søndag 16. april 2023

 HaShoah

Ordet «Shoah» betyr på hebraisk øydelegging, ulukke eller katastrofe. Med den bestemte artikkelen «Ha» framfor, står ordet for det me kallar «Holocaust». Det du no les i bloggen min, skriv eg nett før den jødiske «Yom HaShoah» - «Holocaustdagen» 2023. Den startar 17. april når første stjernene kjem fram, og varer eitt døger. Fell dagen på ein sabbat, vert han flytt ein dag. På jødisk kalendar er datoen  27. Nissan år 5783.

Yom HaZikaron laShoah ve-laG'vurah

Alt i 1949 var det laga ein minnedag dei kalla med det namnet som står over desse linjene. Det betyr «Minnedag for holocaust og heroisme». Tanken var då å markera både holocaust og mostanden jødane hadde gjort.  I 1951 fastsette så Knesset ved lov ein offisiell minnedag som utanfor Israel vert kalla «Yom HaShoah», og som vert markert på 27. Nissan. Det vert på vår kalendar april eller mai.(i)

Først 54 år seinare vedtok FN ein internasjonal minnedag for nazistane sine ugjerningar i Auscwitz. Dei valde å bruka ein annan dato enn dagen jødane hadde bestemt, og valde datoen då russiske soldatar frigjorde Auschwitz. Det skjedde 27. januar 1945.(ii) Ei grunngjeving for at dei valde ein annan dato enn Israel, kan vera at det ikkje berre var jødar som vart drepne i leirane, men og sigøynarar, politiske fangar, krigsfangar m.fl.

«Siste reis for Harry og Ruth»
Faksimile frå tittelsida.

Hin dagen fekk eg eit nummer av «Dag og Tid» med ein artikkel som abonnenten trudde interesserte meg! Artikkelen, skrive av Håvard Rem, var informativ og velskriven. Bakgrunnen for artikkelen var åttiårsmarkeringa av norske jødar som vart sende til Tyskland med MS «Gotenland». Ei markering av arrestasjonane i Trondheim (på jødane sin gravplass) skreiv eg om i ein tidlegare blogg. Markeringa «Dag og Tid» fokuserte på, er då jødane frå Trondheim saman med ein del andre, vart sende frå Vippetangen i Oslo.

MS «Gotenland»

Til no har eg trutt at MS «Gotenland» var tysk, men det var feil. Båten vart bygd for den norske reiaren Klaveness, og vart rekvirert av tyskarane som troppetransportskip. Båten fekk mange namn før han gjekk til opphogging i Shanghai. Då heitte han MS «Esperanza», - fritt omsett: «Håpet». 

«MS «Gotenland»-deportasjonen liknar eit oppsamlingsheat»

Illustrasjonen til artikkelen.
Slik formulerer Rem det han skriv om den turen båten hadde med dei som ikkje hadde kome fram til MS «Donau» drog frå Oslo 26. november 1942. Då var 532 norsk jødar om bord. MS «Gotenland» la frå kai på morgonen 24. februar 1943 med 158 norske jødar. I mellomtida hadde det tyske skipet MS «Monte Rosa» teke med seg 21 jødar 19. november 1942, og ei veke seinare 26 jødiske menn i lag med diverse politiske fangar. Med dette «opsamlingsheateet» vart 736 norsk jødar sende til dødsleirane.(iii)

Harry og Ruth

For å gjeva dei deporterte «ansikt», fokuserer artikkelen på Rebekka Sakolsky og dotter hennar, Ruth på tre år. Dei hadde vorte henta frå Tromsø. I same lasterommet var Eva Shortland og yngstemann om bord, Harry, som kom frå Harstad. Harry var berre 18 månader. Borna var syskenborn, og på Jødisk Museum i Oslo kan ein få sjå ting som er knytte til desse to – og frå mange andre som vart sende i døden dei dagane i 1942 - 43. 

Eit augnevitne

Ein av dei som var om bord den tragiske februardagen i 1943, var den jødiske dokteren Leo Eitinger frå Bodø. Som ein av dei få overlevande, kom han tilbake til Noreg og vitna i Salten forhørsrett i Bodø. Det han sa, står i boka «Øyenvitner. Rapport etter norske jøders hjemkomst frå konsentrasjonleirene».(iv) Eitinger fortel at dei to svigerinnene med borna vart sende rett i dødskammera då dei kom til Auschwitz. Berre nokre få unge jenter vart førde bort til ein annan plass. Kva som hende med dei, veit han ikkje, men i november 1944 vart det opplyst at det ikkje fanst levande norske kvinner i leirane.

Eg vil gjeva bladet og Håvard Rem ros for den plassen dei gav denne markeringa. Takk skal de ha!

Må me aldri gløyma den uretten og dei overgrepa som nazistane og deira medhjelparar gjorde både i Auschwitz og her i vårt eige land. 

------------------ 

(i) Yom HaShoah - Wikipedia                                                                                                                        (ii) Den internasjonale holocaustdagen – Wikipedia                                                                                      (iii) Denne informasjonen har eg teke frå forskjellege stader på internett om jødetransportane.                  (iv) Dinamo Forlag, Oslo 2012.

--------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete elles tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar