søndag 12. mars 2023



Tid er ein kosmisk storleik


Fortid i notid og framtid

Me menneskje illustrerer tid med noko me kallar «Tidslina».  Det er ein lang strek som teoretisk strekkjer seg uendeleg i to retningar. Uendeleg til venstre ligg fortida. Eit punkt midt på, kallar me «notid», og så strekkjer framtida seg uendeleg utover mot høgre. 

På den merkjer me av årmålsdagar og hendingar me ser fram til «om me får helsa og levedagane». Der framme ligg draumar me ber inni oss, men og ting me helst ikkje vil oppleva.


Fortidsstreken kan fyllast med merke og hendingar som me og verda har gjennomlevd. Der kan me merka av hendingar som me hugsar med glede, og det me gjerne vil gløyma.

No-tida, skjeringspunkt mellom «var» og «vert»

Sjølve «livet», er augneblinken «NO», og ligg i skjeringspunktet mellom det som var, og det som kjem. Det er ein prikk utan utstrekning. 

Med eg har skrive denne setninga – og du har lese han, har prikken flytt seg mot høge på tidslinja. Minuttane og sekunda som me brukte, kjem aldri tilbake. Dei for forbi, - evig og alltid.


Berre i «No-augneblinken» kan læra oss noko

Sjølv ei ventekø på fjellet, gjev lærdom


Me kan leggja planar for studium og utdaning i framtida, men ingen ting vert noko av om ikkje me brukar no-augneblinkane til å samla kunnskap og livserfaring. Berre den som nyttar no-tida, lærer noko. Framtida sine luftslott er vakre, men utan me brukar våre «no», vert alt berre draumar.


Men «no-augneblinkane» er ikkje nok til å gjeva kunnskap og visdom. Erfaring og tidlegare kunnskap er ei «ryggsøyle» som det ny-lærde må festast til for å fungera. Først då gjev det levt liv og utvikling.


Ein setning eg fekk innprenta på skulen, var: «Repetisjonens vemmeligheit, er lærdommen hemmelighet».
Han far, gammal lærar med 40 år på same skulen, brukte å fortelja om då han pugga Terje Vigen. Han sat attmed eit gjerde for å læra leksa. Då såg han ein liten snigl som kom krypande og starta oppover gjerdestolpen. «Det greier du aldri», tenkte far og meinte det var like utråd som å læra alle førtifire versa utanboks. Kva som eigentleg skjedde, veit ikkje eg, men før han var ferdig med oppgåva si, sat sniglen på toppen av gjerdestolpen!


Han sa at den sniglen lærde han ei lekse, - og han lærde diktet. Om vårane når me dorga etter torsk langs land, song han Terje Vigen eller salmar og andre songar. Vil du prøva, vil du sjå at det går godt å droga til «Det bodde en underlig, gråspengt en på den ytterste, nøkne ø….».

Me må ikkje gløyma!

«Den som ikkje tek lærdom av fortida, vil gjera same feila om att», er eit anna ordtak frå skulen. Setningen finst i fleire variasjonar, mellom anna etter nazijegaren Simon Weisenthal, ein mann som og leid under Hitlers regime.

Siste prosjektet eg arbeidde med i Paraguay, var å skriva ned forteljingar indianarar fortalde. I utgangspunktet ville dei gamle ikkje fortelja noko som skulle skrivast på papir. «Skriv du det ned, døyr orda våre!», var eit vanleg svar.


For dei var forteljingane «ferskvare». Ord lever ikkje åleine, men er ein del av eit miljø, lydar og mimikk, pausar og endringar i stemmevolum. Dei hadde heilt rett, for deira forteljing var eit skaparverk som aldri kan få plass mellom to permar. 


Men samstundes var realiteten at dei gamle forteljarane døydde. Røystene deira tagna, og kunnskapen gjekk tapt for all tid. Det såg dei og.

Ein "Snublestein" til minne om ein som levde i mitt miljø

Konservering av kunnskap

Motargumentet vårt var at sjølv «ferskvare» kan behandlast så ho varer lenge! Eit eksempel var hermetikk. Hermetisert kjøt heldt seg år etter år, sjølv om det ikkje smaka akkurat som nyslakta. Noko liknande skjer med forteljingar som vert teke vare på i bokform. 


Tanken nådde inn. Mange, også gamle medisinmenn, fortalde time etter time inn på band slik at me kunne skriva det ned. Du verda kor mykje god kunnskap dei sat inne med, og kor ivrige dei var då vi først kom i gang! 


Sjølv dei som ikkje kunne lesa, innsåg dei at bøkene vart dørar der komande generasjonar kunne sjå bakover,-  inn i kunnskap og hendingar «som ein gong var». Og læra av det. 

Det same gjeld for alle folk og kulturar.

............. 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar