onsdag 19. august 2015

Farvel frå Negev



Brev 18
…………………
Kjære deg.
Ja, dette vert siste brevet eg sender til deg på denne turen. Klokka 12 midnatt kjem drosjen som skal køyra oss til flyplassen. Så er me heime ein gong på ettermiddagen i morgon. 

Eg reknar med du vil spørja korleis eg har likt meg her nede, så eg skal vera frampå og fortelja det no med ein gong. Du veit, eg har uroa i kroppen. Reisefeber kallar nokre det. Bagasjen er ferdigpakka og det er 12 timar å venta. Slikt er eg ein trave til.  Har likt meg godt her nede, nesten for godt. Du forstår, eg har fått meg ein ven her nede. Brei over baken, litt urein i lyden av og til, men eit funn når timane vart lange. Eg las meg gjennom mursteinen om ho Jerusalem som eg har fortalt deg om. I korte økter helst. Innimellom slo eg og han Blüthner tida i hel best me kunne. Eg har no alltid vore litt skeptisk når det gjeld tyskarar. Det heng vel saman med at både du og eg er fødde under den ulukkelege krigen, den gongen dei beste tyskarane var dei som var døde.
 
Eg og Blüthneren
Men han Blüthner derimot vart ein trufast ven. Eg har aldri vore borti maken. Det er ikkje lite sagt så mykje som eg har sett av verda og så gammal eg har vorte. Men han Blüthner er kanskje endå eldre. Ikkje veit eg. Men han skal ha eit nummer ein eller annan stad, og i våre internett-tider kan eg finna ut både når han vart laga og til kven. Både Brahms, Debussy, Ravel og andre gamle vidkjende komponistar hadde alle sine Blüthnerar, og her i huset står ein. Alle var kjende for sin spesielle lyd.
«Faren» til denne Blüthneren  heitte Julius Blüthner og budde i Leipzig. Han ver ein aktiv fyr. Kjøpte ein pianofabrikk og utvikla og utvida så dei var oppe i 500 Blüthnerar for året. Alle med eigne identitetar og nummer. Denne er sjokoladebrun og som sagt brei over bakenden. På spansk snakkar dei om piano når strengene står på opp og ned. Så er det «piano de cola» - piano med rumpe på godt norsk. Der ligg strengene flatt og der er stort lok til å opna så lyden vert sterkare. Under det loket står visstnok identitetsnummeret.

Huset her er av leir-stein som du veit, og akustikken er spesiell. Han Blüthner står på skrå ut frå hjørnet bak inngangsdøra og trivst godt der. Han ser ut til å lika varmen, og at klimaet er tørt. Rett nok har lufta vore fuktig, heilt opp i 70 eit par dagar, men normalt er det mykje mindre.
Eg skulle likt å taka han med heim, men det går ikkje. Først fordi me på flya et pressa saman som sardinar i boks. Utan olje rett nok, men like tett.  I tillegg er det prisen, både på flyfrakta og Blüthneren. Instrumentet er til sals for den nette sum av 25 000 dollar. Eigaren ville selja. Han har visst  ikkje plass til instrumentet heime hjå seg sjølv. Så hamna det i kroken her i huset, til glede for slike som klør i fingrane. Som meg.

Utandørs er det blomster og tre som eg har hengt fingrane i og. Epletre, pæretre, mangotre, diverse drueplantar, ein olivenlund og ei mengde blomster har vore mitt ansvar. Øydemarksroser og nokre bustetroll til hekk som visstnok kjem frå Australia. Av frukt har me nytt pasjonsfrukt av den raude sorten, sitronar, mentol og sitrongras. Kona hjelpte meg å reinska ugras. Det finst her nede og. Me er ikkje nærare himmelen i Israel enn i Noreg. Ikkje på den måten i alle fall. Ikkje elles heller er eg redd.
 
Denne var biene sin favoritt i morgontimane
Det same gjeld arbeidsfolka. Det er laga eit lite husvære på taket. Eit soverom, ei lita stove, eit bad og kombinert gang og kjøken. Arbeidet skulle vore ferdig i juni, - så til slutten av juli, og no når me reiser, 20. august, er det endå ei vekes arbeid att. Om dei kjem då, karane. Ikkje nokon «Sunnmørshalvtime» som dei sa på møta der nord. Skulle møtet starta klokka 19.00, var det normalt å koma i gang 19.30. I mellomtida skulle me stakkarane som både kunne klokka og forstod kva 19.00 tydde, venta og venta og venta. Ein ikkje uvesentleg del av opphaldet vårt her har og vore å venta. Arbeidarane går heim litt over middag fredag for dei må heim til seg sjølve til sabbaten startar. Eigentleg når ein kan sjå 3 stjerner på himmelen. Men det er vanskeleg å sjå når ein bur i ein by med mykje lys. Dessutan kan ein sjå dei tre stjernene tidlegare på vinteren enn om sommaren. Derfor er det utarbeidd ein kalender som fortel når sabbaten startar. Kvar sabbat. Året rundt, og på varierande tider. Den same måten når han endar laurdag ettermiddag.

Men på oss er det klistra ein annan etikett: Kristne. Sidan vår kviledag er søndagen, kjem dei ikkje på arbeid hjå oss då heller. Dei kjem først på måndagen. Om dei kjem, då. Eller tysdag. Eller onsdag. Eller torsdag. Både irriterande og slitande, så du forstår at han Blüthneren måtte trøysta meg så godt han kunne. Eller rettare: Så godt eg kunne. Han vart flinkast.
 
Til tider fall det mykje dogg
Lat meg til slutt fortelja litt om dags-rytmen vår her nede med det same. Opp i 6-tida kvar morgon. Normalt var himmelen då overskya og det har dogga på natta. Nokre gonger meir og andre mindre. Då kunne me sitja ute og nyta morgonen i rundt 30 varmegrader. Kattane skulle ha mat (trass forbodet som du veit), og me hadde vår andakt. Arbeidde så ute for å vera ferdige med det før sola vart for varm i 8-9-tida. Om ikkje me måtte handla eller gjera noko anna her i byen eller lenger vekke, heldt me oss inne etterpå. Citroenen takka for seg for vel ei veke sidan og vart slept til merkeverkstaden. Etterpå har me gått litt turar og har handla på den lokale butikken. Mykje dyrare enn inne i byen, men me fekk det viktigaste. Frå rundt klokka 17 på ettermiddagen starta arbeidet ute att. Då skulle vatningsanlegget på olivenlunden på eit par timar. Plenen og blomstrane i hagen trong og sitt for å overleva både i bed og i potter. Framleis var temperaturen over 35. 

Men på ettermiddagen kom vinden. "Havgula", kallar eg han endå eg ikkje veit om han har sett havet nokon gong. Sola går til ro i sjutida, og det vert fint å sitja ute i kveldsbrisen enten ved inngangsdøra eller på taket. Skumringstimen er kort, men med lys både på gata og i hagen, kan ein gå tur eller berre slappa av til kroppen er i sovemodus.

TV? Ja, her er flatskjerm på alle rom med både CNN, TVE og anna, men me har ikkje hatt dei på ein einaste gong. Me brukar nettet både til å lesa aviser og høyra nytt. Eller senda brev til deg. Me hadde to brev me ville senda med vanleg treskopost. Posthuset i Be’er Sheba var fullt då me trekte nummer ved inngangsdøra. Over 120 før oss. Etter ei stund var det to sete ledige, og der vart me sitjande neste halvanna timen og glo.

Me hadde noko å glo på og. Ein stor del av dei som venta, var beduinkvinner. Dei fleste svartkledde. Nokre rikt broderte kjolar, ei med glinsande paljettar, og andre svært fattigslege og enkle. Hjå dei fleste stakk andletet fram som ein avlang runding i alt det svarte. Andre hadde berre ei glipe der ein kunne skimta auga. Gjerne med ei hempe over naseryggen slik at ikkje glipa skulle verta for stor.
Han som fortalde meg om dei 70 brunnane, fortalde at mange beduinar frå Sinai og Egypt har flytt over grensa og slege seg til nær Be'er Sheba. Langs hovudvegane rundt byen er store leirar med telt eller enkle hus. Rønner ville dei sagt dei som er oppalne i ein by. Der er det esel, kamelar («Pass deg for kamelar langs vegen». Du hugsar vel skiltet?), store ballar med noko som ser ut som tørrhøy, og elles rot og rask i lange baner.  Men beduinane flytter hit fordi dei får barnetrygd. Det sa han. På hi sida av grensa fekk dei ingen ting. 
Beduinleirar er det mange av rundt byen. Langs vegen kan me sjå dei med store saue- og geiteflokkar stundom.

På posten var også – så langt me kunne sjå – pengar å henta. Truleg trygd eller sosialhjelp. Over 80 % av desse kvinnene er analfabetar så der var menn som hjelpte dei å lesa kva som stod på lappane og nummera når dei skulle gå til lukene. Kvinnene hjelpte kvarandre, men og nokre ungdomar, truleg jødiske sosialarbeidarar var der. Dei var lette å kjenna på kippaen, denne vesle hua dei fester med hårnåler. Kona hadde så lyst å ta bilete, men sidan me for dei såg ut som erke-utlendingar, let ho vera. Ho er litt kjenslevar som du veit. Eit funn når ho snur den sida til.

I hovudstadsbladet, Jerusalem Post, stod det eit stykke skrive av ei beduindame som hadde vorte advokat. Eit unikt tilfelle. Ho klaga over kvinneundertrykking, æresdrap og eit samfunn korkje politi eller andre autoritetar greier å få innsyn. For litt sidan vart ei ny kvinne funne drepen, men som så ofte før vart ikkje mordarane funne og ingen straffa for ugjerninga. Det er grenser for kva politiet kan finna ut når heile samfunnet, kvinnene og, teier som veggen.  Går politiet for hardt fram for å finna mordarane, vert det slege opp verda over og både lekmann og prest – også der heime i  Gamlelandet me skal reisa tilbake til i dag – ropar over seg om kor galne jødane er. Mishasndling eller det som endå verre er. Kvinnene og borna ho advokatdama påstod vart både undertrykte og mishandla, ja, av og til drepne, er usynlege både for politiet og for media. Skreiv ho.

Då du og eg såg dagsens lys, snakka folk om dei «einøygde». Det var dei som heldt med tyskarane. Det auga som skulle sett all mishandling og vald mot gode nordmenn, var dei blinde på. Hitt auga derimot såg altfor godt. Det dei ikkje såg, la dei til sjølve. For pengar, for eigne fordelar eller berre for å vera «tidsriktige». «Up to date» som det heiter på godt norsk. Slik er det visst med jødekritikarane no for tida og. 

Nei, eg får trøysta meg med han Blüthner så kenge eg kan. Ein tyskar med klang i. Ein som gler alle, det være seg jødar, beduinar eller grekarar. Og meg.

Ha ein god kveld. Me snakkast – på skikkeleg - snart.

Meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar