lørdag 23. mars 2013

Ei verd full av urett


Urinnbyggjarane i verda: 
Må dei undertrykkjast i internasjonal rettspraksis

fordi dei ikkje har kultur og samfunn bygd på europeisk tankegang og ”logikk”?

Jorda vart verre og verre I Guds augo; ho vart full av urett. (Genesis 6,11)


Frå  dei store oppdagingane”,[i] - tida då europearane for alvor tok til å leggja verda under seg, har regelen vore at ”oppdagarane”, har retten til å fastsetja kva som er lov og ikkje lov. Ut frå sin eigen såkalla ”logiske” tankegang har dei, - eller me, valsa over folk og kulturar som har bygt samfunnsordning og kunnskap på andre kriterium enn våre europeiske.



I ”La conquista ” og dei andre stadene europearane skaffa seg koloniar, sette dei sjølve standarden for ”rett og gale”. Dermed vart ”lova” det som tente dei  eller oss best.



Korleis kunne privatfolk frå Europa koma til Sør-Amerika og kjøpa så store landområde som Mayntzhusen og dei andre gjorde?  Korleis kunne Martensbrørne hogga tømmer på så store område at det tok dagar å gå frå eitt hogstfelt til eit anna[ii]?

Dei overvunne. (Foto ibj /Frå paraguayisk bok)
Svaret er enkelt. Indianarane hadde andre prinsipp for retten til jorda. Tankegang, språk og idear var annleis. Først tok ”conquistadoren” landområde etter landområde med sverd, undertrykking og vald, og seinare gjorde etterkomarane det same med sine skrivne ”papir”. Ikkje kunne indianarane lesa og skriva, og heller ikkje forstod dei verdien av det nedskrivne ordet før det var for seint. Kort sagt overgrep både med sverdet og pennen.



Då det laga seg ein nasjonal overklasse av europearar, etterkomarane av desse med europeiske kvinner, eller born europearane hadde fått med indianarkvinner, oppstod bruk av skøyte på jord i landet[iii]. Staten og ein del rike familiar vart dermed eigarar av alt land! Seinare selde dei område etter område til dei som hadde pengar. Oftast til europarar med ”hard valuta”.



At der budde indianarar og fattige på desse områda, visste alle. Men, sidan dei ikkje hadde rettar ut frå den europeiske tankegangen, var dei rettslause. Tradisjon og ”hevd” frå den tida då europearane levde i steinalderen, var null verd.



Mayntzhusen kjøpte også jorda med indianarar og fattige inkludert. Det at han braut med vanleg praksis i relasjonen sin til acheane, var kanskje grunnen til hans fall.  Det normale var drap og eller utnytting.



Ein del statar i Sør-Amerika prøver å gjera godt att for ”fedrane sine synder” ved å lovfesta urfolk sin rett til område som tradisjonelt, - eller historisk sett, var deira. På papiret fint og rosverdig, men i praksis bortimot ugjennomførleg.  Korleis kan folk som ikkje rår over skrivne kjelder bevisa sine rettar når motparten har skrivne dokument og har vore eigarar av  jorda i 4-500 år?



Men dette gjeld ikkje berre retten til jord. Det eg vil setja fokus på her, er mykje vidare. Det gjeld også retten til kunnskap og retten til å utnytta denne.



I skandinavisk soge har me ein prest og ein presteson som utmerka seg innan botanikkstudier i Europa i si samtid: Lars Levi Laestadius og Carl Nilsson Linnaeus eller Carl von Linné som han vart heitande. Rett nok laga Linné eit system for registrering av plantar som sidan har vorte allment, men ingen kan påstå at nokon av dei ”fann opp plantar”. Nei, dei samla plantar og kunnskap om desse i dei lokalmiljøa plantane høyrde heime. Alle desse plantane hadde tidlegare eigne namn som skifte etter stad og talemål.



Men Carl von Linné fann ein plante som ikkje var “registrert” tidlegare, og kalla han opp etter seg sjølv: Linnea, eller Linnaea borealis. Eg er ikkje i tvil om at til dømes på Strilelandet  – der eg kjem ifrå, hadde dei sitt eige namn på planten.  Det er normalt over alt der folk lever i nær kontakt med naturen. Men i dag er ”ur-namnet  vekke. Att står ein liten, rosa klokkeblomst  og heidrar sin svenske ”oppdagar”!



Så til Sør-Amerika. Ein plante som lei same skjebne som Linnaea borealis, har fått innpass i norsk kosthald siste åra. Mannen som er opphavet til dette, er (sjølvsagt?) ein europeisk immigrant til Paraguay: Mosè Giacomo Bertoni eller Moisés Santiago Bertoni, fødd i Sveits i 1857 og død i Paraguay i 1929.     

Puerto Bertoni sett frå Rio Parana (Frå en.wikipedia.org)


Bertoni kom til Paraguay i 1887. Han budde ei tid i ”Puerto Candelon” ved elva Yaguarazapa, der Mayntzhusen 15 år seinare kjøpte jord og grunnla ”Colonia Mayntzhusen”. Truleg kunne Bertoni kjøpt same jorda, men han valde å reisa mykje lenger oppover elva Parana. Elva Monday renn ut i Parana ikkje langt frå ”Tres Fronteras” , staden der Brasil, Argentina og Paraguay grensar mot kvarandre på kvar sine sider av elvane. Litt lenger sør kjøpte Bertoni i 1891 12 500 hektar og kalla det "Colonia Guillermo Tell", - i dag kjend som ”Puerto Bertoni”.



Var planen  å selja ut jorda til europeiske immigrantar, så vart det mislukka. Derimot fekk Bertoni der i skogen ein ”orkesterplass” til å studera plantar og dyr, og deretter registrera desse. Det seiest at han registrerte 7000 plantar og 6500 insekt, men om det stemmer, veit eg ikkje. Uansett gjorde han eit formidabelt arbeid.
Bertoni sin jordbrukskalendar Foto: ibj.
Han studerte indianarar og skreiv bøker. Ein del av informasjonen fekk han frå menneske omkring seg, og brukte dermed andre kjelder og ikkje personlege observasjonar. Det han skriv om indianarar, verkar derfor meir som fiksjon enn forsking når me les det i dag. Derimot skal hans observasjonar om plantar og dyr, vera eksakte.

Bertoni dreiv jordbrukseksperiment. Han laga ei bok for bønder der såing og hausting, planteslag, klima og anna er sett inn i ein tidsplan for heile året. Han laga  Regnvers-kalendar” for Paraguay. Etter å gjort meteorologiske observasjonar i mange år, fann han at på visse datoar regna det oftare enn på andre. Derfor kan du i Paraguay framleis få kjøpt kalendrar der desse datoane er merkte med ”Truleg regn”. 


I skulen lærde me at poteta og tobakken kom frå Sør-Amerika. Dei første europearane som kom til Paraguay, oppdaga at indianarane laga ein te av blada på eit tre. Spanjolane prøvde først å forby bruken, men seinare vart denne produksjonen ei ikkje uviktig inntektskjelde i koloniane. Bertoni klassifiserte planten under namnet  Yerba maté (Ilex Paraguayensis). Teen har vore til sals som urtete her i Noreg lenge,  men er no vanleg salsvare i mange av innvandararbutikkane.



Bilete frå internett
Bertoni oppdaga og at indianarane brukte ein plante som smaka søtt, og som ikkje høyrde til dei registrerte sukkerplantane. Guarani-indianarane kalla planten ”Ka’a He’e” som enkelt og greitt betyr ”søt-plante”. Denne planten som ”berre indianarane visste om”, kunne Bertoni dermed registrera under ”Stevia rebaudiana  Bertoni”.  I butikkane våre her heime vert essensen av planten marknadsført som ”Stevia”. Eit godt alternativ for dei som ikkje skal ha sukker i maten. 



Bertoni fekk æra for ”oppdaginga” og vert hugsa for dette alle stader der folk les heile namnet på planten. Inntektene, - det einskildpersonar  eller internasjonale og nasjonale selskap tener på denne  ”ur-kunnskapen”,  er som ein rullande snøball!  (At forretningsfolka i Noreg kom så seint med i denne pengegaloppen, kan me takka våre eigne styresmakter for).  



Om du trudde overgrepa slutta med dette, tek du feil. ”Den kvite mann”, - europearen, har med sitt system gjeve seg sjølv retten til å ta frå dei undertrykte sin identitet og påtvinga dei ein annan. Eg tenkjer her på  personane sine namn, det mest personlege av alt når me ser bort frå kroppen me bur i. Her er nokre døme:



Ava Guarani-indianarane forstod at barnet som vart fødd, ikkje kom frå ingen ting. Det hadde eksistert før det kom ut i verda. Då måtte det vel ha hatt eit namn? Det var medisinmannen  si oppgåve å finna dette namnet og gjeva barnet det. Oftast får han vita namnet i ein draum[iv]. Dette vart så gjort kjent i ein liten seremoni.[v]



I samband med innlegget om Branislava Susnik, nemner eg Seberiano Benitez. Han var hennar (og seinare den norske misjonen i Paso Cadena) sin medhjelpar. Hans eigentlege namn var ”Yvytu” eller på norsk: ”Vinden”. Namnet fortel – i deira kultur,  kven han eigentleg var. Men i kulturen paraguayarane arva av spanjolane, vart dette ”ikkje noko namn”. Det trongst ein ”skikkeleg” namn, og i tillegg eit etternamn for å verta eit sivilisert menneske. Det andre var ”heidensk”.



Derfor, då me var nye misjonærar og var dei einaste som hadde paraguay-kalender i Paso Cadena, kom folk til oss når eit barn vart fødd. På datoen stod oppført kva helgenar som  hadde datoen som ”sin dag”, og namnet på barnet vart eit av dei. Det vil seia: Var det Den heilage Johannes sin dag, så vart det Johannes (Juan) om det var ein gut, og Johanna (Juana) om det var jente. 



Illustrasjon frå boka "Diccionario contrera"(Foto:ibj)
Før i tida, før indianarane hadde lært systemet med etternamn, fekk gutane, når dei kom i militæret, presentert ei liste med etternamn som dei måtte velja seg eitt av. Dermed vart dei ”Lopez”, ” Benitez”, eller kva anna namn dei sette fingeren på! Sjølve kunne dei ofte ikkje lesa heller. På den måten fungerte systemet perfekt, - frå ”vår” synsvinkel. Dei var utan stemmerett i saka.



Det same i samband med alder. Indianarane visste nokolunde kor gamle dei var. Meir trong dei ikkje vita. Dei levde like godt for det! Men ”systemet” krov ein fødselsdato. For dei som ikkje visste det når dei skulle få identitetspapir[vi], vart det sett ein dato ut frå kor gammal personen såg ut. I eitt tilfelle me i arbeidet vårt vart kjend med, viste identitetspapira at ein mann var 2 år eldre enn far sin! 



Misjonærane som tok hand om acheane første tida, såg galskapen i dette og valde å gå mot normal praksis. Før eit achebarn vert fødd, går faren i skogen på leiting etter mat. Det dyret, den fuglen eller den fisken han fangar og kjem heim med, får barnet namn etter ved at dei legg til partikkelen ”-gi” til namnet. Dermed vert det Mbyvangi, Minogi, Turigi og så vidare. Berre eitt år greidde dei ikkje å fanga korkje fisk, fugl eller dyr. Det einaste dei hadde å leva av, var sure appelsiner. Dermed fekk barnet namn etter appelsina, men dette tilfellet er unikt.[vii]



Praksisen som til slutt vart gjennomført for acheane, er at dei brukar sitt eigentlege namn som etternamn, og valde eit nytt førenamn. I identitetspapira deira står derfor Pedro, Juan, Margarita eller Juana og så det rette namnet deira: til dømes Mbyvangi  Dermed tilfredsstiller dei ”systemet” utan å missa sin identitet.



Men tilbake til spørsmålet: Urinnbyggjarane i verda, må dei undertrykkjast i internasjonal rettspraksis fordi dei ikkje har kultur og samfunn bygd på europeisk tankegang og system?



Jorda vart full av urett” står det i 1. Mosebok[viii], - boka om Opphavet.  Det ser ikkje ut til at det har vorte betre med åra, eller kva meinar du?



Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de gjera mot dei [ix]



Inge Bjørnevoll

-------------------------------------

Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet ute skriftleg løyve frå forfattaren!




[i]Dei store oppdagingane” har vore overskrifter i media og lærebøker i fleire hundre år her i Europa. Utrykket vitnar meir om egosentrisme  og naivitet, enn reell kunnskap. Verda var oppdaga lenge før både Christopher Columbus og James Cook, berre ikkje av ”oss”. Det same vart plantar, dyr, fugl og fisk. Men dei siste 5-600 åra  viser tydeleg at det tener oss best å gjera dei andre usynlege og rettslause!  Om me meinar alle fine ord om ”menneskerettar” og ”likskap”: Kva rett har me euro-amerikanarar til å avgjera kva som skal vera gjeldande rettspraksis for alle?

[ii] I boka si nemner Martens Pirapo og Monday, - ein tre dagars gangavstand gjennom skogen!

[iii]  I første tida i Asuncion fekk europearane papir på  jord kalla ”solares”,

[iv] Draumar er viktige i denne kulturen. Ein god ven av meg, Fernando, budde i kolonien ”Nueva Esperanza” utan telefon som eg kunne bruka for å seia at den og den dagen ville eg vitja han. Men eg kunne koma til huset hans og der sat han og venta på meg! ”Ikepe ahecha”, - ”Eg såg deg i draumen min” kunne han seia og le på sin stillferdige måte.

[v] Ein anna god ven mellom Ava Guarani-indianarane kom og spurde om eg ikkje ville bli ”døypt” på Ava-Guarani-vis. Fleire, både antropologar og katolske misjonærar hadde fått vita sine ”rette namn”, og indianarane ville også inkludera meg. Me snakka om det, og eg sa ”Nei takk”. Eg hadde mitt namn frå min kultur. Å gjeva meg eit nytt namn ville vera like unaturleg for meg som det at dei vart tvinga til å ta andre namn enn deira eigne. Dei kjende meg som ”Inge”, og det ville vera namnet mitt så lenge eg levde. Dette forstod dei, og eg fekk inntrykk av at dei respekterte meg meir etter dette.

[vi] Det er også ein av ”våre” oppfinningar.

[vii] Acheane i Puerto Barra spurde ikkje om eg ville ha eit ”skikkeleg” namn. Dei studerte på måten eg var på, diskuterte det og fann ut at eg var ”Changi”, eit skogskanin-menneskje! 

[viii]Genesis” er det eigentlege namnet på 1.Mosebok.


[ix] Matteus 7,12.

NB: Helio Vera: “Diccionario CONTRERA. Colección Humos Popular Paraguayo”, Ediciones Colihue –

Mimbipa s.r.l. Asuncion,Py,1994.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar