fredag 15. juli 2022

 

Brød og sirkus

Tittelen, som så mykje anna, har sitt opphav i romarriket. Store landeområde vart tekne og enorme rikdomar førde til Rom. Slavar utførde etter kvart det meste av fysisk arbeid, slikt som å byggja vegar, palass eller arenaer der folket fekk underhaldning med kappkøyring, gladiatorkampar og / eller drap og tortur av mellom andre jødar og kristne. Det politiske livet var merkt av intrigar og maktkamp, og den som ville ha makta, fekk ho ved å gje folket det dei ville ha: «Brød og sirkus».

Sjølve uttrykket «panem et circenses» som det heiter på latin, er mest kjend frå den romerske diktaren Juvenalis sine skrifter. Han levde frå om lag 55 til 135 e.Kr. og skriv satirisk om tilstanden i riket: «Gjev dei (folket) brød og sirkus, så vil dei aldri gjera opprør»[i].

Det var dette som dukka opp hjå meg då byrådsleiaren i hovudstaden la seg ut med Solberg-regjeringa sine innstrammingar for å få kontroll med pandemien: Hovudstaden, som resten av landet, fekk både kortare opningstider, «spiseplikt» og redusert alkoholservering. Det skapte opprør. Folk kunne ikkje ha det hyggeleg utan alkohol! Serveringsstadane ville gå under om dei ikkje kunne selja sprit, og dei stakkarane som såg med uvilje på studentar og andre som trassa reglar og hadde  fyllefestar, dei var mørkemenn, gledesdreparar eller kven veit kva.

Dei store utslaga festinga fekk på talet av sjuke og smitta, vart sett bort frå inntil same byrådsleiaren krov at regjeringa måtte favorisera hovudstads-innbyggjarane både med vaksiner og anna. Både protestane mot innstrammingane, og kravet om forfordeling av vaksiner m.m. til hovudstaden, undrar eg med på om det er utslag av same popularitetsjakta som den romerske eliten dyrka og som Juvenalis skreiv om?


Ei fylgje av koronaen var at me måtte setja ned farten, og til tider vart det full stopp!

Var / Er byrådet i Oslo avhengig av ein veljarmasse som føretrekkjer «Brød og sirkus» (for ikkje å seia alkoholservering) framfor ein ansvarleg og bokstaveleg talt «edrueleg» politikk? Då byråden kjempa for å tilfredsstilla alle som måtte ha sin «utepils» eller kva det no skulle vera, kjempa han for sitt eige politiske liv?

Me veit alle at ein stor del av Noregs budsjett går til kamp mot alkoholrelaterte sjukdomar, ulukker på grunn av alkohol med død og invaliditet som fylgje, i tillegg til andre menneskelege tragediar og kriminalitet. Det snakka han aldri om.

For å sitera ein annan romar, Cicero (fødd år 106 og død år 43 f. Kr.), statsmann, lovgjevar og kanskje romarane sin største forfattar: «Det galne var ikkje brød og sirkus i seg sjølv, men at folket var villige til å selja sine rettar som frie menn for fulle magar og opphissande spel som berre ville få dei bort frå andre menneskelege behov som brød og sirkus aldri kan tilfredsstilla».[ii]

Det sa han. Eg seier «Amen. Eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv!»

Som du ser, levde Cicero over hundre år før Juvenalis. Brød og sirkus-politikken var altså ikkje noko nytt då Juvenalis. Og typisk nok, der det budde mange romarar i det store riket, der er teater og arenaer dei viktigaste ruinane turistvertane viser oss.

«Norsk næringsliv går til grunne utan utanlandsk arbeidskraft»

Dette vart sagt fleire gonger under pandemien og gjorde at utanlandske arbeidarar ikkje berre fekk koma inn i landet når andre vart nekta, men dei fekk i tillegg koma på spesielle vilkår. Skipsbygging, oljerelatert industri og bygningssektor ville stogga om grensene vart hermetiserte, høyrde me. Og no, «etter pandemien» som enkelte likar å seia, har me eit skrikande behov for profesjonell arbeidskraft som landet ikkje har og heller ikkje kan skaffa utan omlegging av både skulesystem og prioritering innan yrkesval. For mange utanlands-arbeidarar fann seg arbeid heime eller i andre land.  

Utan slavane kunne ikkje romarriket fungera, og utan brød og sirkus-politikken kunne massane ikkje styrast, lærde eg som liten. Og Noreg pr. d.d.?

Ser du parallellen?

Burde me ta lærdom av deira feil?



[i] Mi omsetjing av «Give them bread and circuses and they will never revolt”.

[ii] Mi omsetjing av «The evil was not in bread and circuses, per se, but in the willingness of the people to sell their rights as free men for full bellies and the excitement of the games which would serve to distract them from other human hungers which bread and circuses can never appease”.

............................... 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar