søndag 1. oktober 2023

Yom Kippur  -   Den store soningsdagen

I dag, med eg sit og skriv dette, driv jødar over heile verda og førebur Yom Kippur.  Når dagen deira startar i kveld ved solnedgang, startar sjølv mange «verdslege» jødar 24 timar med faste og ettertanke. Grunnen? Fordi dette er dagen for forsoning og tilgjeving  mellom Gud (Adonai) og menneske»!
Soningsdagen vert innleidd i synagogen der dei ber «Kol nidre», ei bøn knytt til lovnader, og vert avslutta i morgon ettermiddag med lyden av bukkehornet og ynsket om «Neste år i Jerusalem»! Gjev dei alle ville få oppleva det!

(1)Faksimile frå Jerusalem Post i dag

Med erfaring frå «Yom Kippurkrigen» (1973) i bakhovudet, kan mange israelarar ikkje feira med familien eller i synagogen. Uroa, både inne i Israel og langs landegrensene, har gjeve illevarslande signal om dei farane som trugar dette vesle landet der inst inne i Middelhavet.

Mitt ynskje og bøn er at jødane, gjennom det dei les og siterer i samband med dagen, skal få dei til å gjera det dei les og ber om: Å koma i harmoni både med sin Gud og sine medborgarar, uansett kva politisk og religiøs merkelapp dei hengjer på kvarandre. (i)

Yom Kippur er viktig også for oss ikkje-jødar

Gud (Adonai) gav klåre instuksar om denne dagen i 3. Mosebok kapittel 16. Boka sitt eigentlege namn er Leviticus – levittboka, kjem med klåre pålegg om korleis alt skulle føregå den gongen Israel hadde tabernakel og seinare tempel. I dag har dei ingen av delane, men dei prøver å halda dagen heilag i heimane og i synagogane sine. Dagen er så heilag at han er einaste dagen på deira kalender som krev strengt sabbats-ritual, sjølv når dagen ikkje fell på ein sabbat.

Først soningsoffer for øvstepresten og «hans hus»

For at øvstepresten skulle kunna utføra gjerninga si denne dagen, måtte ein okse ofrast for han sjølv og «hans hus». Når han og dei hadde fått forlating for syndene sine, kunne han gå vidare i ritualet.
Deretter skulle det kastast lodd om kven av dei to geitebukkane som var valde ut, som skulle ofrast og gjeva blodet sitt så israelsfolket skulle få syndene sine tilgjevne. Den andre – «syndebukken», hadde ein anna, men like viktig plass i ritualet.

(2)Faksimile frå Asasel – Store norske leksikon (snl.no)
Azazel (3. Mos. 16,8)

Me finn dette namnet (ii) brukt i ei rekkje Biblar, og det er noko uklårt kva ordet tyder. Ordet skal bety «den vekk-sende», men vart med tida kopla opp mot ei djevelsk eller demonisk makt. Det er rimeleg grunn til å tru at dette ikkje stemmer.

Kva har dette å læra oss i vår tid?

Me og treng tilgjeving for syndene våre: «For på denne dagen skal det gjerast soning for å reinsa dykk, så de vert reine for Herren frå alle syndene dykkar». (3. Mos 16:30) Det var det dei opplevde. Dei trudde det Gud hadde sagt, lydde hans Ord, og vart reinsa for syndene sine på same måte som me vert det ved trua på Jesu offerdød på Golgata. Det lærer Guds Ord oss!

Hebrearbrevet

Dette brevet vart skrive til dei som levde under Loven. Der finn me Jesu øvste-prestlege gjerning grundig presentert.

Først kan me merka oss at Jesus ikkje trong gjera reinsing for eigne synder, slik det gamle øvsteprestane trong det: «For ein slik øvsteprest var det vi måtte ha – heilag, skuldlaus, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane». (Heb 7:26)

Derimot finn me soningsmotivet att i Det nye testamentet (NT). Der er Jesus syndofferet som den første bukken symboliserte. Om dette les me: «Og han (Jesus) er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men òg for alle i heile verda.» (1Joh 2:2). Og Johannes skreiv at Jesu blod reinar oss frå all synd. (1. Joh. 1,7).

Jødane hadde – og har – Loven («Tanack»), men ingen greier å oppfylla han: «Og at ingen vert rettferdiggjort for Gud ved lova, det er klårt, for: Den rettferdige av tru, skal leva.» (Gal 3:11).  Ut frå dette – og andre gudsord, ser me at tru og lydnad var grunnlaget for frelse og synds-tilgjeving. I det er det ingen skilnad på jødar og ikkje-jødar.

(3)Sendt ut øydemarka under ei brennande sol...

Kva så med «syndebukken»?

Me les at  Aron skulle leggja begge hendene sine på bukken og sanna «alle misgjerningane og lovbrota og alle syndene åt Israelsfolket» (16,21). Etter det skulle bukken sendast åleine «ut i øydemarka».

Den første bukken var sentrum i eit relativt kort og avgrensa rituale. Det andre -«syndebukken», vart sentrum i ein mykje lenger prosess. Så lenge denne bukken overlevde, skulle han gå åleine (iii) og bera folket sine synder og ugjerningar. Det var ei oppgåve han aldri kunne sleppa fri!

Stemmer «syndebukken» med bibelens Jesus-motiv?

Peter skriv at Jesus «bar» våre synder opp på korset (1. Pet. 2,24), men for meg viser det sitatet til offeret den første bukken symboliserte. 

Eg, reint personleg, tenkjer på det som stod i den gamle bokmålomsetjinga til Bibelselskapet av 1930. Der står at Jesus, som øvsteprest også var «en som kan bære over med de vankunnige og villfarende». (Heb.5,2a).  Norsk Bibel brukar derimot orda: «Han kan ha medkjensle med dei vankunnige og villfarne». Begge omsetjingane er til ein viss grad samanfallande, men «å bera over med noko» er for meg djupare og indikerer eit lengre tidsperspektiv. Den som «ber over med» ein drikkfeldig ektemake eller har eit barn med rus- eller andre alvorlege problem, har ein annan relasjon til problemet enn berre «medkjensle».  Det er tung og ofte langvarig bør å bera...

Eg, og då snakkar eg for meg sjølv, veit at Jesu mange gonger måtte «bera» med mine synder og manglar. Sjølv som såkalla «gammal kristen», er lovnader eg ikkje har oppfylt, og mykje godt eg burde ha gjort, men ikkje gjorde, noko Jesus har "bore over med". På den måten har handlingane  mine– eller mangelen på handlingar - vore ei «bør» Jesus måtte «bera» for mi skuld. Det og er ein del av frelsargjerninga hans.

Som jødane stadig synda og gjorde feil den gongen, er eg i same situasjonen, sjølv om eg trur offeret for mine synder vart gjort for 2000 år sidan! Menneskeleg svakheit og synd er ikkje noko som kan strykast ut i ein eingong. Det er noko som varer så lenge me lever. Det hadde me ikkje greidd om ikkje Jesus bar børa for oss!

Men…

Ein dag skal også dette få sin ende. Då er me komne dit Johannes’ openberring skildrar i sine siste kapittel. Det er noko stort me kan gle oss til!

-----------------  

(i)Eg tenkjer av og til på korleis romarane kom inn og tok makta over Jødeland. Det skjedde ikkje slik som i andre land. Nei, det var to jødiske fraksjonar som etter den vellukka reinsinga av gresk styre og dominans, hamna i krangel og kamp om makta. For å vinna over dei jødiske motstandarane sine, bad den eine romarane å hjelpa seg. Me norske har ordtaket:  «Gjev du først «ein viss mann» veslefingeren, tek han snart heile handa». På same måten kom romarheren og tok heile landet. Då dei vart «ferdige», låg Jerusalem og landet i ruinar. Hundretusenvis av jødar var drepne, og jødiske fangar vart mellom anna brukte som faklar då romarane – med hjelp av krigsfangar, bygde Via Appia. På den måten kunne det arbeidast til og med på natta!
(ii) I norske Biblar gjerne skrive «Asasel».

(iii) Geiter er flokkdyr, men syndebukken måtte gå sin veg åleine i øydemarka. Jesu einsemd finn me nemnt fleire stader i NT, og til dømes i sangen «Det var alene Jesus led»

(1) Faksimile frå Jerusalem Post, https://www.jpost.com/breaking-news/article-760348, teke ned 24.09.23.
(2) Faksimile frå «Store norske leksikon», https://snl.no/forsoningsdagen, teke ned 24.09.23.
(3) Bilete eg tok i Israel.


---------------

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar