tirsdag 4. august 2015

Ikkje klag på regnet. Du veit ikkje kor godt du har det!



Brev 10
……………………………..
Kjærer deg.

Nei, dette var kjekt! Tenk å få nytt frå Gamlelandet. (Må vel ha lov å seia det no me har vore to veker ute i verda? Eller burde eg venta ei veke til?) Du veit kva han sa han som kom tuslande heim att i tunet fordi han hadde kome for seint til Amerikabåten: «Du ju still hæv dat old katt?»

Stakkars katten. Han måtte kjenna seg urgammal der han fyken og malande kom for å ynskja mennesket sitt velkomen heim att. Kanskje han, katten altså,  hadde bruk for psykolog etterpå? Vår treng det framleis. Eg høyrer han remjar utanfor døra. Klagar av gammal vane. Eller for å få utvida sitt privilegium. Frå omstreifande mor med tre ynkelege små, har ho no hus og mat og nokre truskuldige tobeinte ho tydelegvis vil styra både med mjauing, fresing, knurr og klør. Kanskje ho lir av seinverknader frå ein vanskeleg barndom? Det kan gjeva seg mange slags utslag har eg høyrt.

Kva kråka ville, har eg derimot funne ut. I går kveld kom ho att. Med ektemake. Ikkje skreik ho til meg og ikkje let ho ille på nokon anna vis heller. Men ho fylgde godt med.  Ho ville sikkert hatt mat, både ho og gubben, men ho var mest interessert i det som er aller viktigast for alt liv på desse breiddegrader. Vatn.
Oliven til mat og blad til te

Ein del av jobben min er å vatna hagen og ein liten olivenlund i enden av husrekkja. Friske, grøne tre som no er over halvanna meter høge og fulle av veksande frukter. Plantar sette ned av norske israel-elskarar med same draumen som Moses, Josva, Ben Gurion og nokre millionar:  At øydemarka skulle blomstra og bæra frukt.

Hjå 90 % av huseigarane i denne byen ligg hagane som tørre plassar meir eller mindre fylte med ting av forskjelleg slag. Men i dette huset og nokre få andre vert det vatna nokre timar på ettermiddagen. Blomar som elles ville døy på få dagar, strekkjer seg her mot sola. Eit epletre og eit pæretre veks bak i hagen og vil gjeva frukt om eit år eller to. Slyngplantar og druer gror oppover murar og stolpar. Pasjonsblomsten har me ete frukter av sidan me kom. Hekken mot grannen på baksida skulle hatt ein omgang med hagesaksa. Ein lokal gartnar har sagt at no er tida. 

Olivenlunden har eigentleg timestyrt vatning, men elektronikken er daud og erstatta av meg. Det er ikkje inne-vatn eg vatnar med. Det er filtrert og kan drikkast or springen. Utslagsvatnet vert resirkulert og brukt ute. Bokstaveleg talt «Til utvendig bruk» som det stod på medisinflasker i gamle dagar. Kanskje det står slik enno. Kva veit eg. Ja, kanskje står det på vatningskranane og. Krusedullane er reint hebraiske for meg. Men kråkene gledde seg og tok til takke. Plantane og. 
 
Huset med vatninga til parken i framgrunnen
Hadde ikkje leiinga her nede i Sørlandet funne på å leggja ein by her, kva skulle kråkene og kattane livberga seg med då? No er byen 19 år, har butikk, synagoge, offentleg bad med badevakt, student- og ungdomsbustader og rundt 200 familiar i egne hus. Eigentleg var det ein kibbuts starta for 39 år sidan. Hønsehusa står litt nedom porten endå, men dei fjørkledde eggprodusentane vart flytte lenger vekk for å hindra problem med lukt og fluger. Åkrane og husa for plantar er i drift endå. «Driv-hus» og «stopp-hus» eller kva me no skal kalla dei. «Skuggehus» kanskje. Duken på desse stoppar akkurat nok solstrålar til at plantane overlever og produserer mat for grønsakglade tobeinte. Det motsette av det trengst lenger nord på kloden altså.

Verså god. Her kan du kvila.
Rundt byen går eit dobbelt, tre meter høgt gjerde. Ein indre del av det kan visstnok setjast straum på om det trengst. Vegen inn kan sperrast med ein sterk, gulmåla port og har vakthus attmed. Skiltet fortel at er porten stengd, ring …..  Men porten er i ustand og har vore det siste månadane. To kvartal nedanfor oss er det i tillegg klipt hol i det ytre gjerdet, kven som no gjorde det. Folk fortel dei har både ringt og snakka med kommuneleiinga om problemet, men ingen ting har hendt. Dessverre når det gjeld vern av byen. Heldigvis om ein tenkjer på kva som har hendt andre stader i landet. «Snart», «Neste veke» eller kva no kommunetoppane finn på å seia. Stakkars folk. Dei har ikkje ein gong ein stakkars terra-skandale å gøyma seg bak!

I enden på kvart kvartal  er det planlagt eit lite parkanlegg. Infrastrukturen er på plass her og, men oppfylginga manglar. Husrekkja ved sida av har stolar der ein kan kvila tyngdepunktet ein har omtrent på midten. Kost berre av sanden først. Havgula vaknar gjerne på ettermiddagen med nokre friske fråspark som tek sand med seg. Etterpå roar ho seg ned og vert berre til glede.

Nei, no gløymde eg reint å svara på brevet ditt. Den alderen, veit du. Men eg lovar å svara neste gong eg skriv.

Meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar