torsdag 13. januar 2022

Er religiøs satire "berre moro", eller ligg det noko heilt anna bak ord og mimikk?

I føregåande blogg tok eg for meg religiøs satire som er vinkla opp mot kristendommen. Som alle veit, har norsk lov gjort det fritt fram for hån og spott mot alt det som er så inderleg kjært for mange av oss. Teoretisk skulle det vera slik overfor andre religionar og, men enten det er redsel for represaliar eller anna som gjer det, så er det først og fremst kristendommen og dei som trur på Gud, som må lida.


Eit viktig spørsmål er kvar grensa går mellom religiøs satire, og til dømes politisk satire, eller kvar grensa går mellom satire og mobbing. Personleg kan eg ikkje sjå at det finst noko grense, - ikkje teoretisk ein gong. Og kven skal setja denne grensa? Dei som før vart kalla «nidingar» og har moro av mobbing, eller dei det går ut over? Nynorskordboka (i) seier at ein «niding» er ein «kjeltring» eller «skarv», og «nid» er «hån, ærekrenking, skam»

Det essensielle spørsmålet er om det er «nidingane» og deira meiningsfeller setja grensa, eller er det dei som niden, satiren eller hånet går ut over? 

 Kven skal setja grensa for å sikra at "moro" ikkje er rein mobbing?

Personleg vil eg føretrekkja at det er dei går ut over, som skulle ha det avgjerande ordet, tilsvarande prinsippet er for «nulltoleranse» av mobbing i skulen. 

Faksimile av framsida på ei fransk utgåve av "Zions vises protokoller".



Regjeringa har sett i gang program mot mobbing i skuleverket, og kommunar har vorte dømde for ikkje å ha gjort sitt for å verna born og unge mot ugjerningane. Men i samfunnet elles ser det ut til å vera fritt fram for både religiøs og politisk mobbing både i sosiale og andre medium. 


Den som tek tid til å lesa blogginnlegga eg har skrive tidlegare, har sett bilete frå nazipropaganda i Tyskland, «Zions vises protokoller», og ein plakat frå stigmati-seringsprogrammet tyskarane utvikla før krigen. Alt kynisk brukt for å øydeleggja livet til jødane og bana veg for det som kom seinare i det nazityske maktapparatet.


Eg har og vore inne på den utviklinga vårt land hadde fram mot andre verdskrig, og antisemittismen som blomstra opp for fullt før og under krigen. Og sjølv om mange som rekna seg som «ekte nordmenn» hadde glede av det og dyrka denne forma for «kunst», vil vel dei fleste i dag seia at denne propagandaen var skiten, umenneskeleg og kriminell. Nidingsverk, spør du meg.


Eit eksempel henta eg frå boka «Likvidasjonen» som eg introduserte for ei tid tilbake. Ein viktig representant for denne «kunstforma», var «Fritt Folk», NS si tysk-støtta avis, trykt i mellom 20 og 30 000 eksemplar og utdelt gratis. Forfattaren Axel Krogh skreiv om engelskmennene at dei hadde «skeiet ut og gjort skam på sitt eget blod ved å blande det med jødenes». I tillegg hadde dei overteke Noreg sine gullreservar som «avanse» for krigen, - «jødenes krig»,  stod der. (ii)


«Tor bonde» skreiv: «Vi har lenge. Alt for lenge, tålt disse fremmede, dette internasjonale jødepakk, deres agenten og organisasjoner, blant oss. Det er på tide vi feier dem på dør».(iii)
No er vel dei fleste av oss i dag enige om at på dette nivået ikkje kan kallast satire, med en vond og destruktiv politisk propaganda. Men når gjekk «satiren», hånen og spotten mot jødane over frå å vera uskuldig moro til blodig alvor? 


Me veit resultatet: rundt 6 000 000 jødar vart drepne i eit regelrett folkemord. Men starten var ein nokså «uskuldig» sideeffekt av dyrkinga av den reine rasen i ei tid då også Det norske arbeidarparti tilbaud kurs om rasereinleik, og støtta tanken på å ala fram reinrasa ariarar omtrent på same måten som norsk jordbruk har kryssa fram NRK-kyr!


Doktorgraden til Dennis Meyhoff Brinks slær fast at religionssatiren er ein vesentleg grunn til kristendommen sin stilling i det moderne samfunnet. Denne satireforma har forma folk sitt syn på tradisjonell og for den del konservativ kristendom. Slik jøde-satiren påverka folk i mellomkrigstida, og som gjorde at ein stor del av folket vårt (som personleg kjende ein einast jøde), hadde eit «klårt» og negativt bilete av «jøden», han med stor og krom nase, glo etter pengar og ein blodigle som ville syga blodet av «ekte» nordmenn.


Så langt eg kan sjå, - og eg er kanskje dummare enn folk flest - , så var satiren og jødevitsane med å opna veg for den vondsinna politiske propagandaen som inntok landet før og under andre verdskrig. Den gjorde at dei fleste nordmenn  tagde og godtok aktivt eller passivt deportasjonen av dei norske jødane. Det norske politet samla lydig og samvitsfullt inn jødane til deportasjonen. Etterpå samla dei inn jødane sine verdiar til staten, om ikkje ting og verdisaker vart stole eller «tuska bort» av vanlege nordmenn, mellom anna fordelt mellom norske «frontkjemparar». Resten gjekk til statskassen.


Den emosjonelle effekten av satiren og seinare den politiske propagandaen gjorde av berre nokre få, svært få, engasjerte seg mot det som hende, og protesterte. 


Eller som filosofen George Santayana sa det: «Dei som ikkje kan hugsa fortida, er dømt til å gjera dei  same feila på nytt» (Fritt omsett til nynorsk av meg).

i Det norske samlaget, Oslo 1886.
ii Likvidasjonen, s. 63.
iii Item. S. 64.

------------------------------ 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar