tirsdag 4. august 2015

Om kara-vanar og andre vanar.



Brev 11
….
Kjære deg.

Som eg sa sist eg skreiv: Takk for brev. Det var nett som du sat her attmed meg for å slå ein prat. Som kvar gong me treftest fjes til fjes, såg kvarandre i augene og kunne vera så himmelsk ueinige. Det er ikkje fjesbokopplevingar det. 

Eg hugsar.. 

Nei, lat meg svara på brevet ditt: Du fann ikkje i Bibelen kvar Jonas vart spydd i land. Berre at Gud snakka til fisken og han spydde Jonas opp på tørt land! Han må ha kjent seg temmeleg dårleg, fisken, sidan han spydde Jonasen heilt over flommålet. By var der ikkje då, men litt lenger sør skal det ha lege ein liten landsby. Men no er det landet si største hamn og ein moderne by: Ashdod. 

Den gongen gjekk karavanane langs kysten mellom Afrika og Europa langs Midt-i-havet-stranda i Asia om dei då ikkje skifte meining og drog innover i kontinentet slik Jonas gjorde. Då gjaldt det å finna stader med vatn i det tørre landskapet. Be’er Sheba, halvtimen herfrå, er kjend for gode brunnar. 70, seier nokre. Ein oase i Sørlandet med kvilestad for kamelar og møtepunkt for karane. Ja, det må ha vore karane som reiste. Konene, stakkar, måtte sitja heime med ungane, laga mat og mjølka sauene, geitene og kamelane. Det ligg i namnet ser du: kara-vane.
Framleis er her minne om karavanane.

Men her i huset i dag er det kona som er på reis saman med to damer, ei norsk-sveitsisk og ei chilensk. Reine kvinne-vanen med andre ord. Dei ville sjå ein by oppe i Galilea som vart bygd av ein Filip til ære for Cesar. Cesarea Filippi. Mannen til ho eine køyrde dei til trafikk-knutepunktet her nede i Sørlandet før han måtte på arbeid. Derfrå skulle dei ta toget klokka 05.00 og koma tilbake med fine bilete og ferske inntrykk i kveld ein gong. Landet er ikkje større enn at det tek berre nokre timar kvar veg, forstår du.

Men det var annleis i gamle dagar, det og. Då hadde romarane ein italiensk bataljon der oppe. 600 italienske elitesoldatar. Sjefen var ein Kornelius. Gud snakka til han som til fisken du veit, og sa han skulle senda folk til Jaffa. Der skulle dei henta, - nei, ikkje appelsiner, men ein Peter som sat på taket og bad.

Hadde det vore her hjå oss, kunne han snart fått sitt eige rom oppe på taket. Der er laga til to med eit lite kjøken og eit lite bad mellom. Der kunne han Peter laga seg mat sjølv, uansett kva han valde av duken som kom ned frå himmelen. Der var sikkert både hare og smågris, men han takka heilhjarta og høgt «Nei». Han visste ikkje betre, stakkar.

Arbeidet på taket skulle vore ferdig for lenge sidan. Sist veke kom Ikea-lastebil med flate pakkar, og i to dagar hadde karane si fulle hyre med å skru saman møblementet.  Kartongar med Trysil, Selje og andre heimekjende namn vart kasta ut i solsteiken. No ligg dei der og spør seg sjølve kva i alle dagar dei gjer på desse breiddegrader. Det må verka heilt svensk for dei.

I dag, søndag, skulle karane koma utkvilde og fulle av arbeidslyst etter sabbaten. Dei skulle gjera noko inne i huset og dermed måtte eg vera heime. Er redd flatpakkeskruinga tok både motet og innsatsviljen. Eg har prøvt sjølv.
 
Dei lurde på kva eg dreiv med. Kona og...
Å nei du. I dag er det berre katten og ungane som har halde meg med selskap. Lite med både underhaldning og oppmuntring. Derimot trøystar eg meg med «The number one bestseller: Jerusalem. The biography» av Simon Sebag Montefiore. 720 sider. «Astoundingly ambitious and triumphantly epic» for å seia det enkelt.  

Boka er ein murstein, og murstein skal eg skriva meir om i neste brev der du og skal få bilete og  nytt frå kvinne-vanen til Cesarea Filippi.  Me karane fekk ikkje vera med.

Nei forresten, eg har ein ting til å trøysta meg med. Har du høyrt om «Blüthner»? Ikkje det, nei. Eg kunne i alle fall ikkje hugsa å ha høyrt namnet før eg kom her. Men det gjer ingen ting. Like kjekt for det.

Med beste helsing frå meg til deg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar