søndag 8. oktober 2023

Ei gledefest

No, med eg sit og skriv her i Noreg, feirar jødar over heile verda «Sukkot», på norsk: Lauvhyttefesten. Høgtida vert og kalla «Innhaustingsfesten» fordi han markerer slutten på innhaustinga i Israel. På den jødiske kalenderen startar festen den 15. dagen i månaden Tirsi, og varer i sju dagar. Første og siste dagen er full sabbat, men dagane mellom vert gjerne kalla «halv sabbat» då ein del arbeid kan verta gjort.

For jødar utanfor Israel varer festen i 8 dagar, då det er vanleg å avslutta festen med ein dobbel sabbat. Den siste av desse er knytt til Toraen (Loven).

Det spesielle med denne festen er at jødane lagar seg «hus» ute der dei kan bu og eta denne veka. Slik budde dei under vandringa frå Egypt til Jødeland, og slik budde dei under innhaustinga då dei var komne inn i landet. 

Sukkot: The Jewish holiday where God commands you to be happy - opinion - Faksimile frå      "The Jerusalem Post" (jpost.com)
Ruts bok vert lesen i denne tida. Der les me om innhausting slik det vart gjort i gamal tid, og om korleis folk sov på treskeplassen. (Rut 3,1 ff). Dermed kunne dei halda vakt over det som var hausta inn, samstundes som dei kvilte og markerte at onna var over.

Ei lovpålagt gledefest

Jødefolket fekk Loven i Sinai. Det står i Exodus (2. Mosebok).  Seinare, i Leviticus (3. Mosebok), fekk dei utfyllande lovar, reglar og forskrifter. Påska vert omtalt der i kapittel 23,5-14, pinsa i vers 15-22, og til slutt lauvhyttefesten i vers 34-43.

Denne festen kjem nett etter den store soningsdagen, Yom Kippur (kap. 23,24-32), som er den viktigaste dagen på den jødiske kalenderen: «Ein høgheilag sabbat skal den dagen vera for dykk, og de skal fasta. Om kvelden den niande dagen i månaden, frå den eine kvelden til den neste, skal de halda sabbatskvila dykkar.» (Kap. 23,32).

Tre gonger for året skulle alle menn koma fram for Gud «på den staden han vel seg ut» (5. Mos.16,16). Denne staden varierte så lenge dei hadde Tabernaklet, men vart frå Davids tid Jerusalem (1. Krøn.15). Seinare bygde Salomo tempelet der. I dag seier jødane «Neste år i Jerusalem» til kvarandre. Kanskje opphavet til denne helsinga kjem frå deira plikt å koma til Jerusalem på desse festane?

Preparing for Sukkot, the Feast of Tabernacles, in Jerusalem - Faksimile frå "Israel Today".
Festreisene

Song har alltid fylgt Guds folk, og frå Salme 120 til 134 startar salmen med «Ein song til festreisene». Medan dei andre poetiske tekstane i denne jødiske songboka dreiar seg om forskjellege sider av menneskelivet, tilhøve til Gud og diverse profetiske utsagn, var desse 15 salmane skrivne til bruk under dei obligatoriske reisene til Jerusalem.

Då Jesus var 12 år gammal, det siste året han etter jødisk skikk var barn (i) (Lukas 2,41-51), reiste han med foreldre og slekt til Jerusalem. Det er rimeleg å tru at han då både kunne og song desse gamle salmane.

Festen omtalt i fleire av Bibelens bøker. Til dømes Nehemias 8,14 ff. fortel om den iveren dei jødane som hadde kome heim att, la i feiringa: «Og heile lyden, dei som var komne att frå fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. For frå Nun-sonen Josvas dagar og like til denne dagen hadde Israels-borna aldri gjort noko liknande. Og gleda var stor mellom dei» (Neh 8:17).


Kvifor flytta ut og bu slik?

For meg ser det ut til å vera to ting som var viktig: Først at folket skulle minnast utgangen frå Egypt og dei lange og tunge åra fram til dei var fast busette i Guds eige land: «Jorda må ikkje seljast for alle tider, for landet høyrer meg til. De er framande og gjester hjå meg» (3. Mos. 25:23) (ii).

Israel, innanfor dei grenser som Bibelen trekkjer og som Balfouravtalen bygde på, er altså Guds del av denne jorda. Jerusalem er byen som Gud sjølv har valt seg ut «for å lata sitt namn bu der» (5. Mos.12,5 / 1.Kong.5,3-5). 

Festen skulle vera ein gledefest der folket skulle minnast det herlege Gud hadde gjort for dei, og gjeve dei. Han markerte samstundes at innhaustinga var over. Dei kunne no gle seg over at det dei skulle leva av til neste haust, var kome i hus. Også det ei påminning om Guds omsorg og hjelp.

Burde me ikkje-jødar feira «lauvhyttefest»?

Eg skulle så gjerne feira det med jødane, og eg unner dei alt det beste både på denne jorda og det komande. Men det viktigaste er ikkje festen si ytre ramme. Me ikkje-jødar, nett som dei, gløymer for lett fortida og at alt det me er og har, er eit resultat av Guds nåde mot oss. 

Noreg hadde aldri vore der me er i dag om ikkje folk før oss hadde bedt og arbeidt, omvendt seg frå syndene sine og søkt Guds ansikt for land og folk. Ja, me og haustar der andre sådde med gråt (Salme 126).

Når alt kjem til alt, har korkje jødane eller me så mykje å rosa oss av. Me kan alle seia med vismannen (Klag 3:22): «Herrens nåde er det at det ikkje er ute med oss. Hans miskunn har enno ikkje teke slutt.»

........................... 

(i) Når ei jente vert 12 år gammal, feirar familien «bat mitsva». Gutar feirar «bar mitsva» når dei er 13 år gamle, altså eit år seinare. Religiøst sett går dei då over frå barnestadiet til vaksen. Frå då av har dei pliktene og levereglane som dei vaksne.
(ii) Understrekinga er gjort av meg.

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne blogen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar