fredag 1. desember 2017

England
3. Om mat og meir.


Å koma til eit nytt land og prøva maten deira, kan vera både ei kulinarisk oppleving og ei utfordring. Alt etter som. Eg hadde sagt til Robert at «eg vil læra mest mogeleg om England». Mat inkludert. Det var derfor han tok meg med på ekte engelsk frukost i King Cross, den med «eggs and bacon and sausages and toast».

Eit par dagar etter at me kom fram, hadde eg bursdag (= 73 unge år), og fekk både kort og fin gåve. Og bedt ut til kvelds. Glad i fisk som eg er, vart valet ein slags fisk i kvit saus. Nesten som fiskegrateng, men med store beinfrie fiskestykke i kvit saus og med poteter og grønsaker. Det var store porsjonar servert i eldfast skål med chips til. Ei skikkeleg matglede.

Øvst på ynskjelista då eg reiste frå Noreg, var «fish and chips». Det fekk eg nokre kveldar seinare. Fisken dei hadde den kvelden, var torsk. Innbakt fisk med «høgde» poteter og bønnestuing til. Nydeleg.

Fredagen i Derby var det «curry-kveld» på «The Hungry Horse», ei stor pub-kjede. Eg vart invitert med, men hadde ikkje lyst på indisk mat. Ville ha noko ekte engelsk. Det mest typiske dei fann til meg på menyen, var «gammon-steak» med speilegg og ananasring.

Ein populær pub med populær mat og med lukt som gjorde ein svolten. Praten gjekk livleg både med me venta og etter me fekk maten. Som utlending og uvitande, åt eg det eg fekk. Først då hine var ferdige med å eta, spurde dei korleis maten smakte meg. Jau, det var OK, men ikkje mykje å ropa hurra for. (Eg sa det sjølvsagt på ein fin måte for ikkje å støyta nokon. Men to sneier grisekjøt, ein klatt med grøne erter og ein mellomting mellom kokte og steikte poteter, var ikkje det beste eg hadde smakt).
-       Men speilegget då?
-       Egg? Eg fekk ikkje noko egg, svara eg.
-       Og ananasen?
-       Det var ikkje noko ananas på min tallerk!

Dei innfødde eg var i lag med, ropa på dama som hadde servert oss. Ho kunne sjølvsagt ikkje forstå kva som hadde hendt. Det var «Sorry» alt saman. Noko hadde gått gale enten med bestillinga eller på kjøkenet. Eg kunne få det etter-servert det som mangla. Sjølvsagt. Eg sa «Nei-takk». Dei eg var i lag med ferdige med sine porsjonar og folk omkring glante og lurde på kva oppstyr dette var. Og så skulle eg sitja der åleine å gafla i meg speilegg og ananas med publikum talde tuggene? Nei takk. Eg beit skuffelsen i meg og tenkte: Eg skal aldri på «The hungry horse» meir. Hesten et halvparten.

The hungry horse var ein moderne restaurant. Namnet var rart, men rare pubar har England mange av. Her er nokre frå Exeterområdet:
-       Kross Keys (to lyklar i kryss),
-       The honeycomb (vokskake med honning),
-       Noas ark,
-       The Elm Tree (almen),
-       The Oaktree (eika),
-       Coach and horses (hest og kjerre),
-       Three Horseshoes (tre hestesko),
-       Blue bell (blåklokka)
-       Queens Head, og så vidare. Mange er å finna i gamle bygg med god mat og intimt miljø.

Eg har berre vore på nokre få. Den siste, Ship & Pelican, var i går. Me gjekk inn ei sidedør og kom inn i bakre delen av puben der ein eldre mann «hang» på innsida av disken. Fire-fem menn og ei dame «hang» på utsida og drakk øl og prata.  To einslege menn for seg sjølv ved småbord. Den yngste med ein lap-topp. Hin med ei avis.

Eg bad om svart kaffi utan sukker og mjølk. Han bak disken såg vantruande på meg.

-       Black coffee?

-       YES, svara eg så engelsk eg kunne.

-       No milk and sugar?

-       Eg nikka.

Praten på disk-kanten stilna. Alle såg på meg. Vurderte meg frå topp til tå. Eg fann eit bord ved veggen og gjorde meg så liten eg kunne. Han med avisa såg eg var ein framand fugl og forklarte at puben tidlegare hadde hatt fire separate rom, no slegne saman i eitt. Det viste nye og eldgamle bjelkar i taket. Golvet innanfor døra hadde teppe. Resten hadde tydelege spor etter rivne vegger. Gamle golvfliser på 1 x 1,5 meter utgjorde gamlaste delen av rommet. Ein stor TV i hjørna viste australsk forball. Etterpå skulle England spela. Det var det folket venta på.

Kaffien var ikkje mykje å ropa hurra for. Pulverkaffi eller «latmannskaffi» som me seier heime hjå oss. Prisen?  Halvanna pund eller16-17 kroner. Og erfaringa? Verdt mykje meir i studiet mitt av mat-England.

Her er det eg har prøvt til no:

-       Gamon steak (utan speilegg og ananasring),

-       Shepherds pie (med lammekjøt),

-       Cottage pie (det same, men med kukjøt),

-       Fish and chips,

-       Jacked potatoes (Ei stor uskala potet med forsksjelleg til),

-       Diverse paiar,  og

-       Toad-in-a-hoe (Padde i holet sitt) som er pølser servert i eldfastform, innbakt i ein deig av mjøl, vatn og egg).

Men i heimane var det meir vanleg mat for meg. Cornflakes og toast.  I Derby fanst berre yoghurt og søtmjølk i butikkane. I Exeter hadde største superen kefir med eller utan tilsett smak. Mest uvant for meg å få servert ein liten post potetchips til skivene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar