fredag 22. juli 2022

Smilefjes og andre fjes 

Ein av dei ting som ikkje fanst i gamle dagar, er emojiar. I meldingane eg både får og sender, finst blide eller sure, vakne, trøytte, gråtande eller leande emoji-fjes stadig vekk. I tillegg til hjarte og alle andre slags teikn og symbol. 

På norsk kunne me sagt «Biletteikn» som er den næraste omsetjinga av det opphavlege japanske ordet. Andre kallar dei for «ideogram» eller berre «smilefjes». Dette trass i at dei aller fleste smilefjesa i maskina og telefonen min, ikkje smiler. 

"Årets ord" i fonten JoyPixels versjon 2.2



Dei er laga for å visa om me er sure, søvnige, sinte eller for den del redde. Alle dei sinnsstemningar ei oppfinnarverd kan tenkja seg. Ikkje berre det, forresten. Son min, som veit så uendeleg mykje meir enn eg om dataverda, seier: «Kvifor lagar du ikkje dine eigne emojiar?» 

Det første vart laga i 1998 eller 1999 av Shigetaka Kuirita, fortel nettet meg. Ti år etter kom Apple med Unicode Consortium, før Unicode vart godkjent året etter. Totalt var det 2823 emojiar i Unicode standard i 2018. Ein emoji er til og med kåra til «årets ord» av Oxford English Diccionary 2015. 

Eit gode med emojiar er at dei ikkje har copyright. Og så går det så fort at me ikkje treng kjenna etter eller for den del gjeva andre innsyn i korleis me eigentleg har det. Inst inne… Men det får vera temaet i neste innlegget mitt. Berre vent… 

Men først litt eddik 

På wikipedia (https://no.wikipedia.org/wiki/Emoji) finn du mykje om emojiar, - også kritikk. Medan folk flest (slike som eg) brukar emojiar i vilden sky, har wiki plass til to kritiske røyster, ein professor emeritus i lingvistikk og ein litteraturvitar og skribent. Høyr kva dei seier: 

         Det er en form for latskap og ignoranse. Du gidder ikke å skrive en hel melding til venninna di, så             du sender bare et hjerte. Det er språkets kjønns-sykdom. Det er veldig artig å lage dem, men veldig             kipt etterpå


Eg må tilstå: Eg brukar biletteikn av rein latskap. Vane eller uvane, la gå, men eg ser ikkje parallellen mellom emojiar og gonoree for å ta eit eksempel. Eller spiroteken Treponema pallidum for den del. Eg har heller aldri høyrt at nokon «lagar kjønnssjukdomar», men at dei som får slikt, har det «veldig kipt etterpå». 

Ergo, for å vera på den sikre sida, bør eg gå over til ein emojifri livsstil? 

Ivar Åsen levde og døydde lenge før vår emojiserte tid, men han trefte spikaren på hovudet: 

        Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. 
        Ei Tru maa stydja upp-under. 
        Ei tru, som trøysta og styrkja vil 
        i myrke stormande Stunder. 
        Eg vonar, den Viisdomen hjelper mest,
        som med slik ei Tru kan semjast mest. 

JoyPixels versjon 2.2
Ein Ivar Aasen av no-tida, hadde brukt emojiar, han og. Det trur i alle fall eg. Til dømes denne!

«Shortcoden» av ei open bok finst i over 20 variantar frå forskjellege emoji-produsentar.  Minst ein av dei måtte vel vore midt i blinken for bokmannen og språkforskaren frå Sunnmøre, trur ikkje du det?



....................

Det er ikkje lov å bruka noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar