onsdag 13. mars 2013

Folkevandring: Eit globalt og lokalt fenomen

Natur og kultur og  innvandring til Paraguay.


Og Gud velsigna dei og sa til dei: ”De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. (1. Mosebok 1,28a).


Tiande kapitlet i 1. Mosebok, ”Boka om opphavet” eller Genesis, fortel vidare korleis Folkeslaga på jorda[i] spreidde seg ut til det som med tida skulle bli Afrika, Asia og Europa. Men det stogga ikkje der:

Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja byen.  Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over jorda (Genesis 11, 8-9)


Når og korleis menneskja kom til dei forskjellege stadene, veit me lite om. Men bibelsitatet ”over heile jorda” er ein realitet i dag. Då gamle folk som eg  gjekk på skulen, lærde me at innbyggjarane på det amerikanske kontinentet hadde vandra over  Beringstredet og så litt etter litt la kontinentet under seg. 

Topografisk Google-kart.
Lenge meinte arkeologar at eldste funna etter menneskje i Amerika var funn av clovi-kulturen i Sør-Carolina ca. 13.000 år gamle.  Med tida dei måtte ha brukt frå Beringstredet, kunne ein rekna at dei første steig i land i Alaska for 40 – 50 000 år sidan.  Men  spor etter menneskje i ei hole i Patagonia er bortimot like gamle!  Desse kunne ikkje ha vandra heilt frå Alaska. Nye oppdagingar har ført til nye hypoteser. Thor Heyerdahl hadde sine teoriar om migrasjon til Amerika, og frå Amerika til Stillehavet. Han beviste at desse migrasjonane var mogelege. Likevel, var det slik dei som den gongen migrerte gjorde det?


Det nyaste feltet innan antropologiske studium, er av det genetiske landskapet kvart menneske ber i seg. Tek me acheane, - eller guyakiane som ein sa før,  tok dr. Saguier  Negrete i 1964 blodprøvar av 70 achear som nett var komne ut or skogen. Analysane hans viste at desse ikkje hadde det antigenet Diego om finst i nesten alle dei andre søramerikanske folkegruppene og hjå folka i Asia. Ut frå dette trekte han konklusjonen at deira forfedre må ha vore ”mellom dei første som busette seg på kontinentet”.[ii] Dette viser og at dei har levt isolert frå andre stammar som etter kvart har fylt opp området.   
Amazonas startar litt nord for grensa til Paraguay.


Magdalena Hurtado og Kim Hill skriv[iii] om genetiske studium, dendrogram m.m.: ”Eit dendrogram av 58 grupper indianarar som bur i Sør-Amerika, plasserar Acheane i toppen av treet, lengst vekke frå alle andre indianarar i Sør-Amerika, saman med ei anna gruppe (Parakana-indianarane) som bur 2 500 kilometer vekke ved elva Para”.[iv] Eller som ein eller annan har sagt det: ”Acheane sine forfedre må vera mellom dei første som kom til området etter istida”. M. Hurtado og K. Hill nemner og dette  i boka si om  Acheane.

Kva veit me om folkevandringar i Sør-Amerika?

Rio Parana-bekkenet går langt inn i Brasil.
Det blågrøne kartet er eit utsnitt av eit mykje brukt kart  når ein vil visa  topografien til  kontinentet.[v]  Me ser Andesfjella i vest, og det brasilianske høglandet og fjella rundt Sao Paulo i aust. Mellom desse to ligg ei rekkje med høgdedrag som gjer at nord for dette renn elvane til Amasonasbekkenet, og sør for dette til Rio Parana-bekkenet. Ein gong langt tilbake låg låglandet under havet[vi]  


Om Paraguay-kartet var innteikna, ville ein sjå at Aust-Paraguay høyrer geografisk til det brasilianske høglandet, medan Chaco[vii] er ei forlenging av den argentinske pampasen. I Argentina vert dette rekna frå Patagonia til Chaco, og etter istida i Argentina, flytte indianarane sørover med flora og fauna etter som isen smelta.


Lic. Adelina Pusineri, arvtakar etter Branislava Susnik og leiar for Museo Barbero i Asuncion, skreiv ein stad: ”I Chaco-regionen, tilhøyrer indianarane typen ”pampido-australiano”. Dei levde på steinaldernivå som  jegerar, fiskarar og samlarar”. Fysisk er dei høgare og nokså  ulike indianarane på austsida av elva Paraguay.


På same måten som  Paraguay  topografisk sett er delt i to, - Chaco utgjer 60 % og Aust-Paraguay 40 %, var menneskja også vidt forskjellege vest og aust for Rio Paraguay.[viii].  Jorda på vestsida er grå, men på austsida stort sett raud.  Floraen er derfor også forskjelleg.


Frå uminnelege tider låg den atlantiske regnskogen ubroten frå havet i aust, inn til elva Paraguay. Her er jorda raud og mange gonger så grøderik som vestom elva. Det er det  raude ”magebeltet” kloden vår har, raudjordbeltet, som gjer at denne delen av landet er noko av det grøderikaste som finst, særleg langs elva Parana frå Encarnacion og oppover..


I denne delen av Paraguay  budde indianarane som høyrde til språkfamilien Guarani. Også ache-indianarane vart rekna til denne språkfamilien. I dag fortel genane at dei ikkje er Guarani-indianarar, og ny lingvistisk forsking indikerer at språket truleg ikkje er eit guaranispråk[ix]


Språkfamilien Guarani har sitt opphav ein eller annan stad  i Amasonasbekkenet. Derfrå spreidde han seg derfrå utover. Det første ordet frå ”India[x]” som vart nedskrive etter at indianarane hadde oppdaga dei kvite raringane frå havet, var  ”guanahani[xi]. Ei paraguayisk bok[xii] om guarani, lanserer teorien om at det ordet tilhøyrer denne språkfamilien. Ser me på det ein trur er vandringsmønsteret til indianarane frå Amasonasbekkenet og utover, er kanskje ikkje tanken så dum.

Slik trur ein indianarane vandra inn til Paraguay. (C): IBJ.






I mange bøker vert elva Orinoco[xiii] nemnt som utgangspunkt for Tupi-guaraniane sine vandringar. Kartet mitt tek utgangspunkt i Amasonasbekkenet, utan å indikera eit lokalt utgangspunkt for vandringane. Normalt snakkar ein om tre migrasjonslinjer for desse guaraniane: 


            1:         Ned til Atlanterhavet og sørover til Rio de la Plata. Desse kallast gjerne for  
                        Tupi-indianarar. Ein del antropologar trur desse er døydde ut, eller assimilerte          
                        av dei andre guaraniane.(Raud pil til høgre)


            2:         Over dei låge åsane i sør og nedover i Rio Parana-bekkenet. Desse kallar 
                        ein gjerne for Guarani-indianarar. Der er mange stammar av dei, og i ofte har t.d. same 
                        stammen forskjellege namn i dei forskjellege landa.(Raud pil til venstre).


            3.         Vestover mot Andesfjella og finst i dag i Bolivia og Paraguay (Chaco). 
                        (Brun pil).


Dette kartet viser kva området dei forskjellege stammane heldt til   i dag.
Då Inka-indianarane la under seg denne delen av kontinentet, pressa dei desse Andes-guaraniane sørover og nedover til Chaco[xiv]. Kor langt ned i Chaco inkaane kom, er uvisst. Men då eg vitja museet i Arequipa, Peru, der ”Is-prinsessa  Juanita”  er oppbevart[xv],  fortalde guiden at inkaane trengde inn i Chaco og møtte der ein svært krigersk stamme dei kalla ”chiriguanos[xvi]. Namnet gav inkaane dei fordi dei tok fanga Chiriguanos med tilbake og plasserte dei oppe i fjella som offer til gudane sine. Der oppe på fjelltoppane, ”skalv dei til dei døydde”. ”Chiri” skulle koma av at dei skalv, og ”guano” av ordet for ”møk”[xvii]

I tillegg til guaraniane kom andre indianarane oppover pampasen frå Argentina. Dei var fysisk så vel som kulturelt svært forskjellege frå guaraniane. (Grå-blå pil).

Før brukte ein ikkje dei namna som  indianarstammane brukte på seg sjølve, men namn andre hadde sett på dei. Desse namna kunne ofte ha negativ tyding. T.d. Guyaki, som ein før brukte på Acheane, tyder noko slikt som "skogsrotte"Etter som kunnskapen har auka, har ein og funne andre delingar mellom dei forskjellege kulturane, og talet på stammar i Paraguay har auka med ein. Eg tek her med eit kart som vert brukt i "Los Indigenas del Paraguay", s. 15. Dei grøne fargane (12-16) indikerer forskjerllege guarani-indianarar. Dei andre fargane (1-11) viser forskjellege ikkje-guaraniar. Acheane er  viste med små gule "øyar" (17) mellom guaraniane i Aust-Paraguay.

Mars 2013.
Inge Bjørnevoll. 






[i] Denne overskrifta brukar 1978-omsetjinga av Bibelen på 1. Mosebok eller Genesis på kapittel 10.

[ii] Frå side 17 i boka ”La Agonia de los Ache-Guyaki. Historia y Cantos”, av B. Melia, L. Miraglia, M. Og C. Münzel, USA, Asuncion 1973.

[iii] Ache Life History: The Ecology and Demography of a Foraging People”, av Magdalena Hurtado og Kim Ronald Hill.

[iv] Dei skriv om dette på side 59-60 i boka ”Ache life history”.

[v] Utsnitt av eit kart frå Google brukt i mange artiklar på internett.

[vi] Mellom bøkene  eg gav til Det evangeliske universitetet i Paraguay, var ein om dette emnet. Eg hugsar i dag korkje forfattar, namn på boka eller når og kvar ho var gjeven ut.

[vii] Chaco er delt mellom Argentina, Bolivia, Brasil og Paraguay.

[viii] I soga om oppdaginga av Paraguay, er ein  av grunnane for unionen med guaraniane at dei hadde felles fiendar: Indianarane i Chaco.

[ix] Om ache er eit guaranispråk, noko som studiet av ordforrådet indikerer, så er dette ei ”urform” or språket, eldre enn  språka dei andre guaraniane i området snakkar.

[x] Då Colombus oppdaga land, trudde han at han var komen til India, seier soga!

[xi] Ordet vart nedskrive i Columbus si loggbok, og ein veit ikkje kva ordet tydde eller kva samanheng det vart sagt i. Ein teori er at det var namn på øya indianarane som oppdaga europearane, budde. Men loggboka har vore vekke i fleire hundre år (skriv Wikipedia, ser eg. Kva som er rett, både av det Wikipedia skreiv og om tydinga av ordet, lyt stå usagt.

[xii] Eg har diverre ikkje korkje namnet til forfattaren, eller tittelen her og no.

[xiii] Orinoco ligg i Venezuela og det meste av Orinoco-bekkenet ligg i det landet. Men elva har  ein naturleg kanal , Casiquiarekanalen, som knyter ei sideelv av Orinoco til ei sideelv av Amasonas. Samanhengen mellom dei to ”bekkena” eller nedslagsfelta, er derfor ikkje så avgrensa som normalt.

[xiv] Dette er guaraniane me finn i sørlege delen av boliviansk Chaco (t.d. Villa Monte) og nordvestlege delen av paraguayisk Chaco. I Paraguay vert dei omtala som ”Vestlege guaraniar” og ”Nandeva-guaraniar”.

[xv] Museet i Santa Catalina 210, Cercado, Arequipa, Peru.  “Juanita” er ein inkamumie som kan sjåast i ein glasmonter der ein har laga til kunstig klima for at ho ikkje skal verta øydelagd.

[xvi] Når ein les soga om Trippelallianse-krigen frå 1865-1870, kan ein finna at Chiriguano-indianarane slost med brasilianarane mot paraguayarane under felttoget i Matto Grosso. Og, står det ein stad, dei var så krigerske at dei ikkje berre drap paraguayarane, men bokstaveleg hogg lika av dei i bitar!


[xvii] Dette ordet vart kjend i Europa med møka frå øyane utanfor kysten der Guanoskarven levde.  Enorme mengder vart eksportert til jordbruket i Europa på 1800-talet inntil kunstgjødselen  overtok etter 1900.
"LOS INDIGENAS DEL PARAGUAY", av J. Zanardini iog W. Biedermann, CEADU; Asuncion, 2001.


-----------------------------------------


 Det er forbudt å kopiera og bruka bilete eller stoff frå denne bloggen
uten skriftleg løyve frå forfattaren

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar