søndag 2. april 2023

 Du verda kor mange me er!

Den 15. november 2022, altså for om lag eit halvt år sidan, skreiv FN at den dagen var det åtte milliardar menneskje på jorda. Dei reknar med at talet vil stiga fram mot 2080, for så å halda seg på same nivået nokre tiår. (i) 

Med eg har skrive dette, har det vorte fødd eit par tusen om lag, i alle fall om me skal tru «Worldometeret». (ii) Med du las det, endå fleire. Alle høyrer til ein eller annan kultur, ein stat, ei etnisk gruppe, og vil – når dei vert store nok, kommunisera på eit eller anna språk eller dialekt. 

Detalj frå menoraen ved Knesset
Kor mange av desse milliardane er jødar?

Det nettet kunne fortelja meg, var at på Rosh Hashanna (= jødisk nyttår) 5782, dvs. ca. utgangen av 2021, var det rundt 15,2 millionar jødar i verda. (iii) Samstundes var det 7 106 000 jødar i Israel (73,6 % av folketalet) (iv), grovt rekna like mange som i USA. Resten var fordelt rundt om på kloden. Truleg 1 500 bur i Noreg.

Kva er ein jøde?

Israel er einaste jødiske staten i verda, og den einaste som har jødedommen som religion. Etter tradisjonen frå Moses si tid, var det dei religiøse leiarane som har siste ordet i mange saker. I gammal tid kunne kongen gå til prestane og få svar frå Adonai, enten det var spørsmål om i krig eller anna. Ut frå svaret Adonai gav dei, kunne dei velja kva dei skulle gjera for å løysa problemet sitt. Eg trur at Netanyahu ville gjort nesten kva som helst for å ha med eit slikt direktesvar frå Adonai med til neste regjeringsmøte, men det høyrer vel – dessverre – fortida til?

Ein definisjon som er utgått på dato?

Halaka-definisjonen av jøde har frå uminnelege tider vore «den gyldne regel». Han er enkel og var avklarande:

 Ein jøde er: Fødd av ei jødisk kvinne, eller konvertert til jødedommen i samsvar med gammal tradisjon og Toraen.

Etter gammal tenkemåte, - før ideen om «leige av livmor» og kunstig befruktning kom til, var dette heilt logisk. Då er det ein relativ enkel prosess å identifisera mora til eit barn. Faren kan det vera verre med, så kanskje derfor valde dei han bort? 

I dag er definisjonen ulogisk. Norske ektepar får austeuropeiske mødre til å bera fram deira eggceller befrukta i laboratorium. Om kvinna som føder barnet er til dømes ukrainsk, er barnet norsk i høve til leigeavtalen. 

Detalj frå menoraen ved Knesset
I Aust-Europa utfører fattige kvinner denne tenesta mot god betaling. Der er det mange fattige jødar som og har bruk for ekstra inntekter. Men, vil dei som frå gammal tid har vore autoritetane på dette området, seia at eit slikt  barn er jøde? Mora kan bevisleg vera «ekte» jøde, men barnet like bevisleg «goy» - altså ikkje jøde.

Som ikkje-jøde, har spørsmålet først og fremst teoretisk interesse. 

Lat meg gå hundre år tilbake då far min vart uteksaminert ved lærarskulen i Oslo. I studietida hadde han ein ven som var jøde, og som han heldt kontakt med seinare i livet. Mannen gjesta oss heime. Han skreiv ei barnebok med tittelen «Inge». Om det har nokon samanheng med at eg har same namnet, veit eg ikkje, men kanskje det er grunnen til at alt om jødar interesserer meg?

Slik eg forstod det, var mannen «kvartjøde», men han vart ikkje fengsla. Eg fortalde det til ein jøde i Israel. Det kunne ikkje stemma, sa han, og då eg sjekka, hadde han rett. Det norske rettsapparatet bygde på nazistane sin definisjon.

Eg vart fødd siste krigsåret, så eg hugsar berre litt av praten etterpå. Korleis det eigentleg var, veit eg ikkje, men han fekk papir på at han berre var «åttandedels jøde». Dermed gjekk han fri. Dei jødiske genene hans var då så «utvatna», at dei kunne tolererast, sjølv av tyske og norske nazistar. 

Nazistane sin jøde-definisjon

Detalj frå menoraen ved Knesset
Då krigen kom, vart det sett fokus på kven som var jøde, og kven ikkje. Det vart laga ein skala med heil-jøde, halv-jøde og kvart-jøde. Slik eg forstår det, var heiljøden sine besteforeldre alle «jødar». Halvjøden hadde to eller tre besteforeldre som var jødar, og kvartjøden berre ein bestefar eller ei bestemor. 

Alle, ned til denne siste kategorien, utgjorde «problemet» tyskarane og lydige norske politifolk ville løysa gjennom fengsling og deportasjon til dødsleirane i Sentral-Europa. Uhyggeleg og trist berre å tenkja på det!

Nazistane sin definisjon, er også ulogisk.

I dag då me kan senda inn «prøvar» og får kartlagt vår genetiske profil, kan det vel vera grunn til å setja spørsmål med denne definisjonen og. Kona mi sende inn ein prøve og fann ut ho hadde ein del jødiske genar. Eg let vera. Eg må uansett greia meg med dei genane eg har, og kartlegginga hadde korkje gjort meg klokare eller nyttigare som menneskje. Tenkte eg.

Det ulogiske i nazistane sin definisjon er at deira «heiljøde» kunne vera etterkomar av fire «kvart-jødar». Ville ikkje han eller ho ha like mange jødiske genar som ein åttandedels jøde der oldefar eller oldemor genetisk sett var rein jøde? 

Ein dåre kan spørja meir enn ti vise kan svara, veit du. Så seier ordtaket, men tankane leikar seg både med dette og andre problemstillingar.

Beste kameraten min sa ein gong i studietida: «Du Inge er ein kverulant!». Utsagnet kom med ettertrykk. Problemet var at eg ikkje ville godta det hine trudde og meinte. Eg leita heile tida etter eit anna svar enn alle  andre, sa han, og hadde rett! 

Kanskje slikt kan ha opphav i jødiske genar? 

------------------- 

(i) https://www.fn.no/tema/fattigdom/befolkning (Alle desse dataane er teke ned 21.03.23).

(ii) https://www.worldometers.info/no/ 

(iii) https://worldpopulationreview.com/country-rankings/number-of-jews-in-the-world 

(iv) https://www.timesofisrael.com/israels-population-approaches-9-7-million-as-2022-comes-to-an-end/  

--------------------------- 

Det er forbode å bruka bilete og / eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar