søndag 30. april 2023

Gratulera med 75-årsjubileum, Israel!

75 år har gått sidan den dagen i 1948 då Israel vart «fødd på nytt» etter å ha vore borte frå kartet i 2000 år. Eit Guds under både åndeleg og politisk. 

Denne dagen, «Yom Ha'atzmaut» eller «Fridomsdagen», er den 5. Iyar på den jødiske kalendaren. Det var den 15. mai 1948 på «vår» kalendar, men dagen flyttar seg frå år til år for oss.

Ved minnesmerket over israelske soldatar som inntok Eilat
Deira døger er og ulikt vårt. Deira startar når dei første stjernene viser seg, og varer i 24 timar. Nasjonaldagen i år starta derfor på kvelden den 25. april, og varde ut ettermiddagen den 26. 

Det er sagt at Israel vart oppretta «på grunn av Holocaust», men det er nok rettare det som kom på ILTV frå Jerusalem i år: «Israel vart oppretta på tross av Holocaust!» Tenkt kor mykje betre start landet hadde fått om dei 6 000 000 drepne jødane hadde levt og teke del i det som hende i 1948! Tenk på dei økonomiske og intelektuelle ressursane som Holocaust øydela, og kor mykje sterkare landet kunne ha vore i kampane som fylgde frigjeringa!

På det verst tenkelege tidspunktet

Ben Gurion og dei som var samla i Tel Aviv den dagen, kva tenkte dei? Kvifor gjekk dei mot alle råd og spådomar og gjorde det dei gjorde? Dei sat der uten å ha  garantiar om støtte frå venner og allierte. Rundt dei låg mektige hærar klare til å «eta» opp landet. Var det trua til JHVH - Israels Gud - dei bygde på?

Landet hadde ikkje organisert forsvar, berre små militsgrupper. Det vesle militære utstyret dei hadde, som Davidkaen, var mykje improvisert «over natta». Det er i alle fall inntrykket eg har…

Eg trur opphavet til sigeren dei vann den gongen, og det som gjer at landet eksisterer endå, er Adonai Elohei-Tzvaot – «Herren hærskarenes Gud» (som den gamle Bibelen sa). Han lova å føra dei heim og gjeva dei landet tilbake, og Han heldt det han lovar. 

Bilete frå Ben Gurions heim som viser reisa gjennom øydemarka.

Nedrivne byar skulle byggjast opp att. På nytt skulle gamle og unge jødar fylla landet og vera lukkelege der. Til og med om den såkalla «Vestbredden» sa Gud at jødane ein dag skulle driva jordbruk og dyrkja vindruer! Der er meir «land å innta»!

Største underet i verda på 2000 år

Utviklinga frå 1948 til i dag kan berre forklarast ut frå profetien over «dei daude beina i dalen» (Esekiel 37). Då tenkjer eg ikkje berre på at dei vart «ein «umåteleg stor hær», men på alle andre samfunns-område der landet i dag er eit førebilete for andre. Økonomisk og industrielt, eller omskaping av uproduktiv øydemark til blomstrande hagar og veldrive landbruk.

Ein festdag med mørke skuggar

Trass alt det gode som har hendt desse 75 åra, er Israel i dag inne i ei av dei verste krisene landet har opplevt. «Situasjonen er meir kritisk no enn då Yom Kippurkrigen starta», vart det var sagt frå Israel. Når styresmaktene må be «protestantane» om å respektera minneseremoniar for falne og terroroffer, er det lett å sjå at noko er riv ruskande gale. Kvar vart det av ånda som skapte kibbutsrørsla, eller til dei som starta i sanddynene og bygde Tel Aviv? 

Me veit alle at den som står utanfor ei konflikt, alltid har «den perfekte løysinga». Det er det som fyller media no. Også jødar i USA og andre stader «veit» kva som skal gjerast for å skapa fred og harmoni i Israel, og kjem med kritikk og «gode råd» til Israels lovleg valde regjering.

 Ben Gurion og kona sine graver har utsyn over landet dei elska..

Eg, som temmeleg uvitande ikkje-jøde, har lese heile Esekielteksten og sit att med dette verset: «Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet». (Esek. 37:12).

Dei døde beina låg spreidde utover i dalen, så det kan ikkje vera dei Gud – Adonai - meinte då han snakka om dei i «gravene». Kven var det Han tenkte på? 

Me seier på norsk at ein kan «grava seg ned» i arbeid og anna så ein misser synet for viktigare ting i livet. Kan det vera tanken at jødane som i dag er spreidde ut over i verda, er så nedgravne i arbeid og nærmiljø at dei ikkje høyrer korleis Gud – Adonai Elohim – kallar dei heim?

Eller er det dei i Israel i dag som har grave «skyttargraver» der dei sit og «skyt på kvarandre»? Ikkje med kuler og krutt, men med ord, mistenkeleg-gjering og negative medieoppslag? 

Ikkje veit eg kva Han meinte, men noko var det….

Om du er jøde som les det eg skriv: Tilgjev meg! Eg burde kanskje ha tagt still, men det gjorde dei fleste både før og under andre verdskrig. Det vart ei ulukke både for jødane og oss andre.

Men du skal vita at eg ynskjer deg som jøde – og alle andre jødar - alt godt.  Om ikkje lenge, seier Skriftene, kjem eit nytt rike med ein Davids etterkomar som evig konge, Jerusalem som hovudstad og tusen år med fred. Det er der Israel er i dag.

At Israel har overlevt i 75 år, er beviset på at også resten av Guds Ord vil verta oppfylt!

............ 

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.    Bileta har eg teke sjølv.

------------ 

Det ulovleg å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar