torsdag 25. april 2013

Om å vera nokon.


I ei tid då slektsforsking er på mote, er det vanleg å høyra at ein i slekta har embetsfolk og rikfolk, eller ein kjend person. Det vert opplevd som positivt, noko som gjev oss status, - positiv status. Men ein kan og oppdaga det motsette. Me kan kalla det ”negativ status”.
Framsida på C.S.Smith si bok.Foto ibj
Ein nordamerikansk indianar  og forkynnar har skrive ei interessant bok om det å vera indianar: ”Den kvite manns evangelium [i].  Ei spennande bok for den som vil setja seg inn i korleis ein ikkje-kvit opplever samfunnet han er ein del av. Han fortel at mange gonger kjem kvite til han og seier dei har indianske forfedre. Og ”alltid er dei ei eller anna hovdingdotter som har gift seg med ein kvit”! Det med hovdingdottera gjev status og er noko å vera kry av. Utan den er slektskapen med indianarar knytt til skam.
Psykologar kan sikkert forklara dette mykje betre enn eg, men det å vera nokon, det å ha ein posisjon med ein viss prestisje, synest viktig for alle menneskje, individuelt og/eller som folkegruppe.

Eg er stril, og høyrer dermed til eit bonde- og fiskarfolk som frå gammalt av har butt nord for eller rundt Bergen. Dette anekdoten frå folkemunne visert litt kven me var (og er ?), i alle fall i nokre bergensarar sine auge:

    Det låg ein færing ved Torget og karane baud fram varene dei hadde med seg. Oppe på bryggja gjekk ei fin bergensfrue og småjenta. Så kom sprøsmålet:
    - "Mamma. Kommer strilene til himlen?"  Det vart stilt ei stund før svaret kom:
    - "Jo, men ikke så høyt som vi!"
I tillegg til folkegruppa eg høyrer med til, har slekta mi har vorte "studert", og der finst både ein lensmann og nokre prestar. Ein prost og, visstnok. Med andre ord: Me har nokon å slekta på” som dei sa før i den delen av landet. Men så har eg ei bestemor ”som vart sett vekk for pengar”![ii]  Og det å verta ”sett vekk for pengar”, det var negativ status til gagns!
Trondheim havn den gongen oldemor vart send sørover.

No skal du høyra: Carl Theodor Christian Aas gifte seg med Gundel (Gunhild) Pedersdatter Munkeby. Dei levde i Trondheim. Dei fekk 28.11.1849 ei dotter og kalla henne Trine Pauline Aas. Så gjekk åra, og jenta vart gravid utan å vera gift. Skandale sjølvsagt! Jenta vert send til Bergen og fekk der 13.12.1869 ei jente som vart kalla Elvine Martine. Dåpsattesten seier ”uægte”, og oppgjev ”Ungkarl ølbrygger Christian Martin Olsen” som far, og mora vart innskriven som  Trine Pauline Karlsen, Bor: Lungegaarden Arb. bolig.”.  Ei Emilie Aas er nemnt som fadder, men elles er der ikkje teikn på at oldeforeldra mine var interesserte i barnebarnet som kom til verda.. Men kanskje dei betale for dekkoperasjonen?
Og slik såg byen ut der ho vart send for å "gøymna vekk" barnet.
Om denne Christian Martin Olsen var faren eller vart betalt for å stilla opp, kan me ikkje vita. Det er ikkje funne nokon med dette namnet registrert i Trondheim, men ein med same namn gifte seg litt seinare i Bergen. Om det var same mannen, var han  Blokmakersvend” då han gifte seg. Barnet vart i alle fall ”sett bort” til ein fiskarbonde på Strilelandet for nokre kroner året.

Elvine Martine vart gift med bestefar min og fekk fire born, men døydde tidleg av tuberkulose. Borna skulle fattigkassen ta seg av, men minstejenta gret så sårt den dagen dei skulle setjast vekk, at bestefar nekta og sa han ville ha dei sjølv. Alle! Dermed vaks dei opp med ei gammal og sjukleg tante i morsrollen. Leid mykje vondt i tillegg til at dei var borna til ”ho som var sett vekk” og  dei ”som fattigkassen skulle ha teke seg av”.
Bestefar. Av bestemor har eg ikkje bilete.(C) Familiealbum.
Då me i neste generasjon vaks til, la mor vår forbod mot å leita etter slekta på morsida. I tillegg sleit ho under minna om at ”Me var alltid fattige. Dei andre fekk nye ting, men ikkje me”. Og så vidare. Først då ho og syskena var vekke, vart ting undersøkt og  opplysningane eg har nemnt litt av, kom fram i dagen.  Når eg skriv så utførleg om dette, er det fordi det gjev ei kjensle av ”å ikkje vera nokon”.  Det er situasjonen då  slektsgranskinga gjev negativ status og ikkje bør  utbroderast i det offentlege rom.  

Det ”å ikkje vera nokon” er ein vond realitet for mange menneske, og min eigen bakgrunn har kanskje gjort at eg betre har forstått korleis andre i same situasjon har eller har hatt det i livet. 
Og så til Sør-Amerika. Paraguay er landet der 95 % av folket er blandingsfolk med europeiske forfedre og indianske formødre. Før brukte ein terminologien ”mestis” på slike, men det er vel knapt lovleg  dag sidan det vert oppfatta svært negativt. Å vera mestis, er ”å ikkje vera nokon”.  Å vera europear, var høgstatus. Å vera ”rein indianar” kunne gjeva ein viss status, særleg for  dei som romantiserer det indianske og ”autentiske”. 

I skuggen av europeisk raseideologi.
Me skal ikkje lenger enn hundre til hundre og femti år tilbake før spørsmål om avstamming og rasereinleik var i fokus både antropologisk og politisk. Med nazistiske og andre ekstreme synspunkt gjekk desse tankane ikkje berra av mode, men vart forkasta av det store fleirtalet i alle fall i Euro-Amerika. Heldigvis.
Likevel er tanken på den folkegruppa eller den slekta me er eit produkt av, med på å plassera  deg og meg  på ein skala gradert frå det mest positive til det mest negative. Eg kallar det ”status-skalaen”. Den avgjer om me ”er nokon  eller ”ikkje er nokon”.  Den som ”ikkje er nokon”, vil etter psykologiske mønster prøva å kompensera for dårleg slekt og seg koma litt lenger mot den positive delen av status-skalaen.

Eit typisk døme er Craig Stephen Smith sitt eksempel på amerikanarar som alltid reknar sitt indianske opphav til ei hovdingdotter. Å stamma frå ei vanleg indianarkvinne, er lite å rosa seg av.  Men når beste-beste-bestefaren minvar hovding, er saka ei heilt anna. ”Egoet” kan sjå han med vaiande ørnefjør, pynta med broderte hjorteskinnsklede og frisk krigsmåling som gjer den skarpe profilen endå meir utsøkt.  Vel verdt å ha han på stamtavla, ikkje sant?
Paraguay, der 95 % av folket har sitt opphav frå europeiske fedre og indianske mødre, er eit historisk eksempel i nasjonal målestokk.  Landet er interessant fordi nazisme under namnet ”nasjonalisme”  var 40 år den rådande ideologien i Stroessner-regimet. Fleire av generalane er kjende for sine nasjonalistiske (les: nazistiske) førebilete. Då eg sjølv saman med kullet mitt på guaranilærarskulen fekk diplomet for avslutta eksamen, fekk me det av Alfredo Stroessner sjølv. Då måtte me stå på sena og helsa ”El Lider[iii]” med høgre armen i stram nazihelsing! Og når me fekk diplomet  av hans hand, var det forbudt å sjå til sides. Me skulle sjå han rett inn i ansiktet…

Dei vanlege paraguayarane hadde nok med å greia seg i den daglege kampen for levemåten, så dette interesserte dei ikkje så mykje. Men eliten som hadde rasen sin suverenitet i bakhovudet, trong  kompensera for sitt indianske opphav. Korleis gjorde dei det?


Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet ute skriftleg løyve frå forfattaren!

[i] WHITEMAN´S GOSPEL.  A Native American examines the Christian Church and its ministry among Native Americans”,av Craig Stephen Smith, Indian Life Books, P.O.Box 3765, RPO Redwood Centre Winnipeg, Manitoba, R2W 3RG. Utgjeve i 1997, ISBN 0-920379-12-5.
[ii] Det var den gongen ikkje var lovleg å ta livet av uynskte born på veg ut i verda.
[iii] Det var den gongen vanleg å kalla Stroessner ”El Lider”, det ordet på spansk som ligg nærast det tyske  Der Fûhrer”!
Bilete: Av Trondheim: Frå trondheimhavn.no       Av Bergen 1880:  Frå web.hist.uib.no
Bestefar: Albumbilete truleg teke hjå fotograf i Bergen.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar