tirsdag 18. august 2015

Verda sin sjakk-hovudstad



Brev 17
…………………
Kjære deg.

Er du ferdig med oppussinga no? Sist du skreiv , var det berre å måla listane og vaska ut før du kunne flytta inn att på soverommet. Godt å koma i si eiga seng. Då kviler kroppen best, søvnen vert betre og kona blidare.  Eg har høyrt folk snakka om å sova søtt, men for meg er svevnen korkje søt eller sur. Andre seier dei søv tungt og nokre at dei søv lett, men korleis kan dei vita det?  Søv dei på badevekta kanskje?

Her er soveromma oppe omtrent ferdige, så no kan folk koma og sova som dei vil, enten det er tungt eller lett, søtt eller surt. Luftavkjølingsanlegg heitte det i gamle dagar før me lærde det nye norske ordet airecondition. Varmepumpe, seier nokre, men her nede er det kuldepumpe. Vår oppgåve her nede var så sjå etter huset og arbeidarane. Og så har me vaska, reinska ugras, klipt plenen, vatna blomane og gjort anna forefallande arbeid som eit eller anna klokt hovud kom på å kalla det ingen hadde funne noko namn på. 
 
Brua over elva har plass til mykje vatn, men sjølve elva er berre ein liten bekk i sanden no.
Me tenkte å vera turistar og, men det vart berre til Be’er Sheva. Du hugsar eg fortalde om Abrahams brunn og tamarisken han planta. Men soga stogga ikkje der for 3000 år sidan. Det gjorde dei ikkje der heime hjå oss heller. Nei då. Han Abraham vandra rundt i øydemarka her med dyra sine. Forfedrane våre rak land og strand rundt og dreiv jakt, fiska og åt det dei fann anten det var på sjø eller land.
Forresten, slik han Abraham slo seg ned i utkanten av Falestina, tok folka der heime til å slå seg ned på den tida og. Vart fastbuande. Dei planta ikkje tamariskar eller grov brunnar så langt me veit, men dei kunne planta eitkvart lite og halda husdyr.

Etter som åra gjekk, vart det ein by her nede som han Abraham grov etter vatn. Hit kom karavanane både frå sør og nord, aust og vest for å drikka. Det må ha vore reine Sinsenkrysset som Oslofolka snakka om i gamle dagar. Før dei grov vegane ned, altså.

I 1917 kom den engelske hæren oppover etter å ha lagt under seg Egypt. Dei jaga dei ottomanske soldatane føre seg nordover. Sjefen deira i Konstantinopel, - der Sigurden vår reid då hesten hans miste gullskoen, hadde bygt ein politistasjon i byen. For å halda orden på området. General Allenby og dei engelske soldatane ville til Jerusalem og endå lenger. Allanbyen såg alvorleg på situasjonen. Dersom han hadde kontrollen her, ville det vera uråd for fiendane å falla hæren i ryggen når dei reiste vidare nordover.


Han ser alvorleg ut på minnesmerket dei har på politistasjonen og. Forresten, eg veit ikkje om minnesmerke er rette ordet. «Byste» kallar nokre det. Du veit ein slik statue der dei har skore  kroppen av om lag i høgde med brystvortene, og kasta resten. Dermed står hovud og skuldrar att på ei eller anna fin søyle og ser mishandla ut. Og det må vel alle forstå. Ingen av oss ville vel lika å verta avskorne på denne måten enten me er berømte eller døde. 

Same dagen som dei slost om øydemarka her nede, skreiv Lord Balfour heime i England under ein deklarasjon som han fekk æra for, men ikkje hadde skrive: «Hans Majestets regjering ser med velvilje på etableringa i Palestina av ein nasjonal heim for det jødiske folk…» Han, som Abraham, let andre gjera tungarbeidet medan dei sjølve fekk både æra og plass i sogebøkene. Er det ikkje likt seg, du.
Engelskmennene hugsa forresten heller ikkje på at Ph skulle lesast F. Dermed vart Falestina Palestina og er det framleis.

Be,er Sheba, «hovudstaden i Negev» har eit par hundre tusen innbyggjarar i dag, og særleg mange russisktalande både jødar og ikkje-jødar. Turistreklamen, ved sida av å reklamera med dei 5 regndagane sine for året, kallar seg «Mulighetenes hovedstad». Reklame gjer seg best på bokmål som du veit. Korkje Bennett eller andre av dei store og viktige i bransjen synest nynorsk eignar seg når dei skal selja oss til utlendingane. Eg trur ikkje dei ein gong ville greia å omsetja denne språkblomsten «Mulighetenes hovedstad» til han Ivar i Åsen sitt mål. 

 Same året som det norske fjordlandskapet og Nærøyfjorden kom på Unesco si verdsarvliste, kom Be’er Sheba der og. Vått eller tørt. Like vakkert og vilt uansett. 
 
Slik ser landskapet ut der menneskja ikkje vatnar....
Elles er det fleire namn på byen her nede i øydemarka: Til dømes «Sjakkhovudstaden». Men då er det ikkje snakk om dette vesle landet som ikkje er større enn Hedmark fylke. Nei, sjakkhovudstaden for heile verda. Ingen by i verda kan skilta med fleire stormeisterar i sjakk enn Be’er Sheba, takka være dei mange russiske jødane som har flytt hit. Slå den du! Då byen hadde 160 000 innbyggjarar var reklamen: "Vi har ein stormeister i sjakk pr. 20 000 innbyggjarar". Noreg har pr. i dag 11 og me reknar oss i fleire-millionarklassen. 


Du, er det ikkje på tide at me tek fram att sjakkbrikkene? Eg kjem heim att til helga. Blås støvet av brettet og gjer det klart. Noreg treng stormeisterar. 

Ha ein god dag.

Meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar