søndag 11. desember 2022

Om å vera vaktmann

Sjåaren såg etter båtar på fjorden
Å vera vaktmann har vore ei viktig oppgåve gjennom tidene. På ein av dei gamle kongsgardane her i nærleiken, vert haugen oppfor husa kalla «Sjurhaugen». Dei gamle seier namnet kjem frå vikingtida og betyr «Sjåarhaugen». Der oppe sat ein sjåar eller vaktmann.
 

Du treng ikkje lura på kvifor. Han der oppe såg på kva som rørde seg på fjorden, og såg særleg etter langskip og eventuelle fiendar. Lenger inne i området heiter det «Herland». Det var der resten av hæren heldt til. Kongen hadde sikkert berre ein utvald flokk rundt seg, dyktige krigarar og vaktmenn med godt syn.

I seinare tider hadde byane vaktmenn dei kalla «vektarar». Dei skulle verna mot kriminalitet og «ildebrand». I tillegg kunne folk spørja han kor langt det leid på natta. Alt var viktig, for byen me kallar for «Bydn», har hatt mange storbrannar. Til og med Petter Dass i nord høyrde om det og skreiv at «Bydn» måtte henta «de strile som ere vante med økse og bile». Slik er det sitert. Skrivemåten er eg ikkje sikker på.

No var ikkje vaktmenn noko spesielt for vårt land. Profeten som vert mest sitert både i nytestamentet og i jula, skreiv om slike vaktmenn. Godt kjent er det tjueførste kapitelet der han skriv: «For så sa Herren til meg: «Set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda! 7 Ser han eit tog med hestespann, eit tog med esel, eit tog med kamelar, då skal han lytta, lytta og lytta!» 8 Og vaktmannen ropa: «Herre, dagen lang står eg på vakt, eg er på min post kvar einaste natt.» (Jes 21:6-8).

Vaktmannen rundt 700 år f. K. hadde same oppgåve som vikingen på «Sjurhaugen» rundt 1000 år e. K. Han hadde og  same oppgåve som vaktaren i «Bydn» vår, berre høyr her: «Nokon ropar til meg frå Se'ir: «Vektar, kor langt på natt, vektar, kor langt på natt?» 12Vektaren svarar: «Det kjem ein morgon, men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!»» (Jes 21:11b-12).

Det kjem ein morgon, men og ei natt...
Kor langt på natt?

Spørsmålet var ikkje kva klokka var, men kor langt der leid på natta. Dette biletet har gjennom uminnelege tider vorte brukt i kristen forkynning om kvar me er i høve til endetida og dagen når Jesus kjem tilbake for å henta sine i skyene. Jesus sjølv snakka med læresveinane om det og sa: «Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem». (Matt 24:27). Når Jesus kjem tilbake med same fart som lynet, må dei som vil vera med, ha ordna alt på førehand. Resten vert verande att.


Læresveinane såg fram mot Messiasriket og lurde på når det skulle koma. Men Jesus sa: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.» (Apg 1:7). Gud åleine veit dagen når dette skal skje. Han åleine gjev ordren som set ting i gang. Men i Bibelen har Gud gjeve oss indikatorar for at me skal vita når tida (les: «morgonen») nærmar seg, og han ber oss om å gjeva akt på dei.

Om å kjenna tida

Bibelen gjev altså ikkje dato og klokkeslett for når ting skal skje, men klåre indikatorar fortel oss at endetidsteikna alt er synlege. I tidlegare tider kalla forkynnarane desse indikatorane for «Teikn i tida». Det er slike eg har skrive om i blogginnlegga mine siste månadane. Dei viser at me har gått inn i sluttfasen på denne jorda. 

 Tida me lever i mørknar, men snart gryr ein evig morgon
Den viktigaste indikatoren er jødane og Israel. Jeremias skriv så fint om dette i kapittel 31, 3 -14, eit avsnitt eg rår alle til å lesa. Her vil eg berre ta med det 6. verset som teiknar eit profetisk bilete av Israel der heimkomne jødar dyrkar landet og tilber sin Gud: «Ja, det kjem ein dag då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet: Kom, lat oss dra opp til Sion, til Herren vår Gud!» (Jer 31:6).

Her møter me vaktmannen i det moderne Israel, landet «som vart fødd på ein dag» etter profetens ord. Leiaren for «Intercessors for Israel» (IFI) i Jerusalem, skriv i eit av bønnebreva at ordet for «vaktmann», notzrim, er same ordet som i moderne hebraisk vert brukt på dei som trur på Jesus Messias. 

Den trua deler eg og, endå eg ikkje er jøde, men stril. Den Jesus som er min frelsar, er jødane sin Messias. Kanskje kan eg og - med Guds hjelp – kan vera ein notzrim (vaktmann) for dei eg kjem i kontakt med?

------------------------ 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar