tirsdag 18. august 2015

Jerusalemsfeber og meire til



               
Brev 15
………
Kjære deg.

No har eg  venta på brev frå deg i mange dagar. Har du sovna i sokkane? Her fortalde eg deg om han Sigurd, vår barndoms helt som herja seg fram langs Midt-i havet heilt til Jerusalem, og du teier. Fortset du slik, sluttar eg å skriva brev til deg. Forstår du? Skriv snart.

Om Jerusalem likte besøket til han der Sigurden, står det ikkje noko om. Ikkje alltid lett å forstå seg på damer heller. Mursteinen min har side opp og side ned om ho Jerusalem. Sekshundre og endå fleire sider om korleis ho vart feira som ei dronning, men neste augneblink valdteken og miskjend. Dei slost om ho så både fillene og pilane flaug. Brukte armbrøst eller kanoner, krumknivar eller sverd. Nokre rosa ho opp i skyene medan hine prøvde å riva henne ned etter beste evne. Ikkje berre jødar og muslimar. Neidå. Nidkjære kristne frå Roma, Moskva, Konstantinopel, London, New York og Oslo. Same ulla alle saman.  

Alle hadde si meining og visste korleis alt skulle gjerast. Alle meinte det var deira soleklare rett å bestemma kva som helst, kvar som helst og når som helst. Ja, med ho Jerusalem altså. Dei som hadde minst å seia, var jødane. Sjølvsagt. Dei var heimfødingar.

No var ikkje jødane dei første som hadde budd i byen. Då Daviden og karane hans tok byen, heitte han Salem eller noko anna rart. Han fekk sjølvsagt byen oppattkalla etter seg sjølv. Davidsbyen. Men kjært barn har mange namn. Slik vart ho Jerusalem. Folk drøymde om henne verda over og ville så gjerne sjå henne både i dette livet og det neste.

Amerika sin store president, Abraham Lincoln,  hadde ikkje berre namnet til jødane sin stamfar, han budde og lenge i eit av dei amerikanske «Jerusalem»: «New Salem». Han rekna seg ikkje som ein spesielt religiøs mann, men hadde ein minister som hadde reist verda rundt. Han hadde vitja Jerusalem og skrive bok om ho. 14. april 1865, på veg til teateret, føreslo han Abraham for kona at dei skulle ta «ei pilgrimsreise til Jerusalem». Etterpå fortalde ho at han kviskra like før skotet small: «Å, eg skulle så gjerne vore i Jerusalem!».

Drap og liknande underhaldning har alltid vore ein del av livet på scenene verda rundt. Også i Jerusalem. Men fordelen med teateret er at der vert same personane drepne kveld etter kveld for etterpå gå på restaurant og eta kvelds. Men det kunne ikkje han Abraham. Lincoln altså. Kona hans sa etter drapet: «No er han midt i det himmelske Jerusalem». Ho fann trøyst i den tanken. Det skal me unna henne. Den trøysta har styrkt mange.

Men ikkje berre hennar uheldige Abraham lengta etter Jerusalem. På 75 år, frå 1800 til 1875 kom det ut rundt 5000 bøker om ho Jerusalem berre på engelsk, og «Jerusalems-feberen» vart så sterk at fullstappa båtar med pilegrimar kom til landet kvart einaste år. I tillegg til dei som kom landevegen.
Lat oss halda oss til dei store. Ein av dei skal ha lidd av Jerusalems-feberen, var tsar Nicolas den første. Han vitja det russiske «Nye Jerusalem», eit kloster grunnlagt av patriarken Nikon i 1656. Der hadde dei bygt mellom anna ein tru kopi av Den heilage grava. Dit reiste dei russiske ortodokse kristne på pilgrimsreiser heilt til klosteret brann i 1808. Dei sparde mykje pengar på å korta både avstand og reisetid. Nicolas vitja staden i 1818, vart «djupt rørt» og starta oppatt-bygginga etter brannen. Arbeidet vart fullført, for så å verta rasert av Hitler sine lakeiar som leid av Anti-Jerusalems-feber. Han og Mufien i Jerusalem. Ho Nye Jerusalem ved Moskva opplevde dermed det same som med ho gamle på åsane i Judea. Nokre bygde og andre reiv ned.  

Heime hadde me han Arn-Ola. Han hadde hatt fin jobb på hotell i Bergen, men vart tvinga heim att for å ta garden. Han snakka resten av livet om «dette jordiske vanstellet»,- kva han no meinte med det. Men han hadde i alle fall heilt rett på eitt punkt: Det jordiske vanstellet er ikkje lett å verta klok på enten det er der heime eller Judea. 

Amerika var «Det lova landet» for undertrykte kristne enten dei reiste med «Mayflower»frå England eller med «Restauration» frå Stavanger. Det jordiske vanstellet statlege og kyrkjelege herrar påtvinga dei, gjorde livet heime uleveleg. I tillegg trudde visst mange at indianarane «over there» var etterkomarar frå dei tape stammane som var førde til Babylonia og aldri fann vegen heim att. Temmeleg krigerske grannar desse «jødane», men dei kunne omvendast og verta skikkeleg folk. Dermed fekk utvandrarane som vandra inn både nye Jerusalem, Salem eller kva bibelsk namn dei nytta, og si lokale jødiske misjonsmark. 

Kanskje «jødane» der var enklare å omvenda enn jødane i ho Jerusalem? Dei autentiske held stand og har overlevt alt: Evangelisering med eller utan sverd, allmisser og pisking, gasskammer og kva anna vår forvirra menneskeætt har bydd dei.  Dei er så uforanderlege og eigenrådige som berre deira eigen JHVE kunne skapt dei. Heldigvis. Me skal vera glade for det. Utan hadde nok både dei og ho Jerusalem vore vekke for lenge sidan.

Politikk er ikkje lett å forstå seg på, det er du og eg så hjarteleg samde om. I alle fall ikkje storpolitikk. Nokre riv ned for å byggja opp att på sin eigen måte. Nokre riv berre ned. Ja, du veit kven eg tenkjer på…  Berre nokre få driv trufast byggearbeid med dei sender lynsnare augnekast både til høgre og til venstre. 

Godt me har lokalpolitikken. Der me kjenner folka og veit både kva dei gjer og kva dei seier. Dermed kan me røysta på dei beste. Ja, du stemmer vel KrF i år og?

Med beste helsing frå oss her.

Meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar