søndag 9. april 2023

 Israel i krise!

Israel har siste tida likna eit opprørt hav!
I år er det slik at jødisk Pesach og kristen påske er på same tid. Dei starta den 15. nisan som tilsvarar 5. april på vår kalender. Første kvelden, onsdag, hadde dei sitt rituelle måltid Seder med spesiell mat og minne-samtalar om utgangen frå Egypt.

Namnet Pesach, som er opphavet til vårt ord «påske», har opphav i Genesis (2. Mos) 12, 7 og 12-13. Det var då dødsengelen gjekk gjennom Egypt og slo i hel alt førstefødt av folk og dyr som ikkje var innanfor blodmerkte dørar.

Dette var den viktigaste av dei høgtidene Adonai (Gud) påla folket sitt, og er det også i dag. Sjølv om ein finn mange som ikkje tek si tru alvorleg, trur eg dei aller fleste jødar har ei eller anna form for markering, i alle fall i familien.

Påskeferie i Knesset.

Før Pesach starta, la Knesset ned aktiviteten for ein månad. Det stogga dei iltre protestane Israel har vore plaga av siste månadane. Netanyahu la lovforlaget om høgsterett «på is». Pausen seier ikkje noko om eventuelle forandringar i forslaget, men gjev både ein tenkepause og ei tid til eventuelle samtalar slik president Isaac Herzog har arbeidt for. 

Ein annan ting som er avgjerande, er at Ramadan i år også kjem samtidig. Ramadan fører oftast til politisk og valdeleg uro. Me her til lands får det i media, og som normalt stiller NRK sine «spesialistar» opp for å fordømma alt og alle som vinklast opp mot Israel sin rett til å forsvara seg! På den måten kunne dei godt køyrt reprise frå tidlegare år…

Kva skjer eigentleg?
Eit fredeleg og vakker landskap, kan det og finnast i politisk?

Eg har prøvt å fylgja med så godt eg kan, og då først og fremst ILTV og Jerusalem Post. Det som har forundrar meg mest, er ikkje det som skjer i Israel, men at det stadig kjem opp i tankane mine ein tekst frå Genesis (1. Mos) 32. Der er Jakob på veg tilbake til heimlandet. Han bur seg på å møta ein broren som kjem imot han med 400 mann.

«Då vart Jakob livande redd», står det først i vers 7, og han prøver på nytt med lureri for å berga seg or knipa. Men verste prøven kom då han var åleine der ved Jabbok-vadestaden.

Den natta fekk han besøk av ein som prøvde krefter med han, og som han ikkje greidde å vinna over. Striden varde til ein ny dag braut fram. Jakob hadde då fått hofta av ledd og hadde problem med å føta seg. Likevel ville han ikkje sleppa mannen før han velsigna han.(v.25-26). Og så kjem det:

«Då sa han til han: Kva er namnet ditt? Han svara: Jakob. 28 Han sa: Du skal ikkje heita Jakob lenger, men Israel, for du har stridd med Gud og menneske og vunne.» (1M 32:27-28).

Israel, det vil seia namnet Jakob, hans etterkomarar og landet fekk, vert omsett med «Ståande (med) Gud».(i)  Mannen (var det Gud sjølv?) grunngav namnet med «du har stridd med Gud og menneske og vunne».(v.28).

Skjermbilete frå Israel Today, 30.12.22
Er dette kampen Israel står oppe i no?

Eg har lyst å ta med ei julehelsing frå «Israel Today», 30.12.2022. Tanakh tilsvarar nokolunde vårt Gamle Testamente. Det var Jesu og hans etterfylgjarar sin «Bibel». Det er den heile Det nye Testamentet byggjer på med sine eksempel og si lære.

Artikkelen eg tenkjer på, hadde som tema at Netanyahu sitt mål som statsminister var at Bibelen Guds Ord skulle vera rettesnor for den komande regjeringa.  

Så langt eg som ikkje-jøde kan forstå, er problemet i Israel brytinga mellom dei  tradisjonelle og sterkt religiøse på ei side (- dei måtte med for at landet skulle få ei fleirtals-regjering), og på hi sida dei moderne ikkje-religiøse og/eller berre «tradisjonelle» israelarar.

Jakob skulle møta si eiga fortid med velsigninga han hadde lurt til seg, - og ein bror som hadde god grunn til å ta hevn.

Den nattelege kampen ved Jabbok, og den velsigninga han der fekk, gjorde at han overlevde møtet med broren, og at han vart til det Gud hadde planlagt heilt opp til vår tid....

Kanskje Israel av 2023 har nådd det same kritisk punktet? 

Jakob fekk sitt namn og si framtid knytt til det Gud (Adonai) sa. På same måte trur eg Israels notid og framtid er uløyseleg knytt til Guds vilje og plan

Ha ei riktig god påskehøgtid!

--------------- 

(i) https://www.bing.com/search?q=kva+betyr+namnet+Israel (teke ned 07.04.23)

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

------------------ 

Som alltid er det forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar