søndag 14. mai 2023

Gratulera med dagen!

Kvitveis er fanleg mai-blomst hjå oss.
Endå ein gong kan me feira 17.
mai i eit fritt og demokratisk land, 118 år etter at grunnloven vart underskriven på Eidsvoll. Det gjekk først 91 år med relativt sjølvstyre og konge med Sverige. Så i 1905 fekk me eigen kongen og dermed hadde me makt og myndigheit i eigne hender!  Det var mykje å vera glad for.

Med unnatak 1940-45, har landet hatt lovleg vald styre, gode lovar og fred. Nasjonaldagen er derfor ein dag til å sjå tilbake, heidra dei som gjekk føre oss og takka for det dei gjorde både i krig og fred. 


Nasjonaldagen er ein vårdag og naturleg knytt til spirande liv og grønkande lier. Eg hugsar år då me gjekk gjennom bygda på leiting etter bjørk med «mus-øyre-blad» til portal på skuleplassen. Grønt lauv og norske flagg høyrde saman, slik me song i «Norge i rødt, hvitt og blått».

Dette er dagen for folketog i Oslo og elles i landet. I min barndom var dagen knytt til eit lite lokalsamfunn, og på kvelden nasjonal feiring via NRK. I åra våre i Sør-Amerika, var det fest på «misjonen» om dagen og hjå konsulen om kvelden. Me gjekk i tog med norske flagg, pynta hus og hage, høyrde fine talar og song nasjonalsongane. Etterpå var det leikar og godt for både store og små.

17.maifest i Balestrand eit tidlegare år...
Gud var ein viktig del av nasjonaldagen, og me song glade «Gud signe vårt dyre fedreland» og  
Gud signe Noregs land, kvar heim, kvar dal og strand,
 Kvar lund og li!
 Han lat det aldri døy, han verje bygd og øy,               Han verje mann og møy
Til ævleg tid.


Dette er songar som ikkje berre er mindre brukte i dag, men der er krefter som aktivt arbeider for at dei  - og Gud, skal fjernast frå landet. Til og med krossen i flagget vil dei ha bort. Deira mål er å reinska ut alt som vitnar om sann gudstru og sant kristenliv både i skule og samfunn. Slikt vil føra oss og landet i ulukke! 

Derfor, nett i dag burde me hugsa visdomsorda til Elias Blix:
     Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,
     Me faafengt på Huset byggja.
     Vil Gud ikkje verja By og Land,
     Kann Vaktmann oss ikkje tryggja.
     So vakta oss, Gud, so me kan bu
     I Heimen med Fred og Hyggja!



Kampen mellom det vonde og det gode   
Eitt val avgjer vår framtid

Mine tankar går til Josva. På sine gamle dagar repeterte han for jødefolket korleis Gud hadde vore med dei. Landet Gud hadde lova dei, var no deira. Men den gamle gudsmannen såg ein fåre: At folket skulle venda seg bort frå Han som hadde fridd dei ut frå Egypt, og som hadde gjort si pakt med dei:

«Men synest de ikkje om å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane fedrane dykkar dyrka på hi sida av elva, eller dei gudane amorittane dyrka, dei som åtte det landet de no bur i! Men eg og mitt hus, vi vil tena Herren.» (Jos 24:15) (i)

Folket svara «Ja» der og då, men vende Gud ryggen trass i Josva si åtvaring:

«Når de vender dykk frå Herren og dyrkar framande gudar, vil han venda seg bort og la det gå dykk ille og gjera dykk til inkje, endå om han har gjort vel imot dykk før.» (Jos 24:20)

Bibelen fortel korleis det gjekk. Den som les Skriftene med ettertanke, ser at Josva sine ord gjekk i oppfylling både i det tidsspennet vår Bibel omhandlar, og i to tusen år fram til no.

Gud valde ut jødane for me alle skulle få del i Hans frelse og velsigning (1.Mos.12,3). Soga deira viser oss dessutan – uansett vår kulturelle og etniske bakgrunn, korleis det går når eit folk lyder sin Skapar, og når dei er ikkje gjer det. 

Mi bøn og von er at me som menneskje, og som nasjon, gjera rett val både i no og i åra som kjem.

--------------
(i) Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve. 

Alle bileta har eg teke sjølv. Det nedste er ein detalj frå inngangen i Hopperstad stavkyrkje (Vik i Sogn) der eg var guide nokre år.

----------------- 

Det er forbode å bruka tekst og bilete frå denne bloggen ute skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar