søndag 26. mars 2023

 Mørke skyer over Det mosaiske samfunn i Trondheim

Eit sårt minne
Tyskarane sitt nærvær i Noreg vart starten på fem tunge og vanskelege år for landet. Likevel er det lite å snakka om samanlikna med alt det jødane måtte gjennomgå både av norske tenestemenn, og av representantar for det tyske herrefolket. 

Som elles der nazistane for fram, var målet å skapa jødereine område der den ariske rasen skulle utvikla seg fritt og styra alt.

For jødane i Trondheim starta det i 1941.

Juni 1941 vart tolv «statslause» jødar arresterte og eigedomane deira konfiskert. Året etter, 6.-7. oktober, vart alle jødiske menn over 15 år arresterte og sende til Falstad. Der vart dei sterkt mishandla av både tyske og norske vakter, og 10 jødar vart skotne i Falstadskogen. Den mest kjende av desse var Hirsch Kommisar. Dette gjorde at ein del jødar rømde til Sverige, eller sende nokre av familien over der for å vera sikre.

Minnestøtta over dei drepne
 i Tyskland
Kvinner og born vart først samla i familien Klein sin heim i byen. Halvannan månad seinare vart så alle arresterte og sette på tog til Oslo. Planen var å nå avgangen til troppeskipet «Donau». På grunn av manglande lokomotiv til ekstratog, nådde dei ikkje fram i tide, men vart innlosjerte på Bredtvet fengsel til «Gotenland» kom og tok dei til Tyskland.

På den transporten var 158 jødar. Alle, bortsett frå 26 menn, vart sende rett i gasskammeret. Berre fire kom levande tilbake.

Etter krigen

Dei som kom tilbake, også frå eksil i Sverige, starta arbeidet med å få det jødiske samfunnet i Trondheim på føtene att. Synagogen vart reinsa og reparert, og det mosaiske samfunnet organiserte seg på nytt med 123 medlemmar.

I 1947 vart det reist eit minnesmerke på den jødiske gravplassen her over dei som nazistane tok livet av i Noreg og i Tyskland/Polen. Kronprins Olav var med på avdukinga. 50 år seinare vart Det jødiske museum opna i samband med synagogen, for at soga ikkje skulle verta gløymd.

Eit 80-årsminne

Laurdag 25. februar 2023 var det 80 år sidan jødane i Trondheim vart sende av stad for å verta drepne. Det jødiske museet stod den dagen for eit minnesamvær på den jødiske gravplassen. Der var musikk og talar frå det jødiske samfunnet i byen, og av ein representant frå kommunen. Der vart det nemnt at å utrydda jødar, var så viktig for Hitler at 1 000 000 mann vart sette inn for å fullføra oppdraget! 

Då synagogen i Trondheim ikkje har eigen rabbinar, las («messa»)  forstandaren bønnene for dei døde i konsentrasjonsleirane, og for dei døde generelt.

Frå minnemarkeringa 25.02.2023
For meg som ikkje-jøde, var det ei sterk og ny oppleving. Fleire av dei som var til stades, var eldre, - born og slektningar av dei som vart drepne i Auschwitz. Mange såg ut til å lesa stilt med i bønene. Ein gammal mann bak meg, las høgt med  klår og fast røyst. Nett det gjorde minnemarkeringa endå meir reell for meg som ikkje-jøde.

Er Noreg av i dag eit trygt land for jødar? 

Det største spørsmålet er ikkje kva som skjedde eller korleis det skjedde. Spørsmålet er derimot: Kan jødane i Noreg om eitt eller nokre år oppleva det same som dei mintest der på gravplassen den dagen?

Eg trur at svaret er «Ja!» 

Både jødar og kristne vil få oppleva forfylging med liding og død som resultat. Menneskeleg vondskap, og manglande vilje til å læra av fortida, lever også i dag. Synleg og usynleg. Og Bibelen fortel at grufulle forfylgingar vil koma i endetida. Det vil også nå vårt land. 

Eit lite teikn på dette var at minnemarkeringa hadde sivilkledde vakter til stades for å sikra ei verdig minnestund. At dette vart opplyst offentleg, forundra meg. Men kanskje det trongst for at dei gamle jødane som var til stades på markeringa, kunne senka skuldrane og minnast sine døde i fred?

Eg, som er ikkje-jøde, trur at tryggaste staden for jødane i verda, er staten Israel. Esekiel 37 fortel oss det…. 

  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar