onsdag 5. august 2015

Slekt og slekt fru Blom.



Brev  14
…………………….
Kjære deg.

Eg nemnde Sigurd Jorsalfarar for deg. Eg lurde på om han var innbakt i mursteinen min slik som dei brukte strå den gongen jødane levde i landet Nil-sen. Det ville vera strå-lane.

Eg fann både han og fleire av slektningane våre. I den første krossferda var ein av leiarane «Duke of Normandy». Området der han Gange-Rolf rusla omkring. Hestane greidde ikkje bera han og lastebilar var det smått med i den tida, hugsar du. Denne «Duken» var med og inntok Jerusalem i juli 1096. Blodgiren var så stor at dei ikkje berre drap alle dei kom over, men hakka av både hovud, armar, hender og føter av folket, enten dei var fiendske muslimar eller «Kristus-mordarar». Det var det dei kalla jødane. Dermed hadde dei liksom rett til å drepa, røva og herja som dei ville. Slik som han Hitleren og gjengen hans gjorde i deira tid. Same ulla for ikkje å bruka eit endå verre ord. Men Hitler er me i alle fall ikkje i slekt med!
Her ser du områda krossfararane rådde over i kortare eller lengre tid.

Forresten. I desse slektsgranskingstider er det viktig å kunna setja grense for kor langt slekta skal reknast. Eg spurde ein mann eg har stor tiltru til og fekk eit ærleg svar. Frå levra. Eller kanskje frå hjarta. Er ikkje sikker. Men svaret var etande godt: «Det kjem heilt an på kven det er. Er det ein stormann: konge, prest, lensmann eller liknande, og rik i tillegg, går slektskapet langt. Mange hundre år eller så langt du greier å finna ut. Men er det ein fattig ein som kanskje i tillegg hadde eit dårleg ord på seg, ja, då går ikkje slektskapen så langt. Til tremenning. Toppen».
 
 Ein liten flokk av innbyggjarane overlevde og fekk i oppdrag å draga lik-restane utanfor byen for å brenna dei. Likevel lukta Jerusalem av rotnande menneskekjøt eit halvår etter. Står der. Som han sa han far: «Lyg dei, så…». Du veit resten. Men eg er redd denne slekta ikkje er noko me bør snakka høgt om. 

14 år etter at byen var innteken i Guds og paven i Roma sitt namn, var det «vår» Sigurd kom inn i biletet. Høyr berre kva som står – eller stod. På engelsk altså: «I 1110 kjempa Sigurd, ein tenåringskonge frå Noreg, seg veg rundt Middelhavet. Han massakrerte vantruande og landa i Acre med sine 60 skip. Baldwin ( = den første kongen krossfararane installerte i Jerusalem) eskorterte han til det nordmennene kalla Jordsalaborg. Vegane var dekte med teppe og palmegreiner sidan dette var den første kongen som kom på vitjing. Baldwin lova Sigurd ein splint frå den verkelege krossen om han ville hjelpa han å storma Sidon med flåten sin. Sidon fall, og nordmennene vart vinteren over i Jerusalem».[i]
 
G. Muntes teikning av Sigurd.
Ein del nordmenn stansa visst att då han reiste, for det er snakk om både franske, norske, tyske og italienske soldatar og pilgrimar etterpå. Kongen, Baldwin, gifta seg seinare med Adelaide, enkja etter ein «Norman, count of Sicily». I fotnoten står: «Adelaide var tredje kona til Roger av Hauteville, ein av dei merkelege brørne Norman som med hjelp av Robert Guiscard, hadde vunne seg eit eige rike i Sør-Italia og Siscilia». Ho kom med «sju skip fulle av gull og juvelar» og mange krigarar. Men då alt kom til alt, likte ikkje ho korkje mannen eller Jerusalem. Han angra visst han og. Oppløyste ekteskapet og ho reiste heim att til Sicilia og luksusen i Palermo. Står der. Utan gullet. Kongen hadde lova at sonen hennar, Roger den andre, skulle verta konge i Jerusalem. Også det gjekk i vasken. I staden vart han den sterke mannen heime på Sicilia og leidde eit samfunn med «blomstrande Arabisk – Normannsk - Gresk kultur og vitskap", og "sterk marine og handel over heile Middelhavet».

«Ingen veit kvar haren hoppar,» seier ordtaket. Heller ikkje kvar ein kan finna slekt. Både normannske og andre. 

Då me var små, stod det «Foto Normann» bakpå alle prospektkorta i butikken. I boksamlinga hadde me ei bok med bilete han og hadde laga. Var han ein av etterkomarane? Namnet kan han i alle fall ha arva. Kanskje nokre suvenir frå Sicilia eller Jerusalem også?

Beste helsing frå oss.





[i] Side 259-260 i mursteinen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar