søndag 7. mai 2023

 Kroppsleg og åndeleg genetikk

Også åndeleg treng me eit ankerfeste!
For ikkje lenge sidan var eg inne på Dag Steinfeld og Torborg Nedreaas sitt jødiske opphav. Begge hadde bakgrunn frå eit ekteskap mellom  jøde og ein «gojete», det eg kallar «ikkje-jøde». Slik eg forstår bruken av ordet, er det sterkt nedsetjande slik som «hedning» og for den del «stril». 

Det semantiske innhaldet til «gojete», veit eg ikkje. Har spurt jødar i Jerusalem som brukar hebraisk til dagleg,men for dei er ordet ukjent. "Det må vera jiddisk," var svaret.

Den fysiske og kulturelle arven frå forfedrane, genetisk og religiøst, var altså så sterkt at ein far kunne seia til sonen: «Før ville eg heller se deg død!»(1)  Samstundes er det farleg å seia at dette er noko som berre angår jødane. Kor mange familiar har ikkje vorte øydelagde på liknande vise utan å ha noko jødisk opphav.

Slike reaksjonar kan koma av skam, av å missa ansikt og prestisje, krangel om arv, eller politiske motsetningar som også Steinfeld skriv om i boka si. Eg reknar med at ein vil finne slike døme verda over.

Men kva med åndeleg genetikk?

Eg og reknar meg som Abrahams barn. Då tenkjer eg ikkje på at eg kanskje har nokre jødiske gener slik kona mi hadde. Det er uinteressant i denne samanhengen.

Tru byggjer bru
Nei, det heile er eit åndeleg spørsmål om «åndelege» gener, for å seia det på den måten. Og då føl eg læra til ein jødisk rabbi frå den fariseiske greina av dei skriftlærde. Han vart kalla Saulus frå Tarsus då han kom på høgskulen i Jerusalem, men fekk seinare namnet Paulus. Og då veit du kanskje kven eg siktar til?

I Roma, hovudstaden i det enorme riket, var det på den tida ei ikkje lita gruppe jødar. Byen var ikkje berre eit politisk sentrum, men også kommersielt og religiøst. Nokre av jødane hadde og vorte omvende til Yeshua Hamashaich, og Paulus skreiv eit eige brev til dei.

Der kjem han inn på nett dette med det genetiske opphavet under ideen «Kven er Abrahams barn?» Særleg i fjerde kapitlet kjem han inn på bakgrunnen for Genesis (1. Mos.) 12 og Guds spesielle kall til Abraham. Og Abraham vart ikkje kalla – eller fekk omskjeringsteiknet – på grunn av sine gjerningar eller sitt genetiske opphav, men av tru. Paulus skriv:

«Vi seier då at trua vart rekna Abraham til rettferd.10 Korleis vart ho så tilrekna han? Var det etter at han var omskoren, eller då han var uomskoren? Ikkje då han var omskoren, men då han var uomskoren. 

11 Og han fekk omskjeringsteiknet til segl på den rettferda av tru som han hadde fått då han var uomskoren. Slik skulle han vera far til alle uomskorne som trur, så rettferda kunne tilreknast dei òg, 

12 og like eins far til dei omskorne som ikkje berre har omskjeringa, men som òg fylgjer i fotefara til den trua som vår far Abraham hadde då han var uomskoren. 

13 For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle vera arving til verda, men ved rettferda av trua.» (Rom 4:9b-13)

Det vil seia at me som ikkje har gjennomgått omskjerelsen – Brit Mila – likevel kan verta Abramas barn. Eller som denne rabbien sier det: Abraham har både omskorne og uomskorne born, og dette kjem ikkje an på Toraen eller tradisjonane, men trua. 

Som for Abraham, er ikkje dette berre ei teoretisk tru, men ei tru og ein gudsrelasjon som ein innrettar livet etter. Det er eit spennande liv, men ikkje alltid lett, slik som for Abraham. Han gjorde og sine feil, men det øydela ikkje gudsrelasjonen hans. Derfor, under heilt ulike tilhøve og epokar, har Abrahams åndelege barn levd sine liv på denne jorda så vel som dei genetisk og/eller ofisielle Abrahams born, jødane.

Dette er for meg det J.H.Sammis skriv om i songen sin der det står: "Lyde og tro! Det gir hvile og ro. Om hans kraft vi vil kjenne, må vi lyde og tro."(2)

Loven lærer oss at Gud er heilag.
Han vilje er at vi og skal vera  heilage.

Men kva med Loven?

Eg takkar Gud for Loven (Toraen), som for alt det Bibelen lærer meg, både i GT og NT. Offisielt tilhøyrer eg kategorien «kristen», endå eg gjerne skulle vore fri denne etiketten. Ordet ber med seg så mange negative relasjonar, inkludert jødeforfylgingane, at det burde vore skift ut. Og ser me ut over det kyrkjelege landskapet, har eit stort fleirtal vike bort frå  Guds / Adonais Ord og innrettar seg etter sine eigne lyster og idear. Paulus skriv om dette som noko som ville koma, og det er kanskje «vår tid»?: 

"For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra, men etter sine eigne lyster skal dei ta seg lærarar i mengdevis, etter som det klør dei i øyra."  (2Tim 4:3)

Men der er vel Israel i same bås? Eg tenkjer på alle dei som – trass loven – et både svinekjøt og gjer andre ting som er mot Loven? Og kanskje mangt av det som vert forkynt, også mellom jødane, ikkje samsvarar med Tanakh?


Kva veit eg? 

Ikkje anna enn at der er ein som har siste ordet. Han er Menneskesonen, Yeshua Hamashaich, Davids rotrenning og Konge til evig tid:

"For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han gje kvar ein att etter gjerningane hans." (Matt 16:27)

--------------------- 



(1) Frå Dag Steinfelds bok «Fedre og sønner», side 48, 4 avsnitt.

(2) John Henry Sammis (1846-1919). Originaytittel: "Trust and Obey"

Bibelsitata er som vanleg frå Norsk Bibel, Nynorsk utgåve.

------------------------- 

Det er ikkje lov å kopiera bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar