søndag 29. oktober 2023

Takk  og lov for MIFF!
Skjermbilete frå MIFF si side.

Ein av dei organisasjonane som eg er glad i , er «Med Israel for fred» (MIFF). Dei gjer ein god jobb for å visa verda den skeive dekkinga av Israel både i lærebøker og i media.  

Gong på gong har deira grundige gjennomgang av det som vert servert til norske born og ungdomar i vårt offentlege skuleverk, vist kor feil omtalen av Israel er. I nokre tilfelle har ting vorte retta, oftast vert ingen ting gjort, og i nokre tilfelle har resultatet vorte verre. Dette og meir kan du lesa på MIFF sine sider på internett.

Forlaga, og departementet som har ansvar for kva som skal inn i skulen, ser ut til trufast å fylgja ei venstrevridd og anti-israelsk linje.  

Terror-indoktrinering  finansiert med norske bistandspengar

Det same gjeld lærebøkene i dei såkalla palestinske områda. Der vert borna opplærde i terror, og drap av jødar gjev heltestatus.  I tillegg får terroristane løn etter prinsippet: «Pay for slay» (= Lønn for mord), finansiert at organisasjonar som kallar pengane  for «bistand».  

For eit halvt år sidan stod det i israelske media om ein mann som hadde mist jobben, og mangla pengar til å brødfø seg og sine. Dermed gjekk han til angrep på ein jødisk kontrollpost. Hadde han greidd å drepa ein jøde, eller helst fleire, ville han få løn resten av livet. Men det gjekk dårleg, for han vart skoten av dei han ville drepa.Om familien fekk løna han vona på, vart ikkje fortalt.

Kvar NRK får informasjonen sin frå

«Dagen» i dag, 23.110.23, hadde eit stort stykke på side 14-15 med overskrifta «MIFF krever at norske medier ber Israel om unnskyldning – slik svarer  NRK». Artikkelen tek utgangspunkt i det såkalla åtaket på eit sjukehus i Gaza der NRK gav Israel skulda for raketten, og at 500 menneskje vart drepne!
Opphavet til NRK sin informasjonen var Hamas som straks raketten landa, fekk publisert deira versjon av saka over heile verda – med NRK og andre venstre-media si hjelp! Ein plass eg såg saka referert, vart det fortalt av taket hadde falle ned over dokterar stod og opererte.

Bilete av oppslaget i "Dagen" 23.10.23.

No viste seinare bilete som kom ut frå Gaza, at raketten som landa på Al Ahli-sjukehuset, fall ned utanfor sjølve bygningen. Den eksplosjonen kunne umogeleg ha kosta 500 menneskje livet! Kanskje var det 50 omkomne, har eg sett. 

Israelske militære seier at dei ikkje har skote mot sjukehuset, og at dette var truleg ein «heimelaga» rakett som tok feil retning. Så langt dei og andre kunne seia, var det ein rakett som eigentleg skulle inn over Israel, men som gjekk feil og landa på sjukehusområdet. Av dei hundrevis rakettane frå Gaza mot Israel, landar rundt 20 % prosent av dei inne på Gazastripa. Dødstala frå desse nedslaga, skal vera store seier israelske media.

NRK-sin utanrikssjef, Sigurd Falkenberg, forsvarar at dei gjekk Hamas sitt ærend i denne saka. Han – og leiinga i NRK, vil heller ikkje koma med noko orsaking for løgna dei  spreidde.

Hamas, NRK si viktigaste kjelde for informasjon?

Falkenberg forsvarar seg slik: «Hamas er en bevegelse som styrer Gaza med både en væpnet og en ikke-væpnet fløy», og han meinar NRK framleis kan bruka og ha tillit til den informasjonen terrorist-organisasjonen sender ut. Det same gjer han som er NRK sin Midtausten-korrespondent for tida, det kan det vanskeleg vera tvil om. Og eg spør: Trur dei verkeleg at desse to delane av terrororganisasjonen ikkje har nokon som helst kontakt seg i mellom? At dei eine er eksponent for drap, valtekt, mishandling og tortur av sivile, og den andre delen er demokratisk, rettferdig og sannferdig i alt det dei seier og gjer?

Hamas sin «offisielle» talsmann fortel verda til dømes at under overfallet av Israel «drap dei ikkje sivile»! Kven var det då som skar strupen over på  jødiske småborn eller batt jødiske sivile, låste dei inne og brende dei levande, - og så vidare?

I lommene på falne Hamaskrigarar fann Israel både instruksjonar for oppdraget, som var å drepa sivile, for å skapa mest mogeleg redsle og gru, i tillegg tablettar som sette terroristane i ekstase så dei korkje var redde eller hadde grenser for kva dei gjorde!

Mediadekninga til NRK går på helsa laus

For meg og andre som elskar Israel, er NRK og deira linje mot Israel, til å verta sjuk av. Både psykisk og fysisk.

I ein periode i Sør-Amerika var det naturleg for oss å bruka adventist-sjukehuset i Asuncion. Dei tilrådde periodevis faste. Då fekk kroppen kvitta seg med skadelege avfalls-stoff, sa dei. Det var nødvendig for at me skulle ga god helse!

Eit oppbyggeleg og avslappande motiv, ikkje sant?

Som du såg i førre bloggen, har eg starta NRK-faste for eit par veker sidan. Og sant skal vera sagt: Det har hjelpt!

Verda er full av informasjon om det som føregår i Midtausten. Eg finn alt eg vil ha i både norske og utanlandske media. I tillegg kan eg gjer nyttige ting i den tida «Dagsrevyen» har vore fast post på programmet. 

«Forglemmeiei»-biletet er ferdigsydd. No har eg starta på eit eg vart spurt om å gjera ferdig då eg var i England. Dermed brukar eg framleis dagsrevytida til noko nyttig og avslappande. Om eg er «rekonvalesent» eller berre «konvalesent», veit eg ikkje, men å brodera på vakre, greske (?) konvalar er sunnnare for helsa mi enn det "Dagerevyen" serverer....

Prøv du og, så skal du sjå kor godt det gjer!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar