onsdag 18. september 2019




Av  og til  vert ein så provosert at ein kan få lyst til å knyta kloa og ....
                                                                

Kvifor i alle ...... ?

Ein annan ting som forundrar meg, er alle kristne som ikkje forstår kvifor jødane har så vanskeleg for å ta mot evangeliet. «Me kjem til dei med ein kjærleiksfull Frelsar, men dei vil ikkje ta imot», seier dei. Kanskje dei ikkje brukar same orda som eg, men tanken og tonen er denne. Då dukkar "papegøyen" opp i meg og plaprar: «Kor dum går det an å bli?»

Det er ikkje mangel på intelligens. Mangel på kunnskap eller vilje til å ta kunnskapen inn over seg, trur eg.  Ikkje berre Bibel-kunnskap, men rå og brutal almennkunnskap om det som jødane har vorte utsette for av "kristne" og "den kristne kyrkja".

«Me kristne» har sett blodige spor etter oss i nærare to tusen år, og alle stader der «me» har teke makta. Indianarane i Sør-Amerika så vel som andre menneske «me» trefte på der «me» kom, vart undertrykte, mishandla og drepne. I gamle dagar velsigna av kongar og pavar, bispar og prestar, munkar og misjonærar. I dag berre av nokre me plasserer under overskrifta "Ekstremistar".


Men eg skal ikkje skriva om indianarar og Sør-Amerika i dag, endå papegøyane min høyrer til der. Nei, det gjeld jødar og mishandling av dei i Guds og Jesu namn eg vil skriva om. Utført av menneskje med kristen-namn nett slik som eg og fleirtalet av oss i Europa.

Mykje har vorte skrive om dette gjennom tidene, men det meste har vorte skrive i «Gløymeboka». Berre dei som leid under slike overgrep, hugsar det for all framtid. For dei gjeld ikkje fine ord eller «søte tonar». Dei har fått soga inn med morsmjølka. Erfaring av vald i vår "kristne og kjærleiksfulle Guds" namn, sit heilt inne i rygg-graden. Her er nokre døme.........

Kvar kjem frelsa vår frå?


«Frå jødane», sa Jesus. (Johannes 4,22). Han visste det. Omskoren etter loven 8 dagar gammal, oppvaksen i ein sterk jødisk tradisjon og med stor kunnskap i skriftene. (Lukas 2, 47). Dei siste tre åra av sitt liv levde han som «Rabbi» - lærar. Måten han underviste på, var i samsvar med jødisk tradisjon. Han svara gjerne spørsmål med spørsmål og fortalde likningar for å få folk til å tenkja og trekkja konklusjonar sjølve. (Døme: Matteus 22,15-22).

Etter han oppstod ei kyrkje som i starten var 100 % jødisk, men som litt etter litt fekk større og større innhald av ikkje-jødar. Seinare overtok ikkje-jødane makta og heiv jødane ut. Og ikkje berre det. Ein av grunnane til at me har så få originaltekstar, er at «kyrkja» eller "dei kristne" påbaud at alle jødiske skrifter skulle brennast, og at ingen hadde lov å lesa Guds Ord på hebraisk. (Sukk).

Det første store skiljet mellom jødedommen og ikkje-jødar som tok trua, kom med apostelmøtet i Jerusalem. (Apostelgjerningane 15). Då vart dei ikkje-jødiske truande fritekne for alle tradisjonelle lovbod bortsett «frå avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strupte, og blod».

Det var revolusjonerande. Det er ikkje vanskeleg å forstå at «nokre frå farisearflokken som hadde teke trua» (v.5) hadde problem med å godta det. Men Peter, som førde ordet og la fram konklusjonen, var heilt klår om målet med det heile: At Kristus – Jødane sin Messias – skulle reisa opp att «Davids falne hytte» gjennom det som no skjedde. (v.14-19). Det var altså Guds plan at ikkje-jødar (norske Biblar brukar det misvisande ordet «heidningar») skulle inkluderast mellom dei som trudde på Abrahams, Isaks og Jakobs Gud.

Kva gjekk gale? Jau, verdsleg makt vart kyrkjemakt.

Tilhøvet mellom herrefolket – romarane – og jødane var problematisk heilt frå starten. Jesus hadde ein læresvein som var «selot», det vil seia nasjonalist og romar-hatar. Selotane fekk i stand opprøret som la Jerusalem i grus i år 70. Seinare kom nye opprør. 150 år inn i vår tidsrekning, vart ein stor jødisk oppstand slegen ned og undertrykking av jødane institusjonalisert. Til dømes dødsstraff for å omskjera borna. I tillegg fekk landet nytt namn: «Jødeland» vart Palestina, oppattkalla etter jødane sin erke-fiendar: Filistarane.

Konstantin den store var hærførar i den delen av riket før han gjekk mot Rom og tok makta der. Han hadde sett eit kors på himmelen og høyrt ei røyst som sa at ved dette teiknet skulle han sigra. Det gjorde han og vart keisar i Roma i 312. Året etter vart toleranse-ediktet laga, og kristendommen gjekk frå å vera forfylgt, til å verta tolerert.



Rart, ikkje sant?
Neste steg var at kristendommen vart den einaste lovlege religionen. Alle andre vart forfylgde med sverd i hand. Ordet "heidning" (Goy/goyim) som opprinneleg betydde "ikkje-jødisk (truande)", vart til "ikkje-kristen". Dermed vart også jødane rekna for heidningar som "me kristne" skal omvenda til "vår kristne" tru.
Dei  romerske makthavarane hadde lenge forfylgt jødane. No stilte kyrkja sine leiarar i same rekkja. Dei som i ettertid er kalla «kyrkjefedrane», - heidra av både katolikkar og lutheranarar, var ikkje nådige.

Justin Martyren (100-165), Klement (150-215) og Origenes (184-254) av Alexandria, Eusebius (260-340) med fleire hadde hevda at «Gud var ferdig med jødane». Kyrkja hadde teke plassen. Romarbrevet vart tolka så «kjødet» var jødane. «Dei kristne» representerte «ånda». (Jamfør Romarbrevet kap 8,1-13). Og «kjødet» skulle undertrykkjast og drepast. (Uttrykket "kjødet" er frå Bibelselskapet sin bokmåls-Bibel omsett 1930. Nyare Biblar har skift ut "kjødet" med "naturen").

Kyrkjemøtet i Nikea i 325 vart styrt av den romerske keisaren og hadde som eitt av sine mål så skapa skilje mellom jødane og dei ikkje-jødiske «kristne». Dei jødekristne ville til dømes ikkje godta læra om at Gud var 3: Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Tredelinga låg for nær trua på mange gudar til at dei monoteistiske jødane kunne godta det. (jamfør. 5. Mosebok 6,4 og Markus 12,29). Jødekristne som ikkje ville bøya seg, vart forfylgde, pint i hel eller brende.

Neste generasjon av «kyrkjefedre», Jeronimus (347-420), Gregor av Nyssa (335-395) og Johannes Chrysostomus (349-407) kalla jødane «slangar, judasar, uforbederlege mordarar, besette av Djevelen», at «Gud har vendt jødane ryggen» og «Gud hatar jødane». Den siste laga eit skriv mot jødane som vert kalla «Det mest horrible og voldelege angrep på jødane av nokon kristen teolog». Han såg på dei som dyr, lite brukande til arbeid og best skikka "til å verta slakta". Dei var «Jesus-mordarar», alle jødane.

Keisar Justitian (ca. 482-565) samla alle lovene i staten i eitt lovverk. Der inngjekk «jødeloven». Den forbaud jødane å byggja synagogar, lesa Guds Ord på hebraisk, halda offentlege samlingar, feira påske på anna tid enn den kristne (det vil seie etter den jødiske kalendaren og ikkje den Julianske), og å vitna mot kristne i retten.

Nye tider, men inga betring for jødane.

Romarriket kom etter kvart til å missa si makt. Den katolske kyrkja derimot vaks seg sterkare og vart ståande. Ho vart territorial-kyrkja som rådde over land romarane ikkje hadde makta leggja under seg, eller oppdaga. Kyrkja delte seg og, men utan at det skapte endringar. Der  kyrkje-makthavarane sine representantar kom, måtte jødane svi.

Kyrillos, biskop av Alexandria (415), utviste jødane og gav alt dei åtte til den kristne mobben. I 632 vart det starta tvangsdåp av jødar. I 897 miste jødane retten til å ha eigedomar. (Dei måtte då livberga seg ved handel – som jøden i Wergelands dikt om julekvelden. Og sidan dei ikkje kunne investera i eigedomar, var utlån av pengar måten dei sikra rikdomen sin på). I det 10. århundre var det ein kristen skikk å slå ein jøde i ansiktet på langfredag og kasta stein på huset hans 1. påskedag. Og så vidare……

Antisemittismen («Der Judenhass») i kunsten. 
Sanninga om jødeforfylging er  filtrert vekk både
 i media, i lærebøkene og "vårt kristne" medvit. Einaste unnataket
eg veit om, er holokaust som var så veldig og så nært at det ikkje har
fått plass i vår "selektive glemsel" som psykologien kallar det". Og media?
Kven har lært dei det dei opp?
 


Eg nemnde «jødesvin» som «pynt» i gamle kyrkjer i førre innlegg. Eit anna, og truleg endå viktigare element, er pasjonsspela. Sjølve påske-evangeliet er fint og tankevekkjande. Men ein viktig del er å brenna Judas, svikaren. Høgdepunktet, i alle fall i Sør-Amerika, er å brenna ei dokke som heng i ein galge.

Slik eg opplevde det, utløyste «La quema de Judas» ei nesten ekstatisk stemning i folkemassen då elden fata og «Judas» litt etter litt vart til oske. Dokka var utstyrt med stor nase og andre «typiske jødiske trekk» som me kjennar att frå både Nazipropagandaen og elles. For meg, som ikkje-jøde og nokså ukjend med katolske tradisjonar den gongen, var dette ei lite god oppleving. Kva måtte det då vera for jødane i byen? (Om du vil vita meir om denne skikken, finn du det under «La quema de Judas». Youtube har mykje.)

Korsfararane som skulle frigjera Palestina (ex. «Jødeland»)?


Dei 8 korstoga mellom 1095 til 1300 gjekk hardt ut over jødane. Ein ting var at dei som reiste på korstog, vart fritekne frå å betala tilbake til jødar det dei måtte skulda. Det var det mange, både kongar og andre mektige i Europa, som gjorde. Det neste var at korsfararane på vegen til «det heilage landet», prøvde å rydja ut alle jødane dei fann. Som grunngjeving vart brukt mellom anna kyrkjefaderen Augustins si tolking av Romarbrevet 9, 22-23. Jødane var «vredens kar, som var dannet til undergang», i motsetning til dei kristne som var «miskunnhetens kar, som han (Gud) forut hadde beredt til herlighet».

På vegen sørover prøvde korsfararane frå nord til dømes å drepa alle jødar dei kunne i Rhinland. Liknande ting skjedde i dei andre korstoga. Og drepinga av jødane held fram i landet dei skulle fri frå «barbarane».  Alt i Guds namn.

Luther og jødane.
 
Luther vart fødd nett etter inkvisisjonen som hadde ført til enorme lidingar og drap av tusenvis av jødar ikkje minst i Spania. Det er sagt at som ung var Luther positiv overfor jødane, men som eldre og kyrkjeleiar var han minst like hard som leiarane i dei andre territoriale kyrkjene. I 1543 gav han ut «Über Die Juden Und Ihre Lügen» (= Om jødane og deira løgner). Han går då inn for ei «totalt nådelaus» linje overfor jødane: Brenna synagogane deira, øydeleggja husa deira, samla («konsentrera») dei på ein stad, konfiskera alt dei eig, brenna bøkene deira, forby dei å undervisa og å låna ut pengar, innføra tvangsarbeid for dei unge, og – dersom alt dette ikkje kan få dei til å venda om, så «vekk med dei».

Den som kjenner framgangsmåten overfor jødane i 2. verdskrigen i t.d. Polen, kjenner att oppskrifta. Eller som ein leiar for Holocaust-senteret i Israel sa: «Det er ingen tvil om at Luthers skrift vart teke til inntekt for nazistane si utrydjing av jødane under 2. verdskrig». (Eg var der og høyrde ho sa det).

2. verdskrig varde berre 5 år i vårt land.
Eg er fødd i siste krigsåret, men vaks opp med forteljingar om nazistiske overgrep, drap, tortur og vald. Derfor, når andre verdskrigen vert nemnt, kjenner eg at det er vondt og sårt. 
 
Er det løye at jødane etter snart 2000 år med hundsing, vald og drap
utført av kyrkja og "oss kristne",
ikkje vil å ta mot det me forkynner?

-----------


Vil du vita meir om mishandlinga av jødane gjennom (kyrkje-)soga, les «Anti-judaism. The Western tradition» av David Nirenberg, W.W.Norton & company, New York – London 2013.

------------
Her har eg brukt Bibelselskapet si bokmålsomsetjing frå 1930. Nyare omsetjingar har skift ut ordet "kjødet" med "naturen".                                                                                                                   Alle bileta her, har eg teke sjølv.

------------------------------------------------------------------------------

Det er forbode å bruka heile eller deler av dette innlegget utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar