tirsdag 23. april 2013

Kulturell dominoeffekt.



Grunnen til at Argentina og Paraguay utvikla seg så forskjelleg



Eg lærde aldri å spela domino, men på eit visst stadium av barndommen hadde eg mykje glede av brikkene. Eg sette dei etter einannan med passeleg avstand og kunne laga ein slange som bukta seg bortover bordet. Så dytta eg den første forsiktig, den dytta til den neste og slik heile vegen fram til den siste. Eg trong berre gjeva denne eine eit lite puff, så gjorde dominoeffekten resten!

Kultur er eit produkt av ei tilpassing til klimatiske og andre tilhøve. Eit gjetarfolk i Afrika har mange ord for grønt fordi fargen på graset fortalde dei kvar det var best å lata dyra beita, og kvar graset hadde liten verdi. På guarani har dei berre eitt ord for grønt og blått, ”hovy”. Forklaringa på dette er at skilnaden på grønt og blått ikkje spelar nokon som helst rolle i deira kultur.


Når det så gjeld kulturen til indianarane som oppdaga dei kvite: Påverka det dei statane som vart grunnlagde i Den nye verda? Kan me snakka om nokon kulturell domino-effekt som gjer at to statar ved sida av einannan utvikla seg ulikt på grunn av kulturen til indianarane som budde der?


Europearane som ”oppdaga” Argentina og Paraguay, var dei same.


Frå: Manual de historia paraguaya.
I 1492 starta ”Møtet mellom kulturar” som ein i Sør-Amerika gjerne kallar det me europearar er opplærde til å kalla ”Dei store oppdagingane”.  Indianarane oppdaga dei kvite som kom over havet, og dei kvite at det var land og folk dei ikkje hadde kjent til før. Columbus fekk æra for ”oppdaginga”, og mange fylgde etter. Først Mellom-Amerika, og så: 


1500: Cabral og Vespucio rundar pynten av Aust-Brasil.

1513: Balboa går over land og ser Stillehavet i. Denne oppdaginga starta leitinga etter sjøvegen mellom Atlanterhavet og dette nye havet, ”Sørhavet”.

1515: Diaz de Solis finn ”eit hav av ferskvatn”, men han døyr på kysten av Uruguay.  Alejo Garcia med fleire fører skuta vidare og finn ei stor elv som renn ut i Atlanterhavet. Dei kallar elva  Rio de la Plata”, ”Sølvelva”[i]. Dei lir seinare skipsbrot lenger nord på kysten, men indianarane tek vel imot dei. Her lærer spanjolane guarani og høyrer om eit land langt inne på kontinentet (Peru?) der det var mykje sølv og gull.

1520: Magellan passerer Rio de la Plata og finn vegen til Stillehavet i november det året.

Bilete frå "El Calrin", Buenos Aires.

1524:  Alejo Garcia går innover[ii] frå havet saman med mange indianarar og kjem i til det som dag er Paraguay. (Det seiest at han nådde Peru, og vende austover att med ”store rikdomar”, men vart drepen på vegen).

1528: Gaboto seglar opp elva Parana og vidare på elva Paraguay. Han finn dermed ”sjøvegen” til Paraguay.

1536:  Pedro de Mendoza grunnlegg  3.februar  eit fort eit stykke oppe i Rio de la Plata. Han kallar det  Puerto de Nuestra Señora del Buen Aire[iii]. Dette er opphavet til Buenos Aires.

1537: Juan de Salazar y Espinosa grunnlegg 15. august fortet ”Nuestra Señora de la Santa Maria de la Asuncion”. Dette vart opphavet til Asuncion.


For å gjera det enkelt kan me seia at Argentina si soge startar med grunnlegginga av Buenos Aires, og Paraguay si soge med grunnlegginga av Asuncion. Bortsett frå at det skjedde med halvanna års mellomrom, er starten på soga til Argentina og Paraguay felles: Spanske sjøfolk[iv]oppdaga” områda og grunnla fort som seinare vaks til byar og hovudstadar i statane som forma seg rundt dei..


”Møtet mellom kulturar” og utviklinga i Argentina.


Frå: www.puertobahiablanca.com
Staden der Buenos Aires vart grunnlagt, høvde godt for dei sjøfarande, men indianarane der var jegerar og samlarar som flytta seg fort og sjeldan vart lenge på ein stad. Tilgangen på mat var elendig, og indianarane var lite venleg innstilte til folk som trengde seg inn på deira område. Diaz Solis, som først kom til Rio de la Plata i 1516, hadde vorte drepen av indianarane. Sjølv om Pedro de Mendoza bygde eit fort så dei kunne forsvara seg betre, hindra stadige angrep dei i å utvikla tilstrekkeleg produksjon[v] av mat. Det vart innført kveg og hestar nokså tidleg, men med indianarar som dominerte pampasen, var prosjektet dødfødt. Dermed måtte byen forlatast og vart grunnlagt på nytt i 1580, - frå Paraguay,  av spanjolen Juan de Garay.


Pampasindianarane sin store mobilitet auka då dei røva og lærde å bruka hestar. Pampasen var og er typisk kvegland, og flokkar av kyr og hestar på indianarane sine gamle jaktmarker, kunne ikkje anna enn skapa problem. Litt etter litt kom nye immigrantar frå Europa. Dei  spreidde seg utover dei enorme slettene der staten selde jorda billeg[vi]. Inntrengjarane forsvara sine enorme eigedomar mot indianarane, og indianarane prøvde å forsvara sine område. Berre i liten grad greidde desse to flokkane  å etablera fredelege relasjonar seg imellom. Problema auka og på 1800-talet vart det gjennomført regulære krigar mot indianarane på Pampasen og i Chaco.[vii] Mest kjend er ”La conquista de la Pampa” også kalla  La Campaña del
 Descierto. Målet var å utrydja, fortrengja eller tvinga indianarane til å oppgjeva fridom og sjølvråderett.
Best kjend er krigen 1843-44, Juan Manuel Di Rosa  sin militære kampanje mot pampasindianarane[viii]. Motivasjonen var ”los malones”,- ”dei som gjer skade eller øydelegg”.  Det var indianar som drap kveg på deira urgamle jaktmarker og forsvarde sine område. Indianarane hadde og teke kvite fangar (på same måten som dei kvite hadde teke indianske fangar). På dette måten rettferdiggjorde regjeringa til president Juan Ramón Balcarce nedslaktinga.

"Helten" Di Rosa. (es.wikipedia.org)
Om lag samtidig vart det starta liknande åtak mot indianarane i Santa Fe og Chaco.[ix] Truleg  veit ingen kor mange indianarar som miste livet, vart skadde, fengsla, og så vidare. Men samstundes, både før og etter desse regulære troppane vart brukte mot urinnbyggjarane i landet, dreiv dei nye jordeigarane også jakt på indianarar.


For mange år sidan trefte eg på ei argentinsk bok der eit stor ”indianarjeger” var omtalt. På biletet av han stod han med foten på brystkassen til ein hovding han hadde skote. Same typen bilete ein finn av ”storviltjegerane” i Afrika! I reiseskildringa ”I Patagonia”, av Bruce Chatwin[x], skriv han:         
            ”I 1890-åra vendte en grov versjon av Darwins teori, som en gang hadde hatt sitt utspring i Patagonia, tilbake til Patagonia, og den oppmuntret til jakt på indianere.  Et slagord: ”The survival of the fittest”, den best skikkede overlever, en winchester og et partronbelte ga noen europeiske kropper en illusorisk følelse av overlegenhet fremfor de mye mer skikkede kroppene til de innfødte.

            Onaene på tierra del Fuego hadde jaktet på guanacoen helt siden Kaux, forfaderen deres, delte opp øya i trettini territorier, ett til hver familie.  (-)

            Så kom de hvite med en ny  guanaco, sauen, og en ny grense, piggtråd. Først satte indianerne pris på smaken av stekt lam, men de lærte fort å frykte den større, brune guanacoen og deres rytter, som spyttet usynlig død.

            Onaenes sauetyverier truet selskapets dividender (-), og den aksepterte løsningen var å drive dem sammen og sivilisere dem på misjonsstasjonen – hvor de døde av infiserte klær og fortvilelsen i fangenskapet. Men Alexander MacLennan hadde bare forakt til overs for seigpining: Slikt stred mot hans jaktinnstinkter.”

Hovdingen Pincen: Folket sin store skrekk. (es.wikipedia.org)


Skotten MacLennan vart derfor indianarjeger og fekk tilnavnet ”Raude Svin”. (Boka seier ikkje kven som gav han namnet).    


            ”Onaene hadde forædere i leirene sine. En gang kom en overløper som bar nag til sine egne, og fortalte MacLennan at et indianerfølge var underveis til selkolonien på Cabo de Peñas, sør for Rio Grande. Jegerne slaktet selene i en innestengt vik. Opp fra klippene så Røde Svin og mennene hans at stranden ble rød av blod, og det stigende tidevannet tvang dem innenfor skuddhold. De felte minst fjorten stykker den dagen. ”En humanitær gjerning”, mente Røde Svin, ”så sant man har ryggrad til å gjøre det”.”



Europearane som skaffa seg jord på Pampasen,  utvikla seg til ”Caudillos”, ”stor-godseigarar”. Normalt svært bevisste sitt europeiske opphav og mange går framleis på sine lands klubbar i byane, særleg Buenos Aires. Etterkomarar av europearar vert kalla ”criollos”,  - ”oppvaksne i landet”. Få frå desse gruppene har i tidlegare tider blanda seg med indianarar, og landet har praktisk talt ikkje folk av blanda opphav.



Som eit resultat av dette, har Argentina hatt trong for å importera arbeidskraft[xi]. I mange år flytte arbeidarar – særleg italienarar, fram og tilbake. Dei arbeidde i Europa når det var sommar der, og i Argentina når det var sommar på den sørlege halvkula. Etter kvart slo mange seg til i Argentina og det voks fram eit nytt sjikt i folket: Arbeidarklassen. Gjennom dette utvikla arbeidarrørsla seg og utgjorde fleirtalet som førde Peron til makta. Men dei fleste presidentane har vore militære eller ”caudillos”. Nestor Kirchner som var president til sin død, og Cristina Fernandez de Kirchner som er president no, har sin ”caudillobakgrunn” frå Patagonia.


Konklusjon.
Frå: es.wikipedia.org



Pampasindianarane sin jeger- og sankar-kultur gjorde det vanskeleg for spanjolane å få etablert nære relasjonar til dei og/eller dominera dei. Det oppstod dermed ikkje nokon blandingskultur, og prosenten av etterkomarar med europeisk-indianske forfedre, finst omtrent ikkje.



Både i Argentina og Paraguay  var det hæren som hadde ”ansvaret” for fred med indianarane. Dei skulle syta for at folket, - det vil seia dei kvite som frå indianarane sin ståstad, stal jorda, fekk gjera det i fred. I tillegg brukte regjeringane i begge landa aktivt misjonærar til å ”sivilisera” eller passivisera indianarane. Det starta med spanjolane som i utgangspunktet velsigna dei katolske misjonærane som bygde ”reducciones”[xii], eigne byar for indianarar. Fordi desse ”eksperimenta” vart for vellukka og jesuittane for mektige, vart byane øydelagde. Indianarane som greidde å røma, gjekk tilbake til skogen. Andre vart ”teke hand om” av kolonimaktene og vart ubetalte eller svært dårleg betalte landarbeidarar og hand verkarar. Seinare kom evangeliske misjonar inn i begge landa. Dei og fekk støtte  ”for å læra opp” og hjelpa indianarane[xiii].


I begge landa var indianarane sine rettar til jord og eigedom totalt ikkje-eksisterande fordi europearane og deira etterkomarar annekterte all jord og seinare selde ho ut til europearar med økonomi og ynskje om å etablera seg i desse landa. I Argentina vart dette først og fremst kjøt og ullproduksjon, seinare korn- og soyaproduksjon, som trekte investorane til seg.



Eit unnatak i Argentina er Entre Rios der naturen og folka som budde der, hadde mykje til felles med Paraguay[xiv]. Men sidan Entre Rios er ein utkant ilandet, kom tilhøvet til desse indianarane ikkje til å spela nokon rolle i utviklinga av det samfunnet me ser i dag.



Som i Paraguay, vart det prøvt importera slavar med afrikansk bakgrunn, men det vart ikkje noko forretning. Derimot utvikla immigrasjonen av sesongarbeidarar i Argentina seg og resulterte i ein arbeidsklasse som frå midten av 1900-talet har kjempa mot jordeigarar og andre rikfolk om den politiske makta i landet.



Litt statistikk til slutt: FN-sambandet (Globalis) opplyser[xv]:

             97%  er argentinarar av spansk eller italiensk opphav.

             3% er mestisar, indianarar og folk frå andre folkegrupper.



Det Argentinske statistiske sentralbyrået opplyser[xvi] at det i folketeljinga 2004-2005 var 600.329 “som utgjev seg for å vera indianarar eller etterkomarar av ei gruppe urfolk”.  Det utgjer omlag 0,06% av det samla folketalet på om lag 36,5 millionar menneskje.









[i]Rio de la Plata”, Det er og namnet på badebyen til Buenos Aires i dag. Tanken på at her var mykje sølv, gjorde at dei kalla landet ”Sølvlandet”: Argentina. Ordet kjem av argentum, det latinske ordet for sølv.

[ii] Kontinentet var slett ikkje veglaust. Garcia fylgde gamle vegar innover frå kysten. Folk fortalde at ein kvit mann  hadde vore her før spanjolane kom. I katolsk tradisjon vart det til at Santo Tomas, ”Pa’i Sume”, apostelen, hadde vore her. Nær byen Paraguari i Paraguay er ei hole der Santo Tomas skal ha budd eller overnatta på ferdene sine! (Tretti år seinare forliste ein annan båt på omlag same staden. Ei kvinne, Mencia Calderon, organiserte ein ekspedisjon og tok seg inn same vegen. Med seg hadde dei 7 kyr og ein okse som er rekna som opphavet til paraguay-kveget!)

[iii] Fritt omsett: “Den godtluktande hamna til vår Frue”.

[iv] Under oppdagingane og første tida etter, var det aldri snakk om spansk territorium, men kongen sine nye land. ”El nuevo Mundo” låg under kongen Castilla, ikkje Spania. Av den grunn er det framleis vanleg i desse landa å seia at ein snakkar ”castellano”, dvs. språket i Castilla, og ikkje ”español”, - spansk.

[v] Hadde Buenos Aires lege i det som me i dag kallar Entre Rios, ville truleg soga vore ei anna. Bylgja av guaraniar frå Amazonas hadde nådd dit, og folka der hadde same kultur som dei spanjolane møtte i Paraguay.

[vi] Pampasen vart gjerne kalla ”øydemarka” eller ”innover i landet” av immigrantane. Det ”budde” ingen der! Indianarane, i samsvar med sin kultur, berre ”streifa omkring”.

[vii] www.pacarinadelsur.com/.../203-la-vision-del-indigena-de-la-pampa (13.03.13)  nemner dette med bakgrunn i synet på indianarane i ”Martin Fierro”, kanskje Argentina sitt mest kjende diktverk.

[viii] http://es.wikipedia.org/wiki/Campa%C3%B1a_de_Rosas_al_Desierto hadde 13.03.13 det beste stoffet om emnet på internett no. Då desse ”heltegjerningane” internasjonalt vert sett på som ein historisk skamplett, er  det generelt sett mindre snakk om emnet enn for ein del  tiår tilbake.

[ix] Desse krigane var retta mot pampas-indianarar. Guaraniane som høyrde til det brasilianske høglandet og raudjordsbeltet, hadde annan kultur og relasjonane til immigrantane vart annleis.

[x] Bruce Chatwin: ”I Patagonia”, omsett frå engelsk og utgjeve av Gyldendal, Oslo, Noreg, 2000.   ISBN: 82-05-26716-2, side 130-131.

[xi] Ein reknar med at om lag 5 500 000 vandra inn mellom 1857 -1939. Etter 2. verdskrig kom og svært mange.

[xii] Ein finn ”reducciones” i både Argentina, Bolivia og Paraguay. Det var ikkje jesuittane som starta denne misjonsforma, men dei vart meste vellukka og utvikla byane både økonomisk og administrativt så dei politiske leiarane i landa til slutt gjorde alt dei kunne for å stansa arbeidet. Dette er temaet for filmen ”Mission”, innspelt i grenseområdet mellom Argentina, Brasil og Paraguay der ein ennå finn restar av arbeidet.  Bartomeu Melia har skrive om emnet. ”Reduccion” tyder ”redusering” og viser til prosessen med å ”sivilisera villmennene”!

[xiii] Dette kan kritiserast av mange i dag, men i mange tilfelle var alternativet verre med utrydjing eller slaveri av dei  som ikkje ville ”tilpassa seg”. Prisen for å få driva misjon eller eit hjelpearbeid, var å fylgja dei lovar og reglar nasjonalstatane hadde innført.

[xiv] Entre Rios vart i si tid rekna med til Paraguay, samstundes som både Argentina, Paraguay, Uruguay med meir, var deler av ”visekongedømet  ”de la Plata”.

[xv] 15.03.2013.


[xvi] http://www.desarrollosocial.gob.ar/Uploads/i1/Institucional/6.InformacionEstadistica.pdf  13.03.2013.
Bibliografi:           L.G.Benitez: "Manual de HISTORIA PARAGUAYA", Asuncion, Paraguay, år ?2,
                             "LA HISTORIA DEL PARAGUAY", facïculos (innlegg) i avisa ABC color, Asuncion, der biletet frå "El      
                             Clarin,  Buenos Aires er offentleggjort.

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller nytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndsgodkjennelse frå forfattaren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar