søndag 4. desember 2022

 Dyret Antikrist

I Johannes’ openberring kapittel 13  les me om «Dyret». Det er klårt at det her er snakk om eit menneskje som «Draken» – det er djevelen, har gjeve stor makt. (13,4), og som folk på jorda tilber.

Skildringa liknar på det me møtte i kap. 6,2. Då var det ryttaren på den første, kvite hesten som det «vart gjeve ein sigerskrans». Samanhengen der fortel ikkje kven det var som gav han sigerskransen.

Bilag til Illustrert Vitenskap nr. 13/99
Då Jesus vart freista, lova djevelen han «alle rika i verda og deira herlegdom» om Jesus ville tilbe han. Jesus avviste det med eit sitat frå sin «Bibel» (5. Mosebok): «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.» (Matt 4:10). 

Det ser derfor ut til at Anti-Krist bøygde seg der Kristus stod fast, og fekk derfor verdensherredømet i endetida!

Kva med talet 666?

Kapittel 13 hjå Johannes sluttar med: «Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.» (Op 13:18).

I mange språk har bokstavar talverdi slik som me kjenner det frå latin. I bibelsk kontekst har me tal som har underforstått meiningsinnhald. Her er nokre døme:

1 er talet for Gud: «Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin». (5Mos 6:4).

3 står og for Gud når han viser seg i tre former, dei vi til vanleg kallar Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Han er og tre gonger heilag. (Jmfr. Jes. 6,3).

7 er eit heilagt tal og står for det perfekte.

6 er talet for det naturlege mennesket, eller mennesket som materielt vesen. Det er det evolusjonistane ser på som eit velutvikla dyr, det som med sin hjernekapasitet og sosiale relasjonar står over alle andre dyr. 

Når mennesket kjem til tru og lever i samfunn med Gud (6 + 1), vert det 7. Då vert mennesket gjort heilagt i Gud, ikkje i eiga kraft. (Rom 8,1). 

Faksimile frå s. 21 i bilaget til Illustrert Vitenskap
Gjennom tidene har mange lansert utrekningar og kome fram til kven dei trur 666 står for. Mange ikkje-katolikkar har peika på paven, andre har kome med forskjellege forslag gjennom til dels finurlege utrekningar. 

Personleg trur eg svaret er mykje enkelare: 3 er talet for ein (1) Gud som Bibelen presenterer i tre former: Faderen, Sonen og Den heilage ande (i). Når mennesket 6 kan forklarast som ei tre-dobling av seg sjølv, 666, kan det bety at han set seg sjølv på Guds plass. Det samsvarar med den rådande hypotesen i filosofien, humanismen, evolusjonismen og sosialismen:  Gud er død og ikkje-eksisterande. «Dyret» har dermed teke plassen til den guden dei trur dei har avsett.

Kva skjedde i syndefallet?

Medan folk flest ser ut til å fokusera på frukta Eva og Adam var ulydige og åt, ligg truleg sjølve grunnsynda på eit heilt anna nivå. Dette er det som står skrive:

«Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 2 Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen. 3 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.» 4 Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.» 6 No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.» (1Mos 3:1-6).(ii)

Hovudelementa i freistinga var at Djevelen sådde tvil om verdien av Guds Ord, og så opna han på glytt ei dør der dei kunne «bli som Gud…». Frukta på treet var tiltrekkjande, utan tvil, men det var kanskje endå meir «tillokkande sidan det kunne gje innsikt», og dei kunne «verta Gud lik».

Ser du parallellen? I ei verda der «Gud er død», vert etikk det som tener «meg om mine», enten det er slekt eller meiningsfeller. I eit viss periode, seier Bibelen, får desse kreftene (les: –ismane) fritt spelerom, heilt til Kristus, ryttaren på den andre kvite hesten, kjem ridande og reinskar ut all løgn og bedrag. 

Faksimile frå s. 35 i bilaget til Illustrert Viternskap

Då får verda sitt «tusenårsrike» der løva og lammet beitar i lag, og barnet leikar ved hola til hoggormen utan å verta biten. Då er Antikrist og den falske profet vekke, og Satan er bunden og kan ikkje føra nokon vill.

Avrunding

Siste tida har eg skrive om endetida og ting som kan peika mot det Bibelen fortel om ting som kjem. Mykje verkar uforståeleg. Ingen har fasiten. Me må berre seia med Ivar Aasen (iii)

                Nei, vesle vitet strekk ikkje til,
                Ei tru må stydja oppunder.
                Ei tru som trøyste og styrkja vil
                I mørke stormande stunder.
                Eg vonar den visdomen hjelper med,
                Som med slik ei tru kunne semjast best.

Men om me ikkje forstår alt, så er det nyttig å lata tankane arbeida. Bloggen min, «Misjonsreise i tid og rom», er uttrykk for at eg er «på reise». Trass utdanning og studium for å ta eksamenar eller berre for personleg utvikling og nytte, så er eg evig student. Eller «læregut» som eg seier når folk spør. Det er der eg høyrer heime. 

Har eg i tillegg fått eventuelle lesarar til å tenkja, er det bonus både for meg og dei. Ein gammal mann her i bygda seier det slik: «Det er godt eg vart gammal nedanfrå!» Han er klår i hovudet, men greier knapt gå. Han har innsett at når toppetasjen svikar, er det lite nyte i at føtene er spreke!

Hjernegymnastikk skal hjelpa mot både gløymsle og det som verre er. Seiest det…

---------------

(i) Den demoniske makta står og fram i tre former i endetida: «Dyret», Draken og den falske profeten.(ii) Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.(iii) Siste verset i «Vit og tru», publisert i diktsamlinga «Symra», 1863. (Ivar Aasen 1813 -1896).

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar