fredag 1. desember 2017

England

1: Introduksjon


Nei, eg er ikkje død.
 
Har ikkje vore det eller. Berre fråverande. Truleg så lenge at ingen har interesse for bloggen min. Det er kanskje det beste. Både for meg og deg......

 Eg skriv for min eigen del. Kan det vera interessant for andre, ja, så er det «bonus».  Men eg vert korkje rikare eller eit betre menneskje kor mange som les det eg skriv.

Å verta «eit betre menneskje» burde vera målet for meg og alle som har lese ordet om «å veksa i visdom og velvilje». Han var eit godt føredøme, han det vart skrive om. Det beste i verda. Og førebilete treng me alle.

No sit eg ved eit stovebord i England og flyttar tankar gjennom tastane og inn i datamaskina. Kvar dei kjem ifrå, er eg ikkje sikker på. Tradisjonelt seier folk dei kjem frå hovudet. Hjernen. Best å tru det er sant. Utan vil folk tenkja at det er noko gale.

Det er det sjølvsagt. Noko gale altså. Ikkje tvil om det. Eg berre prøver å gøyma det så godt eg kan. Stakkars meg om nokon fann ut både på det eine og det andre der inne i tankeverda mi.

Sjølvsagt kan eg skulda på «arv og miljø». Det har berga så mange. «Han eller ho er arveleg belasta, stakkar». «I det miljøet MÅ det gå gale», og «Kva kan du venta av …..». Eg synest eg høyrer praten gå.

Du – om du ein eller annan gong, ein eller annan stad av ein eller annan grunn skulle koma til å lesa dette –   kunne du sikkert hjelpt meg å finna på endå meir å orsaka meg med. Men det er ikkje me som normalt feller dommen over oss sjølve.  Det gjer «dei andre».  «Bygdedyret» kallar nokre folk det. Det skal finnast i dei u-urbane strøk av landet. Byfolk kjenner det berre av rykte går eg ut frå.

Eg kan ikkje skulda på arven, korkje den genetiske eller den utanomske. Heller ikkje miljøet. Har opplevt så uendeleg mykje godt her i livet både av menneskeleg og utanom-menneskeleg påverknad. Kan berre å takka og bukka. Livet har vore rikt og godt, spennande og utfordrande. Stundom meir og stundom mindre, rett nok, men ikkje slik at eg ville levt det om att.

Det er som å gå opp til eksamen. Ein gjer det beste ein maktar i dei oppgåvene ein for utdelt, og så får sluttkarakteren bli som han blir når sensuren fell. Det gjer han ein dag for oss alle. Her på jorda ein sensur som i verste fall vert publisert i både skriftlege og andre media. På andre sida framfor ein på ein stor, kvit kongsstol står det i «Storeboka». Bibelen. Dommaren der veit alt, også det media her nede ikkje veit eller ikkje vil vita.

«De må gjera så godt de kan. Då kan korkje Gud eller menneskje krevja noko meir», sa han far. Skulemeister av den gamle skulen, som han var. Ord som hadde tyngde.

Men kvifor sit eg her med stovebordet og matar bloggen min med desse tankane? (Skulle du lesa det, så er det på eige ansvar. EG ynskjer ikkje å plaga deg! Berre så du veit det.) Eg mimrar om du veit kva det er. Eg er mimrete for tida.

Når me hadde ete, lærde me på skulen at maten måtte meltast for at kroppen skulle ha nytte av han. Mimring har noko av same funksjonen, i alle fall i mitt hovud. Inntrykk og opplevingar må lagast om til mentalt vedlikehald og – om det endå kan skje i min alder – vokster og utvikling. No når det er vanskelegare og vanskelegare å hugsa namn og tal, vonar eg mimring kan festa noko på min innebygde «harddisk». Hardare og hardare etter som åra går, ser det ut til.

Medisin mot problemet? «Skriv det ned», seier folk når eg seier eg har vorte gløymsken. Det er det eg driv med. Men, - på vegen frå min innebygde harddisk til datamaskina sin, vel tankane å gå sine eigne vegar. Tek avstikkarar, men kjem før eller seinare tilbake til der dei skulle vera.

 

Eg er altså i England. Då eg vart fødd i det siste krigsåret, hadde England glorie. Mange reiste over Nordsjøen for å sleppa unna okkupasjonsmakta, eller for å slåst mot ho. Ikkje alle kom fram. Uansett vart dei heltar.

Heltar var også slektningar og andre som motarbeidde tyskarane der heime, enten det var å køyra utstyr til Bjørn Vest-karane oppe på setrane. Andre hadde radio og snakka med London. I skulehuset var det høgt under taket i klasseromma. I skåpet over bibliotekbøkene, laga far falsk tak. Over det stod radioen på ei hylle og fortalde nytt i frå London når dagen var slutt og alle hadde gått til ro.

8 karar rømde frå Bergen. Tyskarane var etter dei. Så trong dei skyss til Masfjorden for å koma seg vidare til England. Far gjekk til gode grannar (og «gode nordmenn», - dei han kunne lita på) og lånte sengeutstyr. Karane fekk overnatta i skulehuset før dei for vidare. Då han bar sengekleda tilbake neste dag, fekk han loppebit, fortalde han. Det var det einaste negative resultatet av overnattinga.

Mange år har gått sidan den gongen. Mykje har eg reist og mykje har eg sett, men lite av England. Jaja, ikkje Heathrow då. Flyplassen er berre dørstokken til landet, så den reknar eg ikkje. London Bridge fekk eg sjå gjennom togvindauga på veg frå Gatwick, ein annan "dørstokk" på desse kantar. Korkje den eller dei andre "turistmagnetane" i den engelske hovudstaden, stod på mi ynskjeliste. Eg var på leit etter England, - kvardags-England om du vil.

------

Ei Islandsk saga fortel om Olav Digre som levde for snart 1000 år sidan. Han er og nemnt av andre sogeskrivarar. Alle einige om at han vart døypt, men om det skjedde i Frankrike, Noreg eller England, er dei ikkje einige om. Eg lærde at det var i England, men sidan eg ikkje var fødd den gongen det skjedde, blandar eg meg ikkje opp i den striden.


Utsnitt av måleri som heng på turistsenteret på Stiklestad (Foto: IBj).
Olav den «Digre» døydde og fekk tilnamnet «den heilage». Mange kyrkjer er innvigd til minnet om han. Også i England. Katolske sjølvsagt. Delar av kyrkja hans i Exeter, er frå same året Olaven vart drepen på Stiklestad. Der er romansk ortodoks messe første søndag i månaden, og andre søndagar vanleg romersk katolsk. På vekedagar open for privat bøn og refleksjon, seier brosjyren deira. «Du er velkomen».

-----

For 830 år sidan skjedde det store ting på Fimreite. - langt inne i Sognefjorden og ytst i Sogndalsfjorden. Der var ein Sverre og ein Magnus som begge ville verta kongar i Noreg. Han Sverre vann og vart helten i Sverres saga. Han Magnus vart drepen. Derfor fekk ikkje Magnus saga, - nei, skriva noko, sjølvsagt.

Frå gardane der inne er det fint utsyn ned på staden der birkebeinarar og hine slost for harde livet. Ein som vaks opp på Fimreite, fortalde at dei om somrane dukka der slaget hadde vore. Dei plukka opp «kastesteinar». Ammunisjonen når vikingane ikkje hadde pilar att.

Det er ikkje birkebeinarar på Fimreite i dag. Derimot bur der ein triveleg engelskmann som er soldat, frelses-soldat. Han skulle eit ærend heim der han var ifrå, og eg fekk lov å vera med. Hadde me reist med båt, hadde eg mistenkt han for å ha meg med som ballast. Sidan me tok fly, - Norwegian, måtte han ha andre grunnar. For meg spelte det ingen rolle. Eg hadde lyst å læra og sjå....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar