søndag 23. april 2023

Yom HaZikaron laShoah ve-laG'vurah

Alt i 1949 vart det i Israel innstifta ein minnedag med det namnet som står over desse linjene. Det betyr «Minnedag for holocaust og heroisme». Tanken var då å markera både holocaust og motstanden jødane hadde gjort mot nazistane.  I 1951 fastsette så Knesset ved lov ein offisiell minnedag som utanfor Israel vert kalla «Yom HaShoah», og som vert markert den 27. Nissan på den jødiske kalendaren. Det er på vår kalendar i april eller mai.

Midt i storpolitiske og internasjonale forhandlingar inntok Tyskland overraskande delar av Polen 17. september 1939. Litt seinare gjekk russarane inn i same landet frå sin kant, og landet vart delt i to.

Warzawa-gettoen

Frå første dag forfylgde nazistane jødar, og etter kvart samla dei alle jødane i eitt avgrensa omåde. Warzawa-gettoen vart dermed ein realitet frå 1941. Den hadde ein tre meter høg mur rundt eit stort område av Warzawa, og portar der tyske vakter kontrollerte alt og alle som skulle ut og inn. Totalt var over 450 000 jødar samla der (i), og mangel på mat og medisinar m.m. skapte store lidingar. 

Deportasjon og vald gjorde at berre rundt 37 000 kom til å overleva krigen.(ii) Talet på dei som døydde av svolt, sjukdom og under øydelegginga av gettoen, har eg ikkje funne.

Eg hugsar eg for mange år sidan las ei bok om dette opprøret. Der stod kor splitta jødane var midt i all forfylginga. Nokre ville ta til våpen, medan andre prøvde å hindra alt som dei trudde kunne gjera tilhøva verre. Dei fleste vona, som jødane i vårt eige land, at krigen ikkje ville vara lenge, og at dei kunne gå tilbake til det livet dei hadde hatt før krigen. 

Opprørarane skaffa seg våpen frå forskjellege undergrunnsrørsler, utnytta kloakksystemet og «bunkersar» der dei gøymde seg og våpna sine. Forsvarsposisjonane deira var ofte på hustaka.



Faksimile av oppslaget i "Dagen".
«80 år siden opprøret i Warzawa-gettoen»

Under denne overskrifta i «Dagen» 19.04.23, hadde Marian Eigeles ein atikkel om det som hende der. Ho skriv at gettoen berre var meint som ein mellomstasjon før vidaresending til «Treblinka» og andre leirar.

Det var ungdomane som starta opprøret. Mange tilhøyrde alt «ZOB», ein jødisk motstands-organisasjon. Saman med dei kom kommunistar og ungdomar frå «Bund», ein ikkje-sionistisk-sosialistisk organisasjon. Seinare kom og den høgreorienterte organisasjonen «ZZB» med.

Mordechai Anielewic var den som leidde dette første vepna opprøret jødar gjorde mot nazistane under andre verdenskrig. Dei kom for alvor til syne då tyskarane 18. januar 1943 ville gjennomføra ein stor deportasjon til utryddingsleiren «Treblinka». Den deportasjonen greidde opprørarane å hindra.
Som svar gjekk 2 000 tyske soldatar med tanks og panser-køyretøy til angrep på gettoen den 19. april 1943. Motstandarane var 8-900 jødar med granatar, molotowkoktail og andre lettare våpen på hustak og frå høge bygningar.

Dei trange gatene gav ikkje plass til tanks, så øydelegging av bygningar ved brann og sprenging, var løysinga tyskarane valde.

Krigshandlingane varde ein månad. Då var Mordechai og dei fleste av forsvarane drepne. Dei som overlevde, rømde gjennom kloakksystemet så vidt eg hugsar, og slutta seg til den polske undergrunnsrørsla. Dei tyskarane tok til fange, vart sende til «Treblinka» eller drepne på andre måtar. 

I Israel vart det i 1943 grunnlagt ein kibbutz kalla «Yad Mordechai» til minne om leiaren for gettoopprøret, og i 1949 ein annan kibbutz dei kalla «Lohamei Hagetaot».

Presidentmøte ved minnesmerket over opprøret 2023

Tysklands president Frank-Walter Steinmeier, Polens president Andrzej Duda og Israels president Isaac Herzog var på minnedagen i år samla ved monumentet over opprøret i Warzawagettoen. Den tyske presidenten bad på sitt lands vegne, om tilgjeving for det vonde som skjedd her under krigen, og alle tre uttrykte inderlege ynskje om at slike overgrep aldri meir må skje. (iii)

Skjermbilde frå internett (v)
Kibbutsen «Yad Mordechai» vart øydelagt av Egypt i 1948

På same måte som jødane i Warzawa-kibbutsen opplevde krig og død, opplevde «Yad Mordechai» det i 1948. Kibbutsen, som ligg langt sør i Israel, vart angripen før det gjenfødde Israel var ei veke gammalt. Egypt gjekk til angrep med 10 000 soldatar. Ved sida av innbyggjarane i «Yad Mordechai», var der 20 soldatar frå «Haganah». (iv). Kibbutsen held stand til 23. Mai. Då tok egyptarane i bruk artilleri og skapte store øydelggingar. Dei som overlevde angrepet, rømde.

Kva kan me – både jødar og ikkje-jødar, læra av dette?

Eg trur svaret står i profeten Esekiel sitt 37. kapittel. Der får profeten sjå ein dal full av døde bein, og på Guds (JHVH’s) ordre profeterer han over beina:

«Eg tala profetord, som han hadde bode meg. Då kom det ånd i dei, så dei vart levande. Dei reiste seg opp og stod på føtene. Det var ein umåteleg stor hær.
11 Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!» 12 Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til Israels-landet.
13 Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav! 14 Eg gjev dykk mi ånd, så de blir levande, og lèt dykk finna kvile i dykkar eige land. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, seier Herren.
» (Esek 37:10-14)

At Israel, som stod utan ein hær i 1948 då arabarstatane gjekk til angrep, i dag har ein av dei mest avanserte hærane i verda, kunne berre skje med Guds /JHVH’s hjelp. Og, likeså lite som Noreg og andre lands hærar vart sette inn for å berga jødane i 1939-45, like lite trur eg dei vil gjera det neste gong noko liknande skjer! 

På dagar som denne når me minnest det som var, må me ikkje gløyma å sjå framover og spørja: Har verda endra seg så mykje at utsagnet «Dette skal aldri skje igjen», er truverdig? Faktum er at berre ein einaste hær i verda vil gå inn for å forsvara jødar: Den israelske. Det vi ser rundt oss, er aukande antisemittisme og vald mot jødar slik starta det i mellomkrigstida.

Gud /JHVH seier over førti gonger i GT/Tanakh, at jødane må venda tilbake til det landet som er hans, - eit land han gav dei for all tid.

Jesaia, den største og mest siterte profeten (i NT), skriv: «….dei som Herren har fria ut, skal venda attende. Dei kjem til Sion med jubel, med evig glede om si panne. Fryd og glede grip dei, sorg og sukk må flykta». (Jes 35:10).

Kan me seia noko anna enn «Amen» til det?

------------
(i) Det utgjorde om lag 1/3 av folketalet i byen på den tida.
(ii) https://no.wikipedia.org/wiki/Warszawagettoen (Teke ned 20.04.23.)
(iii) https://www.jpost.com/diaspora/article-739648 (Teke ned 20.04.23.)
(iv) «Hagannah» var den sionistiske halsmilitære gruppa som kjempa mot britane, og som vart grunnstammen i det israelske forsvaret då staten vart oppretta 14. mai 1948.                                                                                                                               (v) https://en.wikipedia.org/wiki/Yad Mordechai (Teke ned 21.04.23)

Som vanleg er bibelsitata frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

-----------------
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar