fredag 8. juli 2022

 

Sjølv gamle plantar  spirar...
Fortid, då-tid, notid og framtid

I skulen lærde me om verb, og då først og fremst hovudtidene fortid, notid og framtid. Fortida var eit uendeleg spenn av tid, bakover. I daglegtalen delte me så fortida i «då-tid», men det hadde ikkje grammatikken fått med seg. Men alle lagar me «då-tid» med «Den gongen då….» for å visa til ei visst tidspunkt eller ein  kortare periode av fortida. Slik slepp me dra med oss alle tusenåra frå Adam. Det er det snart 6000 år sidan, seier jødane. Dei fleste andre plussar på nullar etter nullar til det går heilt rundt for ein stakkar.

Så gammal som eg no er, ville det kanskje vera naturleg å vera mest oppteken med fortida, - den gongen alt var «så mye bedre». Men der er eg ikkje komen, endå. Trur eg. Om eg lever lenge, står det att å sjå.

Til no har dagane kome og gått utan at eg har lagt merke til dei store forandringane. Om dei omkring meg har merka noko, har det i alle fall ikkje ført til «påtale». Så langt eg hugsar.

Men noko dukka gong på gong opp i tankane mine under koronatida, skreiv eg sist. Tanken kom utan at eg bad han inn, men han vart verande månad etter månad. Ubedt jamstilte han «dåtida» – koronatida - med «fortida» for rundt rekna to tusen år sidan.

Men helst vil me vera i "full blomst"!
Det som dukka opp den dagen, var: «Brød og sirkus»!  Slik eg håttar det, var det under byrådsleiaren i Oslo sine sterke angrep på statsministeren og hennar stab som gav restriksjonar og pålegg som skulle hjelpa landet vårt gjennom pandemien. Og det var ikkje meterstokken som opprørde byrådsleiaren, men det at ikkje folk kunne få gå ut og kjøpa alkohol når dei ville og kvar dei ville.

Vår venstrevridde statskanal fanga inn heile hylekor frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Alle ville gå konkurs og til grunne personleg og økonomisk om ikkje dei fekk halda pubar, barar og andre serveringsstader ope så lenge som råd, og framfor alt servera den etterlengta alkoholen folket måtte ha. Det var som livet ikkje var verdt å leva utan.

Hadde koronaen vore som ei vanleg influensa, hadde eg sikkert ikkje tenkt meir på det, men temaet kom opp att og oppatt gjennom bortimot to år. Aldri har media og venstrepolitiske ytringar minna så mykje om «hakk i plata» som i koronatida. Sektorar innan underhaldning og servering fekk plass og vart påtenkt store hjelpepakkar av staten sine oljepengar. Det var der media – og opposisjonen – sette fokuset. Dag etter dag, veke etter veke, månad etter månad.

Om det hadde eksistert, ville eg gjerne lese ein statistikk over kor mykje både pengar, plass og tid i media underhaldnings- og utelivsbransjen fekk jamført med aktiviteten i kyrkjer og bedehus, inkludert hjelpearbeid i innland og utland. I mine auge må det vera som å samanlikna ein elefant med ei mus. Elefanten er så tung at han trakkar musa flat som eit frimerke om han får ho under foten, og det trur eg så gjerne denne «elefanten» og hadde gjort om han kunne!

Men er elefantar er redde mus! Det har eg høyrt, men kva veit eg som nordmann om det? Derimot veit eg at mus er kvikke og ikkje lette å fanga. Det same kan me seia om det manglande fokuset kristne forsamlingar og hjelpeorganisasjonar fekk under pandemien både frå staten og NRK. Trass minimal merksemd på vanskane koronatida skapte i samband med kristent arbeid, lever det vidare i beste velgåande. Drivkrafta i det er ikkje avhengig av staten eller oljefondet, men Gud og dei som lever med Ham.

Eg trur at media og særleg venstresida i det politiske miljøet som NRK representerer, gjorde dette bevisst. Den nye regjeringa som fekk oppgåva med å føra landet tilbake til normalen, gjer sitt beste for å neglisjera kristent liv og –arbeid, i tillegg til å motarbeida kristne initiativ i skule- og helsesektoren, og særleg på område innan  etikk og moral.

Men det får eg koma tilbake til under «Brød og sirkus»…..

 ---------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar