mandag 4. desember 2017


England

7. Angrar dei?


Tilbake til «The Balfour Declaration».  Mange engelskmenn ser ut til å angra på det balfourske vedtaket, og FN på at det vart teke med i FN sin «grunnlov». Men då dette er historiske vedtak, spelar den politiske angeren eller våre meiningar i dag ingen rolle.


Den anklagande peikefingeren var derimot synleg både her og der. Han var der i dei avisene eg las. Side opp og side ned, illustrerte med bilete av politikarar og filmstjerner som skal ha gjort ting dei skulle og burde angra på. Seksuelt sjølvsagt.  Menn i hovudrollen, noko som ikkje skulle undra nokon. Velkjende personar med mykje å missa både innan økonomi og status. Noko stod på trykk i norske aviser, men i England var det mykje verre. Særleg i «slarveaviser» som den venen min i Derby aldri kjøpte.


Biletet av desse syrgjande står i ein av katedralane eg vitja.

Eg trur mange av desse som er hengde ut på denne måten, angrar om det er sant det som stod der. Det skulle berre mangla. Den som vert uthengd slik, har grunn til å kjenna seg ille til mote. Særleg om det er sant.

Også «alminnelege menneskje» kan ha grunn til å angra, utan at avisene skal hengja dei ut til spott og spe. Eg angrar over ting eg har gjort, og kanskje endå meir over ting eg ikkje har gjort. Deprimerande, spør du meg. «Tenk om eg kunne fått gjort det om att», har eg tenkt meir enn ein gong. Noko eg ikkje kan. Ikkje sikkert eg hadde gjort «det rette» om eg fekk sjansen på ny heller.

I filmbransjen kan dei ta scenene om att om opptaket ikkje var perfekt. I det levde livet, kan me ikkje det. Der står alle på like fot.

«Gjort er gjort og spist er spist» seier Torbjørn Egner i forteljinga frå Hakkebakkeskogen. Til slutt «skulle alle være venner». Alle, inkludert reven, skogmusa og dei andre dyra. Slutt på revestrekane, - sjølv om magen var tom og lysten aldri så stor.

Nokre av avisene eg kjøpte
Tilbake til avisene, - for eg har kjøpt fleire. Ein av dei mest sentrale politikarane i England tok livet sitt etter å ha vorte hengt ut i media. Angra han på noko, skal tru, eller var det fordi både hans sjølvbilete og hans framtid vart knust? Å nekta i slike saker, er fast kutyme. Å verta omtalt som familiemann og trufast far, hjelper ikkje. Den som er uthengd, er merkt for livet.

Ikkje går det å skulda på andre heller, sjølv om det plar vera ein god medisin i mange tilfelle. Heller ikkje å skulda på alkoholen, sjølv om me veit han er årsak til uendeleg  mykje vondt. Dermed såg denne politikaren berre den tragiske utvegen både for seg sjølv og sine. Slutten på alt.

Ein tosk som meg stiller spørsmålet: Var det sant det han vart skulda for? Var det avisene presenterte ei løgn eller berre ei halv sanning, var hendinga dobbelt tragisk. Svaret får me først i det komande livet.

Eg støttar korkje seksuelle eller andre overgrep. Heller ikkje seksuelt samliv utanom ekteskapet. Likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken om kanskje ikkje alt som kjem fram, er den heile og fulle sanninga. Og: Inntil ei sak er avgjort og fastslege ut over normal tvil, skal tvilen koma saksøkte til gode.

«Kva var sanning?»

Dette velkjende sitatet frå Pontius Pilatus sin munn (Joh. 18,38) synest å passa også i vår tid. Dette stod i avisa eg kjøpte i Exeter:

Domstolen der frikjende ein mann for å ha valdteke kvinne i hennar eigen heim. Soga var (slik avisa framstilte ho):

Ein mann arbeidde med eitt eller anna i nærleiken då ei kvinne kom og inviterte han inn til eit glas vin.  Ho slo sjølv opp drikkevarene og gjort det koseleg for dei. Det heile utvikla seg så til noko ho angra på. Politiet vart varsla om overfall, og mannen skulda for å ha trengt seg inn og valdteke kvinna. Bevisa og den folkelege støtta var på hennar side.

Likevel vart mannen frikjend i retten. Korleis kunne det gå an?

Sogeskriving som blanda drops: Tru det eller ei....
Jau, heilt enkelt. Han hadde arbeidt nokså lenge i det området, og det var ikkje første gongen han hadde vorte invitert inn til eit glas vin og «litt til». Men så ein dag ho gjekk ho av ein eller annan grunn og melde han til politiet for valdtekt.

Til hans lukke og hennar ulukke, vart heile soga kjend for retten, og trudd. Dermed kom ho i media sin gapestokk. Han slapp fri – i alle fall juridisk.

Gapestokken var ein viktig del av rettsvesenet «i gamle dagar» både i Noreg og England. Den gongen kasta folk både rotne egg og verre ting på dei fastspente syndarane. Einaste trøysta deira måtte vera at i endå eldre tider var ofte straffene endå verre.

For å læra meir av soga til dette vakre landet, kjøpte eg «Horrible Histories. England» av Terry Deary. Historiske facts på ein lettfatteleg måte. Der stod mykje rart.

Barndomshelten vår, Robin Hood, vandra i dei vakre skogane i Mid-England. Der eg var i starten på denne englandsturen. På Robins tid – for 200 år sidan og før gapestokken og avisene var oppfunne, hogg engelskmennene hovudet av folk og hengde dei opp til offentleg spott og spe. Mange hang der så lenge at det berre var hovudskallen att. Står det i boka.

Robin hengde han sheriffen i Nottingham, Guy of Gisborne, ut slik: Først tok han livet av han. Så skar han bort nasa og øyrene og festa det som var att av hovudet på spissen av bogen sin.

Den soga som eg fekk i hendene som liten, var altså ikkje originalen. «Min» Robin var ein fattigfolks-helt som tok frå dei store og rike og gav til dei små. Ein erke-engelsk Gjest Bårdsen med andre ord.

---

No tek eg ikkje Terrys «Horrible Histories» som noko «gudsord». «Du skal ikkje tru alt som står på prent» var eit herme då eg var liten. Visstnok sagt av ein redaktør i avisa Gula Tidend, nynorskavisa som ikkje tilpassa seg den moderne medieverda og gjekk inn. Desverre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar