet) som er meir progressive og frigjorte (Fotnote 5).

Det andre er det som i mine auge er direkte "sverting". Også der har NRK stilt opp for å spreia nyheiter som "Jøde-svin" og "Nazi-frisør" for å nemna nokre. Sidan landet vårt ikkje lenger har eit lovverk som vernar rettane og kjenslene til einskildmenneske eller grupper, er det praktisk talt fritt fram.

Vel, NRK trekte tilbake det med "Jøde-svin" på grunn av press frå sjåarane. Men bad dei - og "humoristane" som gjer pengar på å stigmatisera andre - JØDANE om tilgjeving? Det var jo dei det gjekk ut over?



Ingen kunne vel tvila på at "dei uynskte" var ei tung bør?

Økonomi-argumentet (C): Eit viktig argument for eugenikken og nazismen, var økonomien. Det var til dømes "for dyrt å fø" folk med fysiske og psykiske særdrag. Siste dømet på slik argumentasjon gav helseminister (okt. 2019) som forsvaret for at han gav gratis medisin for at ei viss gruppe ikkje skulle få hiv-aids. Utlegget sparde samfunnet for store summar, sa han. Dette trass i at dei som fekk denne fordelen, hadde andre og mykje billegare metodar for å verna seg og sine. Dei slapp å betala eigenandel slik dei fleste av oss andre må gjera. Då hadde staten nok pengar. Var dette fordi det var snakk om "hans" gruppe?

På nasjonalt og lokalt plan finst medisinar til lidande som er for dyre til å brukast, sjukeheimar som er for små til alle som treng plass, og ei rekkje menneskje som passar sine sjuke /senile døgnet rundt heile veka og ikkje ein gong får det som så fint heiter "dag-tilbod". Kvifor? Manglande økonomiske ressursar. Seiest det!


For å kunna utrydda jødar utan protestar, var stigmatisering viktig.
Denne plakaten frå Tyskland var ein del av stigmatiseringsprosessen!

Sterilisering og kastrering ropar sjølvsagt ingen om i dag. Om ikkje anna, det høyrer fortida til. Men tanken - det å hindra at andre skal ha framgang og eit godt liv på same måten som "me" ynskjer det for "oss", kjem stadig oftare fram.

Frisøren som ikkje ville klippa ei dame kledd i hijab, vart hengd ut til media, vart håna som "nazi-frisør" og dømd både juridisk og mellom-menneskeleg for å seia si meining i ein kontekst der fleirtalet av det norske folk teier. Fordi vedkomande hadde ei meining som ikkje var "in" i tida, var det viktig å øydeleggja både hennar renommé og forretning.

Eit konditori som ikkje ville baka bryllaupskake til eit homofilt par, fekk problem på same måten. (Same har hendt i USA og Irland). Kristne som vil reservera seg mot ting dei meinar ikkje er rett, måtte stoppast. Ropet var ikkje "Kastrer dei", men: Ta frå dei levebrødet "om dei ikkje vil gjera det "me" meinar er rett og progressivt!
Skulane var eit viktig instrument for å forma kva
folk skulle meina om rett og gale...

Det same opplevde Jehova vitne som kom i "spott-lightet" (les: "spotte-lyset") for ting dei av religiøse grunnar ikkje vil delta i. Trass i at ein del av skatten me alle betalar går til støtte til religiøse samfunn, var ropet: "Ta frå dei stats-støtta". Og eg - så dum som eg er - syntest eg høyrer ekko av fortida....

Ikkje langt frå her eg bur, var ein prest som ikkje ville via personar av same kjønn.. No er landet fullt av prestar som med glede både vier og velsignar slike mot Guds klåre ord, men media kasta seg over saka, lokalmiljøet engasjerte seg, og situasjonen vart så vanskeleg at vedkomande valde å slutta i stillinga. Dei som representerte "me-flokken" jubla! Resten tagde still. På nytt: Er ikkje det du står for "in", så "vekk med deg".

Det same gjeld helsepersonell som reserverer seg for å delta i abortinngrep, og me kan sikkert finna andre døme. Det nyaste her og no er NLA og spørsmål både om kva kurs institusjonen skal ha, og kva plass "annleis tenkjande" skal få. Ideen om at homofili kan kurerast, må for all del drepast.

Eg skal slutta no. Berre eitt døme frå Tyskland der skulane underviste om "jødane": dei var skitne, uærlege og grådige, opphav til alle verda sine problem, rasemessig forkastelege osv. Desse påstandane like lite underbygde med vitskaplege bevis som utviklingslæra i norske skular i dag. Heller ikkje her, anno 2019, er det plass til ein sunn, offentleg debatt, trass i "Artenes opprinnelse" kom i 1859, og at på desse 160 åra ikkje har vorte funne ein einaste "missing link". Kort sagt null. Men gjeva denne debatten plass i det offentlege rom i landet vårt i dag? Aldri!

Eugenikkarane og nazistane fann "bevisa" i sine eigne hovud, skapte ein "trend" som både politisk og "vitskapleg" raserte alle motførestellingar og protestar. Der ord ikkje var nok, til våpen!

Kvifor skal me gjera same feila? Burde me ikkje ha lært?

------------------  

(1) Denne "prototypen" på "jøden" er hauggammal, halde ved like frå Mellomalderen av "kristne" i "kristne" land. Nazipropagandaen gjekk mykje lenger, men brukte same skjemaet.

(2) I Noreg kom boka ut i 1920 som "Den Nye Verdenskeiser. Zions lærde ældstes protokoller". I 1940 kom Norsk fronts: "Zions vises protokoller". I 1944 som: "Den Nye Verdenskeiser. En sensasjonell avsløring av de hemmelige trådtrekkere bak verdenspolitikkens kulisser". I tillegg vart teksten delt opp og trykt i "Hirdmannen" frå oktober 1942. Boka kom ut på nytt på Bergmann Forlag i Ørsta for ikkje så mange år sidan. (https://sma-norge.no/zions-vises-protokoller-fra-bergmanns-forlag. Okt. 2019).

(3) Les: Den store løgnen" av Dagfinn Rian, Sjalom forlag, Den norske Israels misjonen 1992.

(4) For mange var det grovaste dømet nazilegen som sende sin eigen i "ovnen". Guten var halvanna år og hadde ein relativt vanleg genfeil.

(5) Likevel - om me ser på folketalet - ser det ut til å vera meir verdiskaping der enn mellom tilsvarande populasjonar.

------------------- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar