fredag 1. desember 2017


England

2.  Hesteveddeløp?


Robert skulle til Derby. Det er der han vart fødd, og der har han eit hus som trong stell og ettersyn.

Eg tenkte hest med ein gong eg høyrde namnet. «Derby;  Årleg hesteveddeløp spesielt for treåringar» seier internett. Ordet smitta seinare over på motorsyklar så dei fekk sitt «derby». Om alderen på sykkelen spelar nokon rolle, står der ingen ting om. I tillegg kan du ta på deg ein “derby” når du skal ut slik han Winston gjorde både under og etter krigen. Derbyen var ein rund hatt med smal, oppattringa brem. Churchill brukte svart eller grå. I nyare tid er det laga derbyhattar for damer. Ikkje av den typen han Winston brukte,  men med vide bremmar og i alle fargar og fasongar.
 

Om du flyttar her til øya, kan du bu i Derby og gå på «derby» som luktar hest eller eksos. Er du mann, kan du kika fram under derby-bremmen slik Churchill gjorde. Med eller utan sigar. På det mest berømte biletet såg han sur ut, men det var fordi fotografen «kasta vekk» tida. Og for damer? Eg føreslær ein lys derbyhatt i Prinsesse-Diana-stil. 


Me kom til Gatwick, ein av dei store flyplassane på øya. Så tog derifrå til King Cross der me måtte byta tog. Eg ville prøva og læra alt om England, og fekk ekte engelsk frukost. Egg, bacon, eit par pølser og kvitt brød. Eg fekk svart kaffi utan sukker. Guiden min kaffi med sukker og mjølk slik det skal vera her på desse kantar. Vidare tog nordover til Derbyshire og Midt-England.
 

Han sov ein dupp medan eg sat med store gluggar og prøvde å få med meg alt både utanfor og innanfor glaset. Delvis opne jordbrukslandskap med grøne åkrar som minna om haustkveite. Andre stader beita kyr, sauer og hestar. Rundballar låg det her og der, men ikkje plastifiserte fargeklattar slik som heime. Nei, ballar av tørka høy, utan tak eller anna vern mot regnet. Kven kan eta slikt?
 

Vel framme og godt mottekne av hans familie, fekk eg sjå byen Derby. Byen er godt og vel så stor som Bergen. Den veka eg var der, var eg rundt både i byen og  omlandet. Sjølve byen er nokså flat, men ute i Peak District er åsar og fjell.  Som heime er landet velsigna med regn som sig inn frå Atlanterhavet og øyane i vest. Det gjev fossar og energi.


Her starta den industrielle revolusjonen, den som smitta over Nordsjøen og skapte fabrikkar på Dale og Salhus, Høyanger,  Årdal og vidare. Engelsk vasskraft og spinnemaskiner omforma bomull og ull til tøy. Import og eksport, og stor forteneste for dei som alt hadde pengar frå før. Gamle slott og arbeidarbustader fortel soga. Fabrikkar som ein gong var, men no til nedfalls om ikkje turistnæringa eller andre har funne ut at dei kunne brukast til noko. Inkludert museum som i Salhus.
 

I dag er området kjent for fotturisme mellom grøne åsar. Med overnatting og servering i ominnreidde fabrikkbygningar. Turistane får læra korleis fossane vart omskapte til arbeidsplassar, til dømes for tidlegare gruvearbeidarar.

Det var mykje kjekkare å arbeida over jorda enn langt nede i svarte gruver. Ein revolusjon for arbeidarane, for England og for verda. Handel og vandel. Politikk og maktkamp som skapte «The Commonwealt» der sola aldrid gjekk ned. Var det natt i Peak Distrikt, skein sola alltid andre stader i riket.

Men utviklinga stogga ikkje med storindustrien, verdshandelen og storpolitikken, veit me som kan soga. Revolusjonen og evolusjonen av moderne industri overlevde seg sjølve. Blodige revolusjonar øydela imperiet, og den tekniske  evolusjonen vart til devolusjon. I Peak District døydde industrien ut og naturen fekk overtake att. Til glede både for fastbuande og turistar.

 
Den berømte Charles Darwin kom og her oppe frå. Hans tankar om evolusjon skal eg ikkje koma inn på, men eg ser fram til at evolusjonstankane hans vert devolusjonerte slik det gjekk med industrien i området. Eg ynskjer skapinga velkomen tilbake både i lærebøkene og i samfunnet elles.

Til Midt-England og Peak District er du velkomen enten du har telt, vil bu i ein nedlagt fabrikk eller på eit slott. Du kan få ekte engelsk mat og drikke på eldgamle pubar med dei raraste namn. Romantisk og «erke-engelsk».

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar