søndag 4. juni 2023

Ei forunderleg forteljing

Der er ein fordel med spesialinteresser: Snille folk omkring ein ser ting  og gjev ein «Tips». Nei, ikkje slike ein gjev på restaurantbesøk, men nokre velmeinte ord som «Har du sett det…?» eller «Kjenner du boka …?» 

Slik ser boka ut
Eg har slike folk rundt meg, og derfor har eg sett alt det som fanst på internett har om Nürnberg-prosessen. Delvis to gonger for å få med mest mogeleg.

Og så boka «Maskoten» av Mark Kurzem. Lat meg seia det med ein gong: hadde det ikkje vore for biletet og kopiar av brev i boka, hadde eg sagt det var ein bløff alt saman. Det trudde også dei «offisielle» jødiske kontaktane forfattaren kom i kontakt med!

Jødeguten som var maskot i ein SS-dødsskvadron

Alex var berre fem år gammal då han stakk av frå eit av «Einsatzgruppen» sine jødemassakrar. Seinare, som vaksen og familiefar i Australia, fortel han dei gamle og vonde minna til sonen Mark. Etter det får me fylgja Mark sitt arbeid med å nøsta opp alle dei lause trådar i faren sin forunderlege minnevev.

Me møter guten som vart soldatane sin maskot og brukt i propagandaen deira. Dei sydde saman soga om korleis soldatane hadde funne han forkomen inne i dei russiske skogane, og indoktrinerte han om kven han var.  

Vegen for denne guten gjekk vidare som «soldat» og "underoffiser", og seinare møte med familien som eigde sjokoladefabrikken «Laima Sjokolade». Eigaren av sjokoladefabrikken og kona var det som, då krigen var over, tok han med til Australia og gav han ein ny start i livet.

Ein av illustrasjonane i boka.
Er det mogeleg?

Den snille soldaten som oppdaga at guten var omskoren (i), prenta inn i femåringen at ingen måtte få sjå han naken! Det ville vera det same som døden. Det mest utrulege i heile boka er at korkje soldatane og deira medspelarar oppdaga sanninga. 

Så får me fylgja soga heilt til Alex som gamal kjem tilbake i heimen der han hadde hatt sine første og lukkelege år. Der får han møta dei som er att av familien hans, og får detaljane som mangla i minna om dei forferdelege dagane der i Koidanov (ii). Han får og vita sitt eigentlege namn.

Starten på jøde-utrydjingane

Massedrapet av jødane i landsbyen Alex kom frå, skjedde i 1941. Det var der og då drap av jødar starta for alvor.

«Einsatzgruppen» var soldatar som stod under tysk leiing. Dei drap jødar først for fremst med skyting etter at dei hadde tvinga dei å grava store felles-graver. I boka les me at dei drap borna med bajonettane, i tillegg til dei som vart brende inne i husa, slik synagogebrannen boka fortel om. Litt seinare i boka (iii), er Heinrich Himmler omtalt. Han vitja Minsk i juli 1941. 

«Hensikten med Himmlers besøk var angivelig å skaffe Lebensraum for vesteuropeiske jøder som skulle deporteres østover. Med dette som bakgrunn var Himler oppsatt på å se at jødene i Hviterussland ble ryddet av veien, og det var på den tiden han beordret at de skulle starte med sine Aktionen i området. (Dette var før Wannsee-konferansen i januar 1942, og Endlösung - den systematiske bruken av gasskamre og dødsleirer – var ennå ikkje igangsatt. I tiden før konferansen i Wannsee hadde vanligvis metoden for å rense Øst-Europas landsbyen og småsteder for jøder, vært å skyte dem én etter én og legge dem i massegraver)»

Den mentale belastninga på soldatane

Informasjonen på baksida av boka.
Andre stader har eg lese at mange av dei tyske soldatane fekk psykiske problem som resultat av desse «aksjonane», og at Hitler var skuffa over at mange deserterte eller prøvde å tas sine eigne liv. Det same kan me sjå i informasjonen om dei norske som melde seg som soldatar i dei tyske styrkane i Aust-Europa. 

Metoden tyskarane utnytta i Aust-Europa, brukte for mykje ammunisjon og gjekk for hardt ut over troppane sin mentale tilstand. For å unngå dette, vart det leitt etter billegare og meir industrielle metodar slik det seinare vart utbygt i Auschwitz. 

Kanskje nett på grunn av dei umenneskelege påkjenningane på soldatar og andre, var denne guten – maskoten – god å ha? I alle fall fekk han dela ut sjokolade til dei som skulle sendast i døden, og i propaganda-filmen leika «fredeleg» med andre born, inkludert i jenters nasjonaldrakt.

Kan slikt skje i verda att?

For få år sidan, ville eg ha sagt: «Det har eg vanskeleg for å tru». Men etter eit år med soldatar som utfører grove overgrep mot sivile i Ukraina, er svaret motsett:

Eg trur me vil få sjå liknande skje i verda i nær eller fjern framtid. Det vil nå oss alle, men når det trengst nokon å skulda på, er eg redd  jødane  er i fremste rekkja.

Vår eiga soge – og verdssoga – fortel det som om det var skrive med STORE BOKSTAVAR!
Du kan lesa det du og, - om du vil!

--------------------

(i) S. 73 i boka. På side 182 står: «Disse stod under tysk ledelse, men var i all hovedsak bemannet med baltiske frivillige styrker, politibrigader og den slags, og der utførte «Aktionen», som var deres betegnelse på de nådeløse gjerningene sine».  I «den slags» var kanskje dei norske frivillige inkludert…
(ii) Drapa i landsbyen Koidanov er datert 21. oktobewr 1941, men o boka grå det fram at ugjerningane føregjekk over to dagar grunna eit veldig uver i området.
(iii) 284 og utover.

----------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar