torsdag 24. oktober 2019


Eugenikk - Vitskapeleg ugras eller dødeleg gift?


Del 2   

Vert rasemessige studier teke alvorleg i dag? 


Dette er siste av to hefte om emnet

Nokre år av livet har eg studert antropologi ved sida av arbeidet. Ikkje sosialantropologi slik som her heime[1], men anvendt antropologi tilrettelagt for katolske misjonærar og prestar. Ein av dei ting som forundra meg, var kor viktig studiet av karakteristiske rase-trekk var for 100 -150 år sidan. Antropologar reiste rundt, målte og studerte fysiske særdrag både her til lands og ute i verda. Og tok bilete sjølvsagt.

Her kan nemnast to samar som vart halshogne etter sameopprøret i Kautokeino i 1852. Skallane deira vart oppbevarte av universitetet i Oslo "som vitskapleg materiale". Først no i vår tid har samane fått gravleggja hovuda, trass i at slektningane har bedt om å få gravleggja dei alle desse åra. Svaret frå universitetet var "Nei". Først  no var tida moden. Var det fordi denne type forsking er gått av mote, eller at dei ansvarlege i Oslo har vorte meir humane i sin tankegang?

Vel, slik forsking er ikkje heilt gått av mote. Det finst dei som driv på med det heilt inn i "vår" tid.

Vikingar i Paraguay?
Desse "runene" var skrive over figuren av Odin!

Før og litt etter at familien vår kom til Paraguay i 1970, kom restane av ein til då nokså ukjent indianarstamme ut or jungelen. Dei vart då kalla "guayaki"  som betyr noko slikt som "skog-rotter". Desse vart sjølvsagt "forska" på. Ei gruppe "forskarar"  kom frå "Instituto de Ciencia del Hombre" - eller "Institutt for menneskeleg forsking" i Buenos Aires. Dei studerte stadane der denne stammen hadde opphalde seg, og dei fysiske karaktertrekka. Nett slik antropologane gjorde for 150 år sidan.

Funna var sensasjonelle. Først fann dei helleristingar med runer, strek som likna vikingskip og dyr slik me kjenner frå norske teikningar i berget. Til og med Odin fann dei, står det i ei av skriftene deira.

Endå meir interessant var studiet av dei fysiske måla deira, - det vil seia kor lang armen var i høve til kroppen, handa i høve til armen, og så vidare. I tillegg hadde dei det me alle kunne sjå: Einskilde har frodig skjeggvekst, noko som er uvanleg mellom indianarar, og nokre miste håret oppe på hovudet. Dei fekk "måne" med andre ord. Alt dette, sum a summarum, samstemde med informasjonen om "den nordiske rasen". Ja, "alt" stemde fann dei ut.

Vikingane hadde - etter det dei hevda - same høgda og same proporsjonane mellom kroppsdelane. Utstyrde med skjegg og måne, var dei "bevisleg" etterkomarar av folket som bygde i Vinland på den tida Eirik Raude levde. Vinlendarane måtte ha fortsett nedover kysten på Amerika og slege seg ned midt inne på kontinentet.

No er dette ein indianarstamme me som familie har kjent i 40 år. Eg har ikkje problem med å godta dei som både slekt og venner. Kjære venner. I vår familie har me ikkje problem med å inkludera dei. Men at me skal ha same forfedre? Nei, den var for dryg....

Problemet for den gode Jaime Maria de Mahieu, er at få andre trudde på teorien hans. Heller ikkje på hans vitskaplege forsking på Atlantis, UFO-ar og andre raritetar som har interessert han. Derfor - så langt eg kjenner til - finn du dette materialet på botn av nedste skrivebordskuffa hjå dei fleste. I "gøyme-skuffa".


Dette er boka
 

Nordmann på indianar-jakt...

Ei anna bok i "gøyme-skuffa" er Yngvar Martens bok "Blant tropenes  tigere og på vidda her hjemme". Saman med broren arbeidde han i Sør-Aust-Paraguay der dei hogg tømmer. Som tittelen indikerer, fortel han soger om jakt heime og ute. Og mellom dei han jakta på, var desse indianarane som Mahieu meinte var slektningane våre, guyakiane, eller "guajaki" som Martens kallar dei.
Martens jakta på dei "i vitskapen sitt namn". Han, hundane og medhjelparane hans greidde å fanga ein "villmann" dei hadde funne oppe i eit tre. Her er skildringa:

 
 


 Han fortel elles om ein  annan indianar som var hangande etter handa oppe i eit tre. Han hausta honning medan han stod på ein lian. Då han oppdaga "dei siviliserte", miste han fotfestet og vart hangande att etter handa han hadde i bi-holet. Der hang han til han døydde.

Martens fortel dette som noko sjølvopplevt, men under antropologistudiene fann eg same forteljinga i to andre bøker, ei frå Paraguay og ei frå Misiones, Argentina. Rart, ikkje sant?

Det same gjeld biletet der han slest med ein "tiger". Det dyret som vert kalla "el tigre" i Sør-Amerika, er jaguaren. Han er flekkete, ikkje stripete som denne Martens teiknar. Dermed kan ein lura på om jaktsogene hans er berre bløff...

Kva som meir kan seiast om Yngvar Martens, er at han var aktiv og vel kjend nazist under krigen.

Kanskje hans "vitskaplege" interesse for guyakiane hadde eit eugenisk opphav?





[1] Under eit heimeopphald i Bergen fylgde eg sosialantropologistudiet på universitetet, men reiste ut att før eg kunne ta eksamen.
----------------------
Det er ulovleg å bruka heile eller deler av dette innlegget utan skriftleg løye frå Inge Bjørnevoll.
---------------

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar